Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

søndag 29. august 2010

Ein ugløymeleg fjelltur

Planen var å gå på Lifjellet i dag. Vêrmeldingane lova sol. Men skodda låg godt nede i fjellsidene då eg stod opp, og det regna... Vart litt skuffa. Ikkje særleg aktuelt å bestige "kjennemerket" til Hyllestad kommune då. Men her om dagen gjorde vi ein aldri så liten avtale, eg og Hanne, om at regn og ruskevêr ikkje skulle stoppe oss frå å gå på fjellet. Så ein fjelltur ville vi no ha i dag likevel. Etter å ha utveksla nokre sms'ar, vert vi einige om å gå på Leineheia og Solheimskulten.

Eg pakkar litt niste, turgodt og ekstra tøy i sekken. Snører på meg fjellsko og får hundeburet i bilen, mens Trym svinsar rundt meg med logrande hale, og sit utolmodig og ventar på at eg skal opne døra i buret, slik at han kan hoppe inn. Han kjem seg aldri fort nok avgårde når han veit at vi skal på tur... Så hentar vi Hanne og Trixie, og set kursen mot Solheim. Vêret ser slett ikkje ille ut heller. Det har letta fint.

Det er vått i løypa. Veldig vått enkelte plassar. Men med Gore-tex-sko er det ingen problem. Dessutan er det no ikkje uvanleg at vi traskar i skit og søle på desse fjellturane, så det stoppar oss ikkje. Vi passerer vakre Strandosdalen med vatn og fossefall, og går vidare opp forbi Strandosstølane. I "vegkrysset" tek vi til venstre - mot Leineheia. Vi skal tilbake hit etterpå, og ta til høgre mot Solheimskulten. Det er lett og fint terreng innover heia. Hundane spring fornøgde rundt oss. Trixie er nett som ein bomullsdott der ho fèr avgårde på små, lette føter, med ein kvit, bustete hale i høgde med røsslyngen. Sola skin no, og det er perfekt temperatur til å gå i fjellet.

Vi skriv oss inn i boka på Leineheia, 570 m.o.h.  Speidar utover Skilbreia og bort mot Dingsøyrstølen på den andre sida. -Skal vi heller gå dit i stadenfor på Solheimskulten? spør Hanne. Eg syns det er ein god idè. Har aldri vore der før, og det er alltid kjekt å gå i nye trakter. Vi traskar avgårde nedover mot elva og kryssar den. Aiii - der fekk eg vatn oppi den eine skoen i det eg skal bykse frå stein til stein... Ja-ja, det er slikt ein må rekne med! Vi kjem inn i eit litt kronglete felt med ein del vegetasjon. Hmmm... Går det ikkje ein sti her? Eller eit dyretråkk? Men vi tek oss no fram ganske greit likevel, med litt forsiktigheit ned gjennom ei lita ur, og straks etter blir det lettare terreng, der vi stort sett har ein sti å fylgje.

Så kjem stølen til syne. Tre stølshus på rekke og rad. Ein flokk sauer står og lurer fælt på kva vi har der å gjere, midt i matfatet deira. Røsslyngen er eit syn for auga akkurat her, med sin skarpe, rosalilla farge. Også den søte, honningliknande lukta er intens der i solvarmen. Mmmm... Finst det noko finare enn å gå slik i naturen og bruke sansane?

Etter vèl to timars gange og 789 svidde kaloriar, ifylgje pulsklokka mi, kan vi sette oss ned og ta ein god matpause. Vi tek oss litt til rette, og "låner" eit steinbord og ein benk som står utanfor eine stølsbua. Og attåt nista kan vi nyte den ubeskrivelege utsikta. Snakk om perle! Det er nesten vindstille, og sola skin frå lettskya himmel. Framfor oss ligg Skilbreia stor og blå, omkransa av fjelltoppar og vidder. Så heldige dei er, dei som har stølshusa sine på ein slik plass! Her kunne eg godt ha site lenge, ein slik vakker dag som i dag.
Etter ein god kvil tek vi til på returen. Vi traskar tilbake der vi kom i frå. Langs dei små, idylliske vikane i vannkanten. Opp nokre knausar. Gjennom lyng og vier. Mellom lave fjellbjørker. Ein kjent kar står og fiskar ute på ein liten odde. Vi bestemmer oss for å stikke bortom og ta ein prat. Han viser stolt fram ein flott aure. Så har dei nok middag når han kjem ned att på hytta til kona:) Vi må stoppe der og helse på henne òg, seier han. Det vil vi gjerne. Ho er ein gammal kollega av meg, og eg har ikkje sett henne på lang tid.

Praten går livlig medan vi vandrar vidare. Eg har tømt drikkeflaska mi, men fyller ho opp att med friskt og godt fjellvatn i ei lita elv. Det går fort nedover no. Snart ser vi hytta til det eldre ekteparet. Trixie har tatt ein liten omveg, så Hanne må ta ein svipp for å finne igjen den vesle "bomullsdotten" sin, som høyrer litt dårleg på sine gamle dagar. Så eg går mot hytta åleine. Eg ser ingen i det eg opnar grinda og går inn på den vesle, velstelte plenen. Døra står open, så eg ropar inn. Like etter kjem blide Margit ut. "Men ka i alle daga'! E da Jannicke?", utbryt ho overraska. Straks blir vi bedt inn. Vi nøler no litt, våte og skitne som vi er, men ho vil så gjerne vise oss hytta, så vi tek av oss skoa og kikkar inn. Ikkje store plassen, men veldig koseleg! Kaffi takkar vi nei til. Vi har allereie vore lenge vekke no, og må heimover. Det kunne nok ha vore triveleg å sitte der i solveggen og prate litt, men vi skulle jo berre som snarast helse på:)

Så går turen langs det idylliske vatnet i Strandosdalen nok ein gang, på ein frykteleg sølete sti. Gjentekne gangar snakkar vi om kor utrulig flott denne dagen har vore, og kor glad vi er for at vi tok turen bort på Dingsøyrstølen. Hit må vi opp igjen, og kanskje også på ski?!

Ganske nøyaktig fem timar har gått når vi set oss i bilen. Trym brukar ikkje vere så villig til å hoppe inn att i buret for å reise heim, men no nøler han ikkje... Han er nok sliten og trøtt. Vèl heime får han ein dusj. Kvit og lysebrun pels er ikkje så praktisk på gjørmete stiar... I morgon er han nok litt støl, slik han brukar å vere etter lange fjellturar. Og det er kanskje ho mor òg...? Men det gjer ingenting! For eg har nemlig hatt ein ugløymeleg tur denne fantastisk flotte seinsommardagen! Takk Hanne, for at du var med og gjorde dagen så fin:)

torsdag 26. august 2010

Med skapet fullt av pølseskinn

Allereie før sommaren er skikkeleg i gang, kjem katalogane med høstens motekolleksjonar i posten. Ellos, H&M, La Redoute og Sportmann er vel dei som havnar i min kasse. Eg opnar dei nesten aldri når dei kjem. Det er liksom feil tidspunkt. Må bli ferdig med èi årstid før eg begynner å tenkje på den neste. Men; i går sende eg no avgårde ei bestilling på nettet, og så får eg no sjå om det etterkvart blir fleire. Det har ein tendens til å vere slik, at når eg nettopp har bestilt nokre plagg, så kjem det ein tilleggskatalog med eitt eller anna godt rabattilbud, sjølvsagt...

Det er så mangt og mykje eg har lyst på, men eg prøver å vere litt fornuftig, og tenkje igjennom kva eg igrunn har bruk for. Sidan eg har uniform på jobb (veldig praktisk og greit!), og stort sett går i ei treningsbukse eller "kosedress" heime, så er det begrensa kor mykje eg faktisk treng. Men etter fjorårets store fokus på kosthald og kaloriinntak/-forbruk, med eit påfylgjande negativt resultat (om eg kan sei det slik...), så er det ein del i skapet eg ikkje kan bruke lenger. Ja, ikkje berre slikt som vart kjøpt i fjor høst, då eg var på det tynnaste, men også slikt som har tatt opp plass der i eit par-tre år eller så... Tidlause plagg som er for ille å kaste, og som KAN komme til nytte ein gang, sant...? Dei kan no liksom henge der litt til, i håp om at vekta skulle gå ned att...?! Men no trur eg realismen etterkvart må få lov å komme fram i lyset, og så får eg heller stappe den der evinnelige draumen om ein modellkropp (eller i alle fall noko tilnærma det) langt inn i kleskapet mitt. Det er berre å innsjå det ein gang for alle; den draumen er ikkje oppnåeleg for min del. That's just how it is...

Sidan høsten står for døra, så tok eg fram eit par jakker for nokre dagar sidan, slik at eg kunne få litt oversikt over garderoben min. Eg trudde heilt ærleg at eg kunne bruke i alle fall den eine. Favorittjakka mi i fjor høst og vinter. Skuffelsen var difor stor då eg innsåg at eg tok feil. Jaudå, eg fekk ho no på meg, men ho sat ikkje akkurat pent, då... Heller ikkje den andre. Pølseskinn - er det ikkje det det kallast?? Lukka er at eg har to meir eller mindre utvaksne jenter dei var passelege til, og endå større lukke er det jo at jakkene som mora hadde brukt, faktisk fall i smak hos dei. Det må eg jo nesten ta som eit kompliment på at eg er ei svært ungdommeleg mor, eller...? ;) I dag var det ei dongeribukse som måtte prøvast. Æhh - endå eit pølseskinn... Og der er nok fleire. Eg treng ikkje leite så veldig mykje for å finne dei.... Så ei kraftig skaprydding ventar, og eg må nok fornye garderoben ein del. Men eg får sjå det positive i det. Prøve å gløyme at eg må kjøpe plagg i ein størrelse større enn i fjor, og ha fokus på at eg får noko NYTT i skapet:) For det er alltid kjekt!

søndag 15. august 2010

Når tida nesten står stille...

Mine facebookvenner har nok dei siste dagane fått med seg at eg nyt kveldsstundene på altanen, med levande lys og eld i utepeisen. Eg veit ingen finare måte å nyte sommarkveldane på, enn akkurat slik. Dei siste somrane er det etterkvart ganske mange slike kveldar eg har kosa meg med masse levande lys rundt meg, i ulike lykter og glas. Alt i frå heimelaga lykteglas - fylte med gyllen sand frå Algarvekysten (som er mi form for souvenir!), til slike lykter som "alle har". Eg tenner lysa lenge før det er mørkt, men dess meir mørket sig på, dess meir koseleg blir det! Sjølv om sola har gått ned, så har eg alltid terassemarkisa ute. Syns det luner litt, og gjer det meir koseleg med "tak" over.

Så lenge det er lyst, sit eg gjerne med nasen ned i ei bok, men når det blir for mørkt til å lese, så berre sit eg der. Eg berre er. Og slik kan eg sitte lenge, lenge... Å høyre det durar jamnt frå elden som et seg oppover kubbane i peisen, og berre sitte og sjå inn i flammane, det er noko av det mest avslappande som finst... Då seinkar eg verkeleg skuldrane.

No på seinsommaren får eg ein ekstra bonus. Små, fjøyrlette vindpust syter for at den søte angen av kaprifolen min når meg. Mmmm.... -fantastisk! Og når uglene tutar på sin karakteristiske måte, der eg sit og stirrar inn i flammane, kan eg jo nesten fantasere om at eg sit framfor leirbålet ute i skogen ein plass :) Det kjennest som om tida står stille. Berre fred og ro.

Litt før midnatt i går, var dei siste kubbane nesten brent ned. Peisen står eit stykke frå sittegruppa, så eg bestemte meg for å sette meg nærare, slik at eg kunne nyte godt av varmen. Eit sommarminne frå barndommen dukka opp der eg sat og såg inn i glør og og små eldtunger. Eg hugsar så godt ein varm sommarmorgon - ja, ein slik morgon der du tek på deg shortsen med det same du står opp. Mamma stod på kjøkkenet og laga brøddeig, mens kjenningsmelodien til Reiseradioen fylte rommet. Eg gjekk ut på trappa. Der sat eldste bror min og knytte joggeskoa sine. Morgonsola leika i dei lyse krøllane hans. Og nede på holmen skreik måsane. Ingenting spesielt med andre ord, så eg veit ikkje kvifor eg hugsar akkurat dette - men av ein eller annan grunn har det festa seg i minnet mitt, og av ein eller annan grunn tenkte eg på dette i går kveld. Men brått vart eg "vekt" av nokre skarpe, høge skrik frå skogen ovanfor huset, der det elles var heilt, heilt stille på det tidspunktet. Kva slags fugl det var, det anar eg ikkje, men skrika fekk meg i alle fall tilbake til notida.

Litt over midnatt var det berre glør att i peisen. Eg hadde igrunn lyst å hive innpå ein kubbe til, og sitte endå lenger. Bygda sov. Det var heilt stille over alt. Ikkje ein bil ute i riksvegen ein gang. Det var freistande å nyte det litt til. Men eg veit eg våknar tidleg sjølv om eg har site lenge oppe, så for å unngå å bli trøytt er det lurt å komme seg i seng... Så eg blæs ut lysa mine, sveiva inn terassemarkisa og trekte i hus. Og slik som kvar gang eg har fått ein slik sommarkveld, så lurte eg på: Blir det fleire sjansar denne sommaren...??




søndag 25. juli 2010

God start på dagen

Eg stod opp klokka seks i dag tidleg. Smatt inn i treningstøy med èin gang, pakka ned både frukost og lunsj i sekken, og slengde meg på sykkelen 25 minuttar seinare. Riktignok med fleecegensar og tynne hanskar på, for det var berre 7 grader. Så trakka eg avgårde nedover i retning jobb.

På overflata av Espelandsvatnet låg det lette dottar av skodde. Sola hadde nyleg kikka over kanten av Robba. Det var stille og fredeleg langs veien. Det einaste teikn eg såg til liv, var ein del troster som kakla og småflaksa i vegkantane, med litt "snadder" i nebbet.

Etter å ha passert Bøbrua, såg eg rett ut på kaien på Havyard. Bygg 88 går ikkje an å oversjå der. Med sin skarpraude farge låg han der som ein glødande rubin i morgonsola, i stor kontrast til blå himmel, fjell og sjø. Og etter å ha sykla endå litt lenger, såg eg også "smaragden" ved sida av; bygg 101. Eit flott syn! Og faktisk er det vel to edelsteinar som ligg der ved kaien, på fleire måtar...

Pesande sykla eg det siste stykket til verftet. Eg tok ein dusj før eg avløyste nattevakta. Deretter var det tid for frukost. Og var eg maksimalt opplagt for ein lang arbeidsdag:)
"Edelsteinane" ved Havyard - fotografert då eg sykla heim att.

onsdag 21. juli 2010

Vêrsjuke vestlendingar

Eg anar eit snev av panikk blant ein del vestlendingar no... På facebook, i media, på butikken - ja, over alt kan ein lese eller høyre folk som klagar over sommaren som let vente på seg. Dagen i dag har vore særs regntung. Det har jo striregna meir eller mindre i eitt. Trillebåra mi, som var i bruk for to dagar sidan, står halvfull av regnvatn no.

Terassemarkisa, som også var i bruk for to dagar sidan - då sola som snarast var framom utpå ettermiddagen og kvelden, vart dessverre ikkje rulla inn att før vi gjekk til ro for natta. Neste dag var ho drypande våt, så no ventar eg på sola som visstnok skal komme att på fredag, slik at markisa får tørke opp att, og kan rullast inn...

Ungane har bada èin gang i Espelandsvatnet hittil denne sommaren. Mor sjøl er ikkje verken strand- eller badeløve, og har absolutt ingen problem med at det ikkje er badetemperatur eller badevêr. Og igrunn har eg ikkje så frykteleg stort problem med at det regnar heller... Ja - ikkje for det, det er jo flott med "sol og sommar", sjølvsagt, men eg er no ein gang slik laga at eg ikkje har ro i ræva. Eg er ei rastlaus sjel som ikkje gidd å ligge strekk ut på ei solseng. Det må no vere ein av dei mest unyttige "aktivitetane" som finst;) Ei heller klarar eg å sitte i ein stol med hendene i fanget og berre sjå ut i lufta - eller sjå ut på regnvêret for den del... Neidå, om det ikkje "går an" å gå ut fordi vêret ikkje innbyr til det, så manglar det ikkje på arbeid innomhus. Så eg sit slett ikkje i ro sjølv om eg ikkje får jobbe i hagen eller gå på fjellet. "Åja, ho har det sikkert strøkent i heimen", tenkjer du kanskje då? Eg kan trøste deg med at då tek du feil. Veldig feil. Eg skal ikkje gå inn på nærare detaljar der. Når det er sagt, så kan eg no legge til at eg skulle gjerne ha hatt det strøkent, for eg er eit ordensmennske, og trivast best når eg har det skikkeleg rundt meg - ryddig og reint. Men eg har med åra innsett at då må eg bu heilt åleine, om det skal late seg gjere å ha det slik... Vel, ikkje meir detaljar der, altså.

Men no spora eg visst litt av her. Det eg igrunn hadde tenkt å få fram, det var at for meg som må ha noko å henge fingrane i til ei kvar tid, så kan det på ein måte bli litt upraktisk med denne sola òg... På denne årstida stig temperaturen fort når sola kjem fram, og slit Jannicke litt med å halde seg i vigør. Sveitteband er heilt sjølvsagt, for den minste fysiske ting eg skal gjere ute i hagen. Så viss eg fekk bestemme, så hadde vi hatt 17-18 grader og overskya opphaldsvêr det meste av sommaren;)  Det er perfekt til både hagearbeid og fjellturar! Men eg har ikkje noko fullmakt til å bestemme kva vêr vi skal ha, verken sommar eller vinter. Heldigvis. Då er eg redd eg hadde blitt ganske upopulær...
Dagen i dag - regntung og grå

Eg kan nok vere einig i at sommaren har vore dårleg i år. For eg må jo, for ikkje å skape heftige reaksjonar her no, sei at eg likar sol og sommar òg:) Å sige djupt ned i dei tjukke putene i hagemøblane mine ein sein sommarkveld - etter at sola har gått ned, fyre i utepeisen, tenne lys og lykter, bre eit lunt teppe over meg, og kjenne den fantastisk søte dunsten av kaprifolane mine som blomstrar - det er ubeskriveleg... Så jaudå - eg håpar vi har ein god porsjon sommar i vente endå:)

torsdag 15. juli 2010

På benken hos Wenche

Eg går opp til tredje etasje i Lodin Lepps gt 2 i Bergen. Går innover korridoren til venstre. Stoppar framfor døra som er merka med Wenche Falch. "Ikke forstyrr. Behandling pågår", står det på ein lapp som er festa i brevsprekken. Så eg bankar ikkje på, men ventar til Wenche opnar sjøl. Det er fem-seks år sidan eg var her sist. Men kontoret er det same, og Wenche er den same. Ho er like pratande og trivelig som før. Ho startar med å takke meg for at eg har lagt inn nokre positive ord på facebooksida hennar, før ho spør: -Jah, ka va det med deg då? Ho hugsar ikkje kvifor eg var der sist - og akkurat det klandrar eg henne ikkje for... Ho har jo mange pasientar, og sjøl om nokre sikkert kjem igjen mange gonger, så skal det no noko til å hugse kvar einaste ein. Eg fortèl, at akkurat som sist, så slit eg med kronisk betennelse i overarmane. Sist var det berre èin arm som plaga meg, men no har eg fått det i begge. -Ja, og så har eg no eit kne som plagar meg litt, legg eg til. -Det høg....  -Nei, ikkje si det - ikkje si det! avbryt ho, litt for seint... Ho ville helst ha funne ut sjøl kva for eit kne som ikkje var heilt i orden. Wenche er nemlig ikkje heilt slik som alle andre. Ho er healer, og har evner, som det heiter. Vel - no har eg jo avslørt at det er høgre kneet som er problemet, men ved å legge handa over kneskåla i to-tre sekundar, så kan ho slå fast at der er det brusk som er laus, presis slik fysioterapeuten òg har funne ut - riktignok ved hjelp av ein litt annan type undersøking... -Det knirkar nok litt i kneet ditt, seier ho. Jo, det er nok heilt riktig, det... Eg får ei pute under knea for å avlaste ryggen litt, der eg ligg på benken. Så brer ho over meg eit teppe. Ho set seg først bak meg, og legg ei hand på kvar skulder. Men ho flyttar seg fort. Ho får nemlig "melding" om at slik har det ikkje vits i å sitte... Difor set ho seg på sida av benken, og legg hendene sine på høgre armen min.

Praten går. Wenche er ikkje vanskelig å komme i kontakt med. Ho er open og rett fram. Vi snakkar om alt i frå husleige til fjellsko. Ho ytrar litt frustrasjon over media, som ikkje alltid framstiller ting slik ho ynskjer. Det er vanskeleg å få fram korleis ho jobbar. Det er det ho vil nå ut til folk med.

Ho held fortsatt på høgre armen min. Innimellom vibrerer hendene hennar. Eg kjenner etterkvart at eg blir så doven i venstre armen, og det murrar liksom litt. Akkurat slik eg kjenner det av og til ellers òg. Eg gjekk til behandling hos fysioterapeut for det for lenge sidan. Det kjem seg visst av at nokre nervar ligg litt i klem. -Sei meg, behandlar du venstre armen min samtidig no???  -Jada, eg tar hele deg, får eg til svar. Ho treng nemlig ikkje legge hendene sine akkurat der smertene eller plagene er. Energien hennar når fram dit uansett - der det trengst. Slik er det berre. Så enkelt, og så uforklarleg. Eg blir etterkvart sliten i korsryggen, og tek knea opp for å avlaste litt. Etter ei stund seier Wenche at når eg tar knea mine opp slik, så må ho "jobbe i oppoverbakke" for å få energien ned i beina mine... Merkelige greier... Det dunkar lett i panna mi. Dei "mystiske" kreftene hennar er nok ein svipptur innom der òg. Og kvifor blir eg sliten i korsryggen, tru...??

Etter halvannan time flyttar ho seg over til den venstre armen. Så held ho fram på same måten ei stund der, før ho legg hendene litt på det høgre kneet mitt, og ei stund på magen. Det er visst noko der òg som ikkje er heilt som det skal, finn ho ut... Wenche kjenner på sin eigen kropp kvar plagene mine er. Så på slutten av behandlinga er ho stiv i ryggen, nakken og skuldrane, og ho har smerter på eit punkt på venstre sida av ryggsøyla. Eg har ikkje sagt eit ord om det til henne på førehand, men dette er akkurat slik eg brukar å kjenne det sjøl...

To timar går fort. Ho går ut for å finne litt vatn, og eg får beskjed om å berre ligge litt til. Eg set meg etterkvart opp. På den eine veggen hennar heng det mange innramma medieutklipp, der ho har fortalt om evnene sine, eller der andre har fortalt om korleis ho har helbreda dei. På motsatt vegg heng det masse takkekort og brev på ei oppslagstavle. Blant desse mange babybilde. Og eg veit kvifor. Wenche fortalte meg nemlig sist eg var hos henne, at ho har hjelpt fleire barnlause par.

Vi gjer avtale om at eg skal bestille ein ny time når det lir litt. Så betalar eg og går. Det vil seie; eg føler no nesten at eg meir eller mindre vraltar som ei and når eg kjem ned på gata. Eg er så merkelig stiv i bekkenet. Har ho vore innom det òg...? Vel, det blir i alle fall spennande å sjå kor lenge det går før eg merkar betring. Det kan ta lang tid. Første gang eg oppsøkte Wenche, hadde eg gått med betennelsen i fleire år. Det er nok ingen fordel, for å sei det slik. I seks månader etter behandlingane, gjekk eg og kjende på ei merkelig ømheit øverst i armen, der ho heldt hendene sine. I takt med at betennelsen gradvis forsvann, avtok også ømheita. Dette var neppe tilfeldig...

Wenche skal ta i mot pasient nummer tre når eg går. Så skal ho heim og kvile. Lade batteria. Ho blir sliten av å hjelpe andre, og brukar mykje energi på kvar pasient. Difor jobbar ho ikkje kvar dag. Og difor blir ho heller ikkje rik av dette. Det kostar nemlig ikkje meir enn ein frisørtime å få behandling. Prisen står nok ikkje i forhold til behandlinga. For det er ikkje tull, det som Wenche driv med - sjøl om mange ikkje har tru på slik "trolldom". Men det har eg, og eg kan varmt anbefale å ta ein time hos henne. Det går igrunn ikkje an å beskrive opplevelsen av det. Det må ganske enkelt prøvast!

Meir om Wenche kan du lese her:

http://www.matoghelse.no/helse/2003/12/01/magiske-hender.aspx

lørdag 12. juni 2010

Mil etter mil etter mil - bak ein bubil (eller to...)

Eg var ein tur i Førde i dag. Måtte bruke litt av feriepengane mine, så klart;) Småsprang mellom handelshusa i typisk Vestlandsregn, for å få unna dei ærenda eg hadde. Ja, for ikkje hadde eg paraply med meg (det finst vel knapt nok i heimen min...), og ikkje hadde eg vel kledd meg heilt etter vêret heller, så eg måtte gamble på at det ikkje vart så lenge å vente på grøn mann i lyskryssa kvar gang eg måtte over vegen - med meir eller mindre hell, sjølvsagt. Men litt regn skremmer jo ikkje oss vestlendingar, så eg tòlte fint å få ein lett regndusj innimellom. Men å køyre opp på Plantasjen for å sjå etter eit par krypbusker og nokre sommarplanter til krukkene mine, det hadde eg lite lyst til i dette vêret, så desse krukkene får no berre stå der og skrike litt til, om å bli fylt med fargerike blomster...

Med baksetet fullt av handleposar tek eg til på heimveg. Oppover Haldbrendslia og vidare over Langeland. Passerer Sande. Eg når igjen ein grå personbil. Og denne bilen har to bilar framfor seg. To bubilar... Tenkjer ikkje så hardt på det med det same, men registrerer etterkvart at eg blir litt irritert over å ligge i 65 km/t på dei flotte vegstrekningane. Men dei køyrer vel til side snart. Det er jo norskregistrerte bilar, ser eg, så dei har vel såpass fornuft. Eller....? Men nei, det er tydeleg at dei ikkje har planar om å sleppe forbi oss som er bak. Det skal vere sagt at eg er ei riktig pyse når det gjeld forbikøyring. Eg køyrer ikkje forbi utan at eg har veldig god sikt. Og eg trur ganske sikkert at eg har hatt sjåførar bak meg, som har teke i bruk ganske stygge gloser, fordi dei har irritert seg over at eg ikkje har køyrt forbi bilen framfor meg, og dermed gitt dei større sjanse til å komme forbi òg. Men det får no våge seg...
I alle fall; personbilen og dei to bubilane ligg ganske tett, så om eg skal køyre forbi må eg ta alle tre i "eitt jafs", og DET er heilt uaktuelt for pysete Jannicke! Hadde dei hatt ein fart på 40 km/t kunne eg ha gjort det, men det har dei ikkje... Altså; eg blir der eg er i rekkja. Eit blikk i spegelen fortèl meg at det etterkvart har blitt ein lang hale bakover. Sjåføren framfor meg er tydelegvis òg ei pyse. Han viser i alle fall ikkje teikn til å prøve å køyre forbi, og på dei lange, oversiktlege strekningane i Ytredalen er det heile tida møtande trafikk... Ellers hadde kanskje vedkommande gjort eit forsøk der?

Snart i Vadheim no. Bubilane skal sikkert innover den fagre Sognefjorden. NEI, skal dei ikkje???? Dei blinkar til høgre i krysset... Det går seigt oppover svingane. Er det noko eg IKKJE er, så er det tolmodig, og det begynner eg å kjenne no. Eg prøver meg med eit par støyt i fløyta. Dei må no vel sjå i speglane sine at dei har ei lang rekke bak seg?? Eller ser dei konsekvent rett fram, utan å ofre ein tanke på at det kanskje er andre som er ute på vegen akkurat denne dagen òg...? Eg innser at det siste er nok tilfelle. Irritasjonen boblar i meg. Det er slikt som kan skape trafikkfarlege situasjonar. Men pyser køyrer jo ikkje forbi, så eg har ikkje tenkt å gjere noko farleg! Det undrar meg igrunn at ikkje nokon av dei lenger bak i rekkja er mindre pysete enn meg, og tek sjansen på å køyre forbi tre-fire bilar, for så å flette seg inn i "køa" litt lenger framme. Men det er visst tolmodige sjåførar alt i hop...

Opp på Hovden. Ned frå Hovden. ENDELEG! I det vi kjem ned på flata seinkar den bakerste bubilen farten, og blinkar seg ut til sida. Reknar med dei køyrer i lag desse to bilane, så då gjer vel den fremste bilen det same. Men nei - vèl skulle det sjølvsagt ikkje vere... Vi held fram som før, med "kolonnekøyring". Fylgjet rullar forbi Torvund og Aven i sakte kino. Men så... No har visst den fremste bubilen kasta eit aldri så lite blikk i spegelen, og oppdaga at reisekameraten faktisk ikkje ligg like bak lenger.... Så i Avenbukta slepp vi forbi! Det var jammen på høg tid! Eg trakkar til på pedalen, og lèt irritasjonsadrenalinet etterkvart sleppe taket. Å ligge litt i overkant av fartsgrensa, følest jo som å køyre jetfly no, etter det tempoet vi har hatt alle desse mila...

Så nærmar vi oss Alværa. Men; eit stykke der framme....  Er det ikkje........ein bil med campingvogn...??? Eg må berre flire av heile greia. Går det an å ha meir uflaks? Den grå personbilen ligg fortsatt framfor meg - altså bak bilen med campingvogn. Det betyr at forbikøyring er utenkjeleg, no som i stad. I alle fall for meg. Her er det jo dessutan stadig møtande trafikk. Så vi køyrer pent på rekkje og rad ut til Lavik... Der svingar turisten inn på Statoil, og få meter lenger framme køyrer den grå kompisen min ned mot ferjekaien. Skal tru om han rakk den ferja han i utgangspunktet hadde tenkt...? Sjølv tek eg av mot Lavikdalen, og no har eg ingen bilar framfor meg, for første gang på mange, mange mil. Derimot går det ikkje så lenge før eg ser at ein kvit Mercedes, som låg litt bak i rekkja tidlegare, tek innpå meg - og køyrer forbi! Steike - han var jammen modig :)

tirsdag 1. juni 2010

Du skal ikkje sova burt sumarnatta

På denne årstida er det igrunn greit å jobbe nattevakt. Særleg om vèret er fint, slik som no. Det blir ikkje skikkelig mørkt. Berre nesten, ei kort stund sånn over midnatt ein gang.

Fuglane syng heile tida. Trudde faktisk at dei brukte å ha ein "pause" høgste natt, men den kan ikkje vere lang...?
Det er berre 6 grader, så det er kjøleg. Lufta er fylt av nydeleg dunst frå hegg - og det er noko av det beste eg veit! Over Tveit heng ein stor, gyllengul måne, som spreier ei vakker lysstripe på sjøflata. I sør er det "blåtime", der himmel, fjell og sjø går ton i ton. I nordøst er himmelen lys, lys blå, og er klar til å la sola sleppe fram om nokre timar, denne første dagen i den første sommarmånaden.

Nei, ein skal ikkje "sova burt sumarnatta", men sjølv om eg må sove litt på dagtid etter å ha jobba nattevakt, så søv eg berre nokre få timar, og dermed får eg nyte nesten heile døgnet, eg:)

mandag 31. mai 2010

X-factor - ikkje for utolmodige sjeler...


Sangfuglen i familien melde seg på X-factor 2010. Riktignok under litt press frå mellom anna ei facebookgruppe, men eg trur ho fann ut at det ville vere litt spennande å prøve òg. Det kom mail om at påmelding var registrert, og invitasjon til å delta på Precast på Forum Scene i Bergen 28.mai. Etter mykje om og men fekk vi no tak i eit hotellrom til meg og henne, så kvelden før bar det innover med bussen.

Kl 09:15 skal ho møte. I det taxien stoppar i lyskrysset like nedanfor Forum, ser vi køa utanfor døra. Oi...! Her blir det venting, skjønnar vi. Men akkurat kor lenge hadde vi inga aning om. Heldigvis...

Køa veks fort. Det er ikkje berre deltakarar som møter opp, men også venner og familie som skal vere viktige støttespelarar ein slik dag. Klokka blir rundt 10, og eg kjenner eg så smått er litt lei - allereie... Kvifor slepp vi ikkje inn...??? Men så skjer det litt. Ei dame frå teamet tek fram ein ropert, og fortel at vi som står i køa skal "gjere litt forskjellig", og dess flinkare vi er, dess fortare slepp vi inn. Jaha...? Skal tru kva det betyr...? Etterkvart blir vi bedt om å rope JAAA og rekke hendene i vèret når ho gir oss eit teikn. Kamerafolka skal filme dette, i samband med at programleiarane Ravi og Guro har sagt eitt eller anna langt der framme. Vi må gjenta dette mange gonger før dei er nøgde. Så skal vi prøve ein litt annan versjon. Og ein tredje. Innimellom skjer det lite. Klokka går. Kameramenn og -kvinner går fram og tilbake. Det same gjer ein heil del svartkledde sjeler, med t-skjorter merka CREW på ryggen. Ravi og Guro går blant oss, og det blir filma ulike "episodar" som eg antek skal nyttast som intro til X-factor Bergen.

Det er kjøleg. Eg la merke til at det viste 12 grader i taxien på vei oppover. Nokre har faktisk på seg vottar, og jammen kunne eg tenkt meg det sjøl, der eg står og hutrar... Men eg er i alle fall glad det ikkje regnar! To timar har gått sidan vi kom. Det blir gjort intervju med tilfeldige deltakarar, og nokre tek fram gitaren og spelar og syng, på oppfordring frå kamerafolka. Greit med litt underhaldning i ventetida :)



Så skjer det ting. Vi får beskjed om at om 6-7 minuttar vil rundt 100 stykke sleppe inn. Deretter vil det gå ca 10 minuttar før dei slepper inn ei pulje på 10 nye. Endeleg! Men; litt seinare kjem alle desse ut att, og blir vist vei til ein annan plass i bygget. Vi som står att ute får snart beskjed om å gå den same veien. No er klokka 12. Vi har altså stått i nesten tre timar utanfor, og i etterkant får eg vite at dette er berre for at kamerateamet skal få nokre sekundar med filmsnuttar som skal nyttast i tv-sendinga... Dei 100 som vart sleppt inn for litt sidan, fekk komme inn berre fordi dei skulle filmast i det dei tilsynelatande storma mot døra som ivrige deltakarar...

Men no skal vi altså få sleppe inn, og ei Nordlandsjente fortel oss at "Nå skal dere inn i noe som ligner en kinosal. Så skal dere registrere dere, så skal dere på Precast, og er dere ferdig". Måten ho seier det på, får det til å høyrest ut som om dette skal vere fort gjort. Vel, så feil kan ein tolke... Klokka blir eitt, og klokka blir to. Innimellom hentar dei to-tre rekker som blir tatt ut i sidelokalet, og nokre kjem inn att etterpå og går opp på scena for ei eller anna slags registrering. Etterkvart finn vi ut at dette er nok dei som har komme vidare til Autiditon. Vi får absolutt ingen informasjon. Dei som sit ved sida av oss spør om vi veit noko meir enn dei, men vi veit nok like lite som alle andre... Her og der høyrer vi folk som øver på sangane sine mens dei ventar i salen, og nokre tek fram gitarane og syng låt etter låt. Ingen tvil om at her er det fleire som er svært dyktige!

Eg syns ting går ekstremt tregt. Det er lite aktivitet ei heil stund, så eg bestemmer meg for å kontakte ei frå teamet for å spørje kva som skjer. "Nei, nå har det stoppa litt opp fordi vi har hatt lunsjpause", er svaret eg får. Eg prøver å ikkje himle for mykje med auga. Lunsjpause? Hallo...?? Kva med litt informasjon til alle som sit og ventar...??? Eg kjenner eg blir provosert, men klarar no å la vere å gi uttrykk for det. Ærleg talt; under eit så stort arrangement kan dei no ikkje berre ta lunsjpause??! Dei må no vel kunne engasjere såpass mange at dei kan avløyse kvarandre, slik at ting går fortast mogeleg. Det er faktisk mange hundre menneske som ventar... Då kan ikkje ting berre stoppe opp, liksom... Eg skal etter planen vere med på eit møte på jobb kl sju om kvelden, og hadde i utgangspunktet håpa at vi skulle rekke bussen heim kl 14:50. Det er jo utelukka, så eg set meg som mål å ta båten kl 16:30 i staden. Etterkvart mistenker eg at det òg kan bli vanskeleg. Men når eg igjen tek kontakt med teamet får eg beskjed om at "det skal vi klare". Eg må berre informere om dette til dei som ropar opp til Precast, etter at Kine er blitt registrert. Eg gjer som eg blir anbefalt, og det blir Kine sin tur etter få minuttar. Ho får snike litt i køa, med andre ord:)
  
Men..., det er kø også utanfor Precast-rommet, så ting går ikkje så fort som eg hadde håpa... Eg er nervøs for ho som skal "i elden", og eg er samtidig stressa fordi eg ser det blir veldig knapt med tid viss vi skal rekke båten. Klokka er 15:40. Eg trakkar fram og tilbake i gangen. Klokka er 15:47. Kjem ho ikkje snart ut att?? Der kjem ho som var før henne i køa. Puh! Då er det Kine sin tur... Tre-fire minuttar før klokka slår fire, ser eg ho i gangen. Ho smiler. Det må no bety at ho har komme vidare til Audition, vel...? Men nei, det har ho ikkje. Nålauget er trangt, og det bør det jo også vere. Konkurransen er knallhard. Men ho har fått gode og konstruktive tilbakemeldingar, med oppfordring om å prøve seg igjen om eit år eller to, når ho har modnast litt. Litt skuffa er vi nok begge to med det same, men ho tek det veldig fint, og er glad for dei positive orda ho har fått med seg. Ho har i alle fall forsøkt, og har på sett og vis blitt ei erfaring rikare:)

Eg ringer Bergen taxi og ber om ein bil straks. Men håpet om å rekke båten svinn veldig fort... Det er rushtrafikk, og det går ikkje mange minuttar før eg innser at vi må bli i Bergen nokre timar til, og ta bussen kl 19:50... Møtet får eg droppe. Ingenting å gjere med det. Eg seinkar endeleg skuldrane, og lar alle stresshormona dunste vekk. Vi bestemmer oss for å ete middag, gå litt i butikkane, og rusle litt rundt i byen i finevèret. Det er praktfull blomstring i parken på denne tida! Bergensarane er flinke på det området! Og kameraet er naturligvis med, så eg sikrar meg nokre foto.

Så set vi oss på bussen. Etter ein halvtimes tid får Kine ein telefon frå eit ukjent nummer. Ho var med på ein quiz for X-factordeltakarane, og det var trekning kl fire. Og gjett kven som vart den heldige vinnaren av ein mobiltelefon til ein verdi av 4.500 kroner!? Jubelen står naturlegvis i taket på bussen:) Jenta er jo ikkje "nedpå". Men mor er søvnig, og tek etterkvart ein snartur innom draumeland. For ein heil dag med venting - ja, det blir ein jammen sliten av...










fredag 21. mai 2010

Balsam for sjela

Dei siste dagane har vore praktfulle. Jammen er eg heldig som har hatt fri i dette flotte vèret! I dag bestemte eg meg for ein litt lengre fjelltur, på ein topp eg aldri har vore på før. Første del av turen går mot Dalsstølane. Trym, hunden min, er med. Eg kastar ganske fort trøya, for det er varmt å gå. Heldigvis tenkte eg så langt før eg for, at eg tok på solkrem... Fuglesangen er rett og slett ubeskriveleg! Det yrar av liv i trea rundt meg.

Vèl framme på Dalsstølane, skriv eg meg inn i boka i den vesle "postkassen" som heng på ein trestamme, før eg traskar vidare. Eg har nemlig tenkt meg litt høgre opp. Veit at det skal vere ein merka sti som går innover mot Langevatnet, og at ein kan gå vidare inn til Robba. Har ikkje tenkt meg langt, og ikkje veit eg kor langt det er inn til Langevatnet heller, men eg kan jo snu akkurat når eg vil. Men stien er dårleg merka... Eg har ikkje gått så langt før eg må stå og speide etter neste merke, og det er vanskeleg å sjå kor stien er trakka. Men terrenget er lett å ta seg fram i, sti eller ei, så her er det berre å sette seg eit mål og gå. Eg bestemmer meg for ein liten fjelltopp, og tenkjer at der skal eg ete nista mi. Det er mange småtoppar i nordøstleg retning, som neppe er ein del av ei turløype, men som likevel lett kan nåast. I dette terrenget kan ein nok gå frå topp til topp i timesvis, slik det ser ut for meg. Eg brukar ikkje så lang tid opp til det første målet mitt, og set meg difor eit nytt mål. No ser eg nemlig eit par merke, og set kursen mot dei. Men så vert det plutseleg slutt på merka igjen, så då får eg berre bruke auga, og sjå kvar det kan vere lettast å ta seg fram.

Så er eg framme på neste topp. Utsikta er upåklageleg. Alden der ute i havet, majestetiske Lihesten, Brosviksåta, og i nord ligg det fleire snøkledde fjelltoppar. I øst ser eg fleire større merkesteinar. Eg kunne nok tenkt meg å vandre lenger innover, men eg har ein avtale seinare på dagen, så eg har ikkje tid. Det får bli ein annan gang. Eg finn meg ein lun plass i enden av ein dam, like ved ei snøfonn. Her tek eg fram nista mi. Sola varmar godt. Det er stille. Heilt stille. Ikkje sus av vinden, ikkje ein fugl som kvitrar eller ei humle som surrar. Ingen bekk som klukkar. Eg kan ikkje eingang høyre hunden puste, der han står tett ved sida av meg. Det slår meg at det må vere utruleg lenge sidan eg har opplevd det stille rundt meg... Uttrykket "balsam for sjela" får meining. Det er vel nesten ikkje mogeleg å ikkje finne ro i kroppen ei slik stund...

Eg kunne godt ha tenkt meg å sitte lenger. Kanskje fått litt farge på kroppen, der ved snøfonna. Men eg må nok vende nasen heimover. Eg vèl kortaste vegen ned att mot stølane. Her går det ikkje an å gå seg vill, og terrenget byr ikkje på problem nesten uansett kvar eg går, så sti er slett ikkje nødvendig her. Trym dreg i bandet og vil i ein annan retning enn meg. Han stoppar opp. Inntek ei våken haldning. Eg skjønnar at han har teften av noko som eg ikkje er i stand til å oppfatte. Og ganske riktig... Akkurat i det eg klarar å lokke han med meg vidare, flaksar ei rype opp frå lyngen og legg på flukt.

Vi går nedover lia i godt tempo. Over mose, berg og tuer. Berre ein og annan plass må vi svinge unna for nokre busker av vier. Vi er over tregrensa, så stort anna vegetasjon er her ikkje. Trym tek seg tid til å snuse litt, så eg blir gåande framfor han. Plutseleg høyrer eg eit plask bak meg. Eg snur meg og ser berre hundebandet som går ned i eit djupt hòl i bakken, skjult av lyng. Hunden ser eg ikkje...! Men like fort bykser han opp att, litt fortumla - stakkaren, og ristar av seg vatnet. Snakk om skummel overraskelse! Det var jo berre flaks at ikkje det var eg som havna nedi det hòlet... Det kunne nok ha enda litt annleis, er eg redd... For å hindre at andre skal "gå i fella", riv eg vekk lyngen, slik at hòlet blir synleg. Så går eg det siste stykket ned att mot stølane. Vinden svalar godt, men innimellom kjenner eg nesten kor varmen slår i mot meg. Etter kaldt og surt vèr i lang tid, har allting med eitt eksplodert i løpet av få dagar med god temperatur. No er det endeleg vår!

Så snart eg kjem ned att til meir vegetasjon, møter fuglesangen meg igjen. Total stillheit på toppen var vidunderleg, men det yrande livet i skogen er også fantastisk! Sjela mi fekk i alle fall ein god dose balsam på turen i dag:)

onsdag 19. mai 2010

"Alle fugler små de er kommet nå tilbake"

Vi har skogen ganske tett innpå huset. Det treng ikkje alltid vere positivt. Mykje lauv samlar seg på tunet om høsten, nokre av trea er så høge at dei skyggar for morgonsola, mose gror på taket og det blir sopp på husveggen. Men èin positiv ting fører det i alle fall med seg: Det blir livleg aktitivet i trea i sommarhalvåret! I grantoppane syng svarttrosta dei vakraste melodiar, både på morgonkvisten og på kveldstid. Det finst vel knapt noko meir fredfullt enn å gå ut på tunet ein kjøleg vårkveld, og berre lytte til svarttrosta - eller "sysvorta" som vi seier. På dagtid er det helst dei ulike meisene sitt orkester som rår mellom greinene. Men det er med fuglane som med oss menneske; dess betre vêr, dess betre humør. Ein regntung dag er det ikkje så mykje fuglesang. Men i dag har sola forgylt landskapet, og då står det Crescendo på notearket til dei små kvitrande skapningane. Volumet stig markant! Av og til må eg berre stoppe opp og nyte det. Ingenting gir meir vårkjensle for meg, enn den intense kvitringa.

Eg har alltid stelt pent med fuglane. I åresvis har eg fòra dei om vintrane. Det er ikkje berre èin 25-kg's sekk med solsikkefrø som går med i løpet av ein sesong... Og i tillegg til frø får dei meisebollar og fuglenøtter. Det er kjekt å fylgje med på kva slags fuglar som finn vegen til matfatet, og eg har lært meg alle sortane. Og når våren kjem, så får eg godt betalt for at eg har hjelpt dei gjennom vinteren!

I min ungdom laga eg ein del fuglekassar. Farfar hjelpte meg å henge dei opp på Norevikane, der han og farmor budde. Dei var begge glad i natur, dyr og fuglar, og tykte det var kjekt at også eg hadde interesse for dette. Kvar vår heldt farfar nøye "rekneskap" med kva slags fuglar som hadde busett seg i den enkelte kasse, og han heldt meg oppdatert på dette. Eg trur han hadde stor glede av å rusle rundt og sjekke om vordande foreldrepar hadde slått seg til ro i mine heimesnekra "leilegheiter". Farfar vart etterkvart ganske tunghøyrt på sine gamle dagar, og oppfatta ikkje lenger den vakre fuglesangen. Det var nok eit sakn for han. Eg har mange gangar prøvd å sette meg inn i korleis det må vere... Tenk å ikkje høyre fuglekvitringa om våren...!?

Eg går ein tur på Postveien i solskinet. Kvitveisar dannar store kvite teppe,og står der og nikkar lett med kronblada sine - der friske, nye grasstrå så smått har begynt å ta plassen for det visne fjorårsgraset. Humlene surrar frå blomst til blomst. Blåbærplantene vitnar om at det kan bli mykje antioksidantar i frysen min i år òg - om dei får riktige forhold framover. Eg har kameraet med meg, og stoppar opp for å ta nokre bilde.
Fuglane akkompagnerer meg under heile turen. Kvardagens mas og plikter kan sleppe taket. Eg kan seinke skuldrane litt. Puste inn frisk luft og kjenne sola varme, samtidig som eg brukar kroppen. Det gir meg påfyll i store dosar. Eg får lada batteria. Jo, jammen er det godt å vere til...

mandag 17. mai 2010

Min 17.mai

Planen er klar: 17.mai kl 07:00 skal eg saman med nokre andre turglade damer vere på toppen av Hesjetinden. Ein fresh start på nasjonaldagen, med andre ord. Champagne og jordbær står på "menyen", og alle skal ha med seg flagg. Eg gler meg!

Men eg melder avbud. Det er regn og surt vêr, så eg gidd ikkje likevel. Men så angrar eg så fælt etterpå. Dei andre har sikkert hatt ein flott tur... Litt seinare på dagen ringer ein tidlegare kollega og gir meg ein ny sjanse. Eg kan gå turen i lag med ein annan gjeng istaden. Slik blir det, men det er no likevel ikkje heilt det same som å vere der tidlig på morgonen då, slik planen i utgangspunktet var...

Ei damestemme seier eitt eller anna. KLOKKERADIOEN! Åh, takk og pris! Så hadde eg altså ikkje meldt avbud likevel:) Eg må flire for meg sjølv av draumen eg har hatt. Eg har nok vore redd for å forsove meg og gå glipp av heile greia, langt der inne i hjernen ein eller annan plass... Klokka er berre 05:45, og denne dagen kunne eg jo faktisk ha sove til halv ni om eg ville, men eg hoppar kjapt ut av senga og får på meg høveleg tøy til ein fjelltur. Eg et ei banan, litt yoghurt og müsli. Når ein skal på fjellet er det no ikkje så nøye med korleis ein ser ut, men eg tek meg likevel tid til å legge litt make-up òg, så eg ikkje har så morgontrøtte auge... Resten av familien søv, så eg prøver å komme meg ut av huset så stille eg kan. I det eg startar bilen kjem det ein sms frå ei av dei andre damene. Dei er framme ved startpunktet, og lurer på om eg er underveis. Eg ber dei starte. Dei treng ikkje vente på meg. Eg har likevel den tida eg treng til å nå toppen før klokka slår sju.

Når eg parkerer, ser eg dei andre eit stykke oppe i stien. Eg går fort, slik eg normalt gjer når eg går i fjellet åleine, men eg reknar likevel ikkje med at eg skal nå dei igjen, sidan dei har fått eit bra forsprang. Men det gjer ingenting, for det er no samlinga på toppen som er sjølve "essensen" på turen. Stien er blaut og gjørmete, så eg bykser frå stein til stein og over myrparti. Eg ser at eg tek innpå dei andre, og etter 15-20 minuttar har eg faktisk nådd dei igjen. Vi når toppen litt før sju. Ei av damene har "tjuvstarta", og har venta på oss ei stund der oppe. Flagget hennar blafrar heftig på toppen av varden.

Det er kald vind og litt regn i lufta, så vi trekker ned til ein litt lunare plass. Champagneflaska kjem opp av sekken, samt to korger med knallraude jordbær. Nede frå Hyllestad smell det kraftig av 17.mai-salutten, som eit "gratulerer med dagen, Norge". Vi kosar oss ei stund, og er einige om at dette må bli ein tradisjon. Og kanskje kan vi få til ein sånn tur på jonsokaftan òg, seint på kveld...? Sjå sola gå ned blant fjord og fjell -  ja, om vi no er så heldige at sola er framme den dagen då...


Så går turen ned att på den vèlbrukte stien. Alle skal kvar til sitt. Ete frukost, ta på bunad eller annan finstas, og gjere seg klar til å feire nasjonaldagen. Hos meg er det framleis ingen andre som har stått opp når eg kjem heim. Eg set dei våte skoa mine i skotørkaren, før eg får på plass balkongflagget. Så ventar dusjen, og deretter litt meir frukost. Litt etter litt våknar resten av gjengen, og no er det på tide å kle seg i dagens antrekk. Halv tolv går turen utover til kommunesenteret. Skyene ser litt "skumle" ut, så vi tek med paraply. Toget tek etterkvart form, med korpset i front. Så bevegar vi oss utover, små og store. Dei minste er uvitande om kva som skjer, der dei ligg i ei vogn, mens dei litt større ungane tykkjer det er stas å småspringe i folkehavet med ein 17.mai-trompet i munnen - eller noko anna som lagar støy. Russen tykkjer også det er stas å lage litt lyd:)

Toget har returnert til startpunktet. Det kjem litt regn no, og paraplyen blir slått opp. Korpset spelar Fedrelandssalmen mens forsamlinga stemmer i med sang - i alle fall nokre... Høgtalaranlegget dei har fått på plass, kan ein som vanleg ikkje skryte av, så talen for dagen får ein ikkje med seg om ein ikkje står rett framfor talarstolen. Så vi samlar saman ungeflokken og køyrer til bygdehuset på Åfjorddalen, der feiringa i bygda går føre seg. Det er ikkje mange sjelene som er komne endå, så vi får kjøpt oss mat før det blir lang kø. Så blir det no litt rusling rundt for å slå av ein prat med bygdefolket. I mellomtida gjer dei klart til å komme i gang med leikar for små og store. Spikarslag, natursti og luftgeværskyting, for å nemne noko. Eg brukar stort sett alltid å prøve meg på naturstien, men eg skal på jobb klokka halv fire, så eg rekk det ikkje. Det blir ei kort 17.mai-feiring på meg i år.

Bunaden blir erstatta med uniform. Eg pakkar nista mi og fyller thermosen med tevatn. Har laga meg pastasalat som eg skal kose meg med på jobb. Vi brukar nesten alltid å vere saman med mamma og pappa på 17.mai om ettermiddagen/kvelden, anten hos oss eller hos dei. Då et vi rømmegraut ved eit bord som er fint pynta med rødt, kvitt og blått. Dette året blir det ikkje slik. Mamma og pappa er på ferie, og eg er altså på jobb. Dei som er igjen heime hos meg skal riktignok ete rømmegraut, og eg får restane når eg kjem heim rundt midnatt. Men; DET blir jo ikkje det same som å sitte samla rundt bordet heile familien. Vel, det er ingenting å gjere med det. Flagg og bjørkekvistar pyntar opp i ein vase, og telysa brenn stille, så LITT koselig er det no på jobb òg då:)

I kveld tenkte eg å sette opp vaktplanen for 2011. Ja, for eg må finne ut om eg har fri på 17.mai neste år. Då skal eg nemlig starte dagen med ein tur på Hesjetinden!

fredag 14. mai 2010

Med kamera i lomma

Eg minnast så godt eitt av dei aller første bilda eg tok. Vi var på ein ferietur, og eg kunne vel vere rundt seks-sju år gammal. Eg fekk låne kameraet til pappa for å fotografere tanta mi. Bildet kan eg endå sjå framfor meg, og eg har det vel i eit album ein eller annan stad. Mellom høge, nakne granstammar måtte ho stille opp med ein bukett røsslyng i handa, og smile pent:) Eg hugsar kor stolt eg var då bildet vart framkalla. At det var uklårt, og at det igrunn var alle trestammane som vart hovudmotivet, det var absolutt ikkje vesentleg for ei jente på den alderen.

Nokre år seinare drog eg til Solund på sykkeltur med klassen min. Pappa var snill å la meg låne kameraet sitt. Det var av den manuelle typen, så både blendaropning og lukkartid måtte stillast inn. Dette var noko eg slett ikkje hadde greie på, så eg hugsar pappa laga ein lapp til meg med forklaring på korleis eg skulle stille inn, alt etter om det var overskya eller sol. Kameraet var på ein måte festa inni ei slags veske, med ein hard front som verna objektivet, og som kunne kneppast av og på. Inni der hadde eg lappen liggande. Og "oppskrifta" til pappa fungerte nok bra, for det vart absolutt fine bilde frå turen:)

På ungdomsskulen hadde eg foto som valfag. I tillegg til å få litt meir generelle kunnskapar om emnet, fekk eg prøve meg på framkalling i mørkerom. Det var spennande! Eg kan endå mane fram den spesielle, litt syrlege lukta av dei ulike væskene vi nytta. Kvar veke såg eg fram til desse foto-timane, der vi fekk prøve og feile. Lærerikt!

Til konfirmasjonen fekk eg mitt eige kamera. Eit heilautomatisk kamera av merket Nikon. Kor mange filmrullar som gjekk igjennom dette, det har eg ganske enkelt inga aning om, men det var mange! Eg fylte det eine albumet etter det andre. Ikkje minst etter at eg vart mamma! Å få alle situasjonar rundt babyen festa til filmrullen, var viktig for meg. Dei første smila, den første grauten, leik og gråt, det første steget som vart tatt - og seinare også alle bursdagar, ferieturar, første skuledag, og sjølvsagt også massevis av kvardagshendingar. Når eg høyrer foreldre seie at dei tek lite foto av ungane sine, så trur eg ikkje dei er klar over kor store verdiar dei går glipp av!
Vel; etter åtte år var det stopp... Det kjære kameraet mitt begynte å jukse, og det rett før eg skulle gifte meg!! Det var med andre ord krise! Nytt kamera måtte kjøpast før bryllupet - det var det ingen tvil om. Eg investerte i speilrefleks. Minolta denne gangen. Fantastisk! Eg tok mange tusen foto med det kameraet, av blanda kvalitet... Berre dei beste fekk plass i album, naturleg nok. Som eg har fått fram i eit tidlegare innlegg, så må eg vel reknast som perfeksjonist. Også når det gjeld album. Kvart einaste foto får plass i kronologisk rekkefylgje, og tekst og dato er ein sjølvsagt ting. På ryggen av albuma står årstalet for innhaldet, slik at det skal vere lett å finne fram foto frå ei bestemt hending. Ingenting er som eit ryddig album, og eg håpar at det i framtida vil vere til stor glede for ungane mine og deira etterkomarar, når eg ikkje lenger finst. Dei skal sleppe å lure på kven som er avbilda, kva årstal bilda vart tatt, eller kva slags situasjon eg har fotografert. Det trur eg er verdifullt!
Før verda vart digital på dette området, så fylgde det alltid med fem-seks strimlar med negativar kvar gang eg fekk framkalla ein film. Også desse måtte det vere orden i, så klart! Så dei vart sett i negativalbum, også i kronologisk rekkefylgje, og med ei nummereret liste som ga full oversikt.

Men etterkvart skjedde det revolusjonerande ting. Digitale kamera gjorde sitt inntog. Men nei, dette skulle eg slett ikkje ha! Eg hadde sett bilda som pappa hadde tatt med sitt digitale kamera, og eg likte dei ikkje. Det gjekk liksom an å sjå at dei var digitale... Og når eg ser dei bilda den dag i dag, så meinar eg framleis det same. Men eg skjønnar jo no at det truleg var kvaliteten på kameraet som sikkert ikkje var den beste. Vel-vel; eg tviheldt i alle fall på mitt gode, gamle speilreflekskamera, eg. Digitalt var heilt uaktuelt! Men smått om senn såg eg jo at det var svært mange fordelar med digitale foto. Det var så mykje ein gjere med bilda. Ja, det fanst jo ingen grenser for redigering og bruksområde! Smart, igrunn... Eg måtte nok innrømme det. Men enn så lenge klarte eg meg med det kameraet eg hadde.

For tre-fire år sidan fekk eg ein liten, hard pakke til jul. Kan du gjette kva som skjulte seg under papiret? Nettopp! Eit digitalt kamera - heilt utan at eg hadde hatt det på ynskjelista ein gang! Det vart mykje knipsing den jula. Måtte prøve ut ting og tang. Berre det at eg kunne sjå bildet med èin gang, var jo ein revolusjon! No slapp eg å ta tre ekstra bilde av same motiv, berre for å vere sikker på at i det minste èitt av dei skulle bli bra, og så vart eg sittande med fire-fem like bilde når eg fekk dei framkalla... For no kunne eg berre slette dei mislukka bilda etterkvart, og ta eit nytt. Supert!

I ettertid har eg også investert i eit digitalt speilreflekskamera, så eg kan velje kamera etter kva situasjon eg treng det i. Det er ikkje alltid så praktisk å drakse på eit stort speilreflekskamera på ein fjelltur f.eks. Då er det greiare å putte det vesle kompaktkameraet i lomma. Dei siste åra er det nok naturen som har vore hovudmotivet mitt. Dette heng delvis saman med at ungane mine har blitt store, og ikkje lenger syns det er like kjekt å bli fotografert av mamma... Men på fjellturar har eg kameraet veldig ofte med meg, og gjerne også på lengre bilturar. Uventa motiv kan brått dukke opp, og det er gjerne det som gir dei beste bilda! Èin ting har eg i alle fall lært, at om eg ikkje har kameraet med, så kan eg vere sikker på at det dukkar opp eit motiv eg gjerne skulle ha fanga i linsa... Betre å ha det med èin gang for mykje, enn èin gang for lite:) Og er det nødvendig, så legg eg meg gjerne strekk ut på våt mark for å få akkurat det bildet eg vil ha. Eit motiv på bakkenivå kan ikkje takast ovanfrå - enkelt og greitt!

135 mm-filmrullen vart altså historie også for meg, sjølv om eg hang litt etter...  Det gamle kameraet mitt har eg ikkje eingang tatt vare på som ein suvenir. Det har ganske enkelt gått i bosset. Eg har nok av "kjekt å ha"-ting frå før, så eg treng slett ikkje samle på ein ting eg aldri meir kjem til å nytte. For no kan eg ikkje eingang hugse korleis det var å ta eit foto utan å kunne sjå resultatet med èin gang... Det hadde eg neppe takla i dag:)

fredag 7. mai 2010

Steinrøys, steinrøys, svelt i hel

Ordet steinrøys er ganske skildrande for der eg har busett meg. Ja, ikkje for grenda eller området i seg sjølv, som ligg fint til ved Espelandsvatnet, men for tomten vår.  For snart 14 år sidan var gravemaskin og borerigg på plass, etter ei tid med planlegging og teikningar.
450 kubikk med stein vart sprengt, og mykje måtte køyrast vekk til folk som trengde litt fyllmasse. Ei spennande tid låg framfor oss, og det var kjekt å fylgje med på utviklinga av det heile. Støyping av plata, grunnmuren som tok form, reisverket som etterkvart kom opp, før innreiing og meir finarbeid kunne ta til. Vi hadde uvurderlig hjelp frå fleire familiemedlemmar, og ganske nøyaktig 10 mnd seinare kunne vi flytte inn i nytt hus. Riktignok med uferdig kjellar, der vaskemaskina stod rett på betonggolvet inntil vidare, og der veggplatene endå mangla. Men dette ordna seg etterkvart...

Med ein liten baby i tillegg til ein treåring, var det ikkje i mine tankar å sette i gang med opparbeiding av hage første sommaren. Det fekk bli med nokre urner på den store altanen. Men etterkvart måtte eg ordne litt rundt husveggane, og sette i gang med å lage bed. Litt provisorisk i starten, så fekk eg heller gjere meir utav det seinare. Etter tre år melde neste baby sin ankomst, og i forkant av barnedåpen tok vi eit skikkeleg skippertak. Med god hjelp fekk vi i stand eit stort "plantefelt" nede ved innkøyrsla vår, og eit bed ved altanen. Jaudå, no vart det liksom litt meir hage rundt oss. I løpet av året vart det også sådd plen på nedsida av huset, så sommaren året etter kunne 1-åringen stabbe rundt på grønt gras. Eit lite plommetre vart "arva" av foreldra mine, og fekk plass i enden av plenen - den einaste staden på heile tomten det var djupt nok... Treet har sidan gitt oss uante kilo med nydelege plommer!

Sakte men sikkert vart det meir grønt rundt huset. Men ikkje utan frustrasjon... No skal det no seiast at vi ikkje har mangla jord på tomten vår, så om dette hadde vore i Anne Knutsdotter si tid, så hadde det kanskje ikkje vore fare for noko "svelt i hel". Men same kvar vi stakk spaden i jorda, så støtte vi mot stein. Eg har ikkje tal på kor mange timar eg har stått med baken i vèret og kjempa for å løyse både små og store steinar opp av jorda, både med hendene og diverse andre reiskap. Det vaks fort ein haug med stein ved sida av meg etterkvart som eg jobba, og kvar skulle vi gjere av alle massane?? Alt vart samla på tunet, i ei steinrøys. Denne vart etterkvart til glede for ein nabo litt lenger ute i veien;) Men han fekk ikkje alt. Ein stor del av steinane i jorda vår synte seg nemlig å vere flotte heller, og desse tok eg naturleg nok vare på. Både grå, naturkvite og brune - i ulike nyansar og størrelsar. Eit par av hellene vi grov opp var rundt 1,5 kvm, og desse var ikkje akkurat lette å handtere... Den tredje som dukka opp av denne dimensjonen, stod på høgkant nede i jorda, og den måtte vi gi oss på. Det var rett og slett umogeleg å få ho laus. Men haugen med heller vaks seg stadig større, etterkvart som store delar av jorda på tomten vår var blitt endevendt. På oppsida av huset fekk vi på plass ein bakkemur, og her kom desse hellene til nytte. Pappa, som har mange års erfaring som murar, viste meg korleis eg skulle bruke hellene til forblending, og deretter fuge. Ingen heksekunst, men tidkrevjande arbeid - særleg med tanke på at muren er rundt 17 meter lang... Det tok meg to somrar å bli heilt ferdig!






I den eine enden av muren hadde eg for lengst bestemt at det skulle opp ein UTEPEIS. Dette "hjørnet" var liksom ikkje brukande til noko anna, og dessutan hadde eg i mange år drøymt om nettopp ein slik peis. Riktignok ville han komme eit stykke i frå sittegruppa på altanen vår, men slik måtte det bli. Det ville nemlig passe perfekt å plassere ein peis delvis oppå det skrå berget!


Eg hugsar ikkje eksakt, men det tok i alle fall to år trur eg, frå eg starta planlegginga, og til peisen stod der. Ting tek tid... I løpet av denne tida dumpa det ein katalog frå Bohus ned i postkassen min, med temaet hagemøblar. Ei eksklusiv sittegruppe var avbilda på ein usedvanleg hyggeleg uteplass, ved sida av ein gigantisk peis. Og nettopp denne peisen ga meg litt idèar til korleis MIN peis skulle sjå ut. Eg ville nemlig ikkje ha ein sånn som "alle andre" har. Ja, ikkje at utepeis er noko ein finn i einkvar hage, men i alle fall; eg skulle ikkje ha ein kjedeleg, firkanta brunost med hòl i midten. Så bildet vart nappa ut av katalogen og tatt godt vare på, og med jamne mellomrom tok eg det fram att for å planlegge - og drøyme... Etterkvart fekk eg tankane ned på papiret, i form av ei ganske detaljert teikning, og ut i frå denne laga eg også arbeidsteikning med nøyaktige mål.

Så kom då endeleg den dagen då vi kunne sette i gang med byggverket. Utolmodig som eg er av natur, så ville eg helst at betongen skulle størkne litt fortare enn det som faktisk var mogeleg...., slik at vi kunne gå i gang med forskaling av neste "etasje". To somrar gjekk det også før peisen var ferdig - støyping det første året, medan forblending og fuging vart gjort sommaren etter. Steinriket i Førde var ekstremt serviceinnstilte. Siste dagen før dei tok ferie, ytte dei alt for å få kutta/knekt skiferhellene etter malane eg møysommeleg hadde laga. På den måten kunne eg bruke min ferie til å få gjort siste finpussen, slik at eg kunne glede meg over ein heilt ferdig utepeis denne sommaren:)










So far, so good. Men fleire prosjekt venta... Ei trapp måtte på plass mellom peisen og muren, og ein mur måtte opp i berget ved sida av peisen...  Begge deler er no på plass (om enn ikkje 100% ferdigstilt), og då melder neste prosjekt seg heilt av seg sjølv - heilt utan at eg har bedt om det... For på begge sider på toppen av trappa må det gjerast noko. Her er det jord som må haldast på plass. Altså; to nye murar må opp... Pr dags dato er eg kommen så langt at eg har spadd vekk nødvendig jord, fått vekk ein mindre fjellknaus som var i vegen (dvs; den jobben er det gubben som har stått for), og spylt berget reint. Forskaling er neste steg!

Det er ganske grønt rundt huset no, 13 år etter at vi flytta inn. Om eg har grøne fingrar skal vere usagt, men det er vel ikkje så fælt mange planter i hagen min som ikkje har vist trivsel - ja, til dels STOR trivsel, bokstaveleg talt... Som bildet frå 2010 viser, er det ikkje lenger nødvendig med bork for å halde ugraset vekke. Plantene dekkar så godt som HEILE bakken, trass i at eg klipper med "hard hand" kvar vår. Det er knapt råd å gå mellom dei når eg skal klippe, så nokre planter har eg flytta på, fordi det vart for tett.
Men planter har blitt flytta på også av andre grunnar. Ting blir ikkje alltid slik eg i utgangspunktet har tenkt meg... Eg anar ikkje kor mange gangar eg har "ommøblert" i beda mine. Kvar vår syns eg at krokusane og påskeliljene kjem opp på feil plass, og altfor lite samla. Det er jo meininga at dei skal stå i gruppe og skape kontrast til primulaene mine!? Så når høsten kjem prøver eg å ordne på dette, og kvar gang trur eg at NO skal det bli "riktig". Men nei... Når vårsola atter skin, så er konklusjonen den same: Det var IKKJE slik det skulle bli! Ny ommøblering...



For eit par år sidan sa eg til ein kollega av meg, at eg såg fram til den dagen eg var ferdig med alle prosjekta i hagen min, og berre kunne luke litt ugras her og der (og sidan eg har bork i dei fleste beda mine, er det ikkje så mange stader eg treng å luke). Han svara at ein blir vel aldri ferdig, men det var eg ikkje heilt einig i. Ikkje før no. Eg har ombestemt meg. No ser eg at over alt er det noko eg skulle ha funne ei betre løysing på, eller som treng å gjerast om på eitt eller anna vis - eller ganske enkelt berre vedlikehaldast. Så èin ting er i alle fall sikkert: No når steinrøysa etterkvart har blitt forvandla til ein hage, så blir eg aldri arbeidslaus...











fredag 30. april 2010

Når Albert Åberg er tremenning

Seks-sju par sko "lyser" mot meg i vindfanget. Dei står ikkje pent på rekke og rad inntil veggen eller skohylla. Nei, dei står liksom sånn tilfeldig spreidde utover golvet. Tre skulesekkar likeså, pluss ein gymbag. "Kan de vennligst rydde i gangen?" ropar eg, ein smule irritert. Jadå, det skal dei. Skal berre gjere ferdig noko på data'n først. På spisebordet i stova ligg ein stabel med kle eg la i hop for fire dagar sidan, og som yngstejenta har fått beskjed om å legge på plass i skapet sitt, MANGE gangar. Ho eldste har omsider tatt sin stabel, men det ligg altså èin igjen. Men ho skal berre ut og stelle hesten først, så skal ho legge kleda på plass. Vel, eg ser framleis den stabelen på spisebordet, eg...

Eg går ned i kjellaren for å sette på ei vaskemaskin. Svingar innom badet som jentene har for seg sjøl der nede, for å ta med meg skittentøyet derifrå. Som så ofte før, så får eg hakeslepp når eg opnar døra.... Eg skal ikkje gå i detaljar, og ikkje hugsar eg kva slags "skal berre" som vart sagt då dei sist fekk beskjed om å rydde der, men det er i alle fall endå ikkje gjort! Men eg tek det ikkje. Dei lyt lære seg å rydde sitt eige rot. Det er ikkje slik her i livet, at alle andre ryddar etter ein. På arbeidsplassen min heng det eit klistremerke med teksten: "RYDD ETTER DEG. DIN MOR ER IKKE MED DEG PÅ JOBB". Målet mitt er at ungane mine skal oppdage at mor faktisk ikkje har verken lyst eller kapasitet til å rydde etter dei over alt, lenge før dei kjem ut i arbeidslivet...

Mine tre håpefulle har kvar sine rom. Relativt store. I alle fall så store at det er litt golvplass igjen når både pc-bord, seng og diverse andre småmøblar er plasserte. Likevel er det omtrent uråd å komme seg til og frå senga. Eg veit ikkje heilt korleis dei fiksar det der kvar kveld og morgon. Kan hende har dei ein slags innebygd GPS som eg ikkje er orientert om? Mor masar igjen: "RYDD rommet ditt!" Jaaadå, men ikkje akkurat no. Eg skal berre....

Sjøl om eg likar å ha det ryddig og skikkelig rundt meg til ei kvar tid, så er det likevel litt opp og ned med husarbeidet her i heimen. Men eg tenkte å gjere litt i dag. Støvsuge, tørke støv, rydde litt (etter alle...) og vaske golv. Det vil sei; eg skal berre svinge heklenåla nokre omgangar først, og så skal eg berre lese eit par kapittel i boka mi:)

PS: Det høver seg ikkje å legge ut relaterte foto til emnet... ;p

fredag 23. april 2010

Du plagsomme søtsug - gå din vei !

I fjor sommar fekk eg ei ny "venninne". Helena heiter ho, og jobbar hos Grete Roede. Etter å ha innsett at eg rett og slett ikkje lenger hadde nok motivasjon til å klare å gå ned i vekt på eiga hand, bestemte eg meg for å prøve eit nettbasert kurs. Gjennom åtte veker skulle Helena hjelpe meg til eit sunnare liv og ei slankare linje. Motivasjonen var på topp. Plutseleg dreia kvardagen seg veldig mykje om kaloriinhald, trimpoeng og kosemerke. Så sant eg var heime og hadde tilgang til kjøkkenvekta mi, så vog eg alt eg putta i munnen, med unntak av grønnsaker. Eg åt igrunn akkurat same maten som før, berre i mindre mengder. For kvardagskosten min har vore heilt normal. Det har berre blitt litt for mykje...  Sjøl om eg i lang tid har bakt grove brød og hatt fokus på å ikkje bruke meir sukker og fett i maten enn nødvendig, så kan ein likevel ikkje hive innpå i store mengder utan at det får sine fylgjer. Til dømes inneheld grovbrød mykje kaloriar, og ein kalori er no ein kalori - anten den kjem frå brød eller anna mat, så her må ein vere obs. Eg fekk meg i alle fall mange a-ha-opplevingar då eg begynte å vege maten. Svært lærerikt på mange måtar! Frukt og grønt har lenge vore ein sjølvsagt ting for meg å ete dagleg, og eg syns det er GODT. Men eg skal ikkje stikke under ein stol, at eg i tillegg også synst at søt mat er veldig godt... Kaker, vafler, gjærbakst, sjokolade, kjeks, is - you name it... Det finst igrunn ikkje ein ting i den kategorien der som ikkje går ned på høgkant hos meg. Og eg har liksom aldri forstått kvifor eg skal nøye meg med eitt eller to kakestykke, viss eg kan ta fem...??? Ja, ikkje før etterpå i alle fall... Men dette skulle altså Helena hjelpe meg med å takle. Mental trening er aktuelt i Grete Roede. Her skal ein på førehand bestemme seg for kor mykje ein skal ta, og halde seg 100% til det. Altså; er eg i selskap og ser at is og eplekake blir sett fram på bordet, så skal eg bestemme meg for at eg skal ta èin klatt med is (helst ikkje så altfor stor), og èitt lite kakestykke. That's it! Jo, eg syns eg var flink med desse kosemerka mine. Kosemerke er eit visst antal kaloriar av nei-mat som ein har "disponibelt" kvar veke. Ja, for ein SKAL jo kose seg. Ein må berre lære seg å begrense den kosen, liksom...

Ting gjekk på skinner. Eg vart endå flinkare til å trimme enn før, og vekta gjekk fortare nedover enn forventa. Buksene vart romslege, og belta måtte strammast. Ein fantastisk følelse!

Så skulle vi vekk nokre dagar. Minstejenta skulle delta på Landsskyttarstemnet på Evje. Eg hadde framfor meg fem dagar utan kjøkkenvekt. Fem dagar! Men Helena heldt optimismen oppe i meg. Dette skulle gå så fint, så! Eg hadde jo dei siste vekene lært meg omtrent kor mykje, og kva, eg kunne ete i løpet av ein dag. På avreisedagen laga eg meg niste. Ein matboks med grovbrød, og masse sunt og fargerikt eg kunne knaske på. For eg skulle ikkje innom ein Statoil-stasjon og kjøpe meg tre ferske rosinbollar for 29 kroner! Nehei! Då vi kom fram til hytta var vi slitne og svoltne. Vi stakk innom butikken og handla litt der, før vi laga oss eit måltid. Ein eller annan i familien - eg veit ikkje kven - putta ein pose med gifler i handlevogna.
Desse små, saftige og litt klissete kanelbollane, veit du, som har "best-før-dato" sånn cirka to år fram i tid. I høgste grad nei-mat for meg, så denne posen skulle eg ikkje lukte på eingang! Men, så skjedde det noko som eg ikkje heilt forstår. Då eg hadde ete kveldsmaten min, så gjekk liksom høgrehanda sånn heilt av seg sjøl bort til posen med desse klissete bollane. Oi, den glei lett ned, gitt...! Og èin til, og endå èin... Men det fanst ingen angreknapp... Gjort var gjort. Eg fekk berre starte med blanke ark og fargestifter til neste dag.

Freia lanserte ein ny sjokolade på desse tider. Melkesjokolade med bitar av jordbær. Når vi neste dag går i butikken for å handle litt småtteri, blir ei sånn stor sjokoladeplate med i posen, i tillegg til ei eplekake og ein Stratos. Mental trening. Eg skal ta berre tre ruter av den nye sjokoladen. Og sånn ferdigkjøpt eplekake er jo ikkje godt ein gang, så den treng eg slett ikkje smake på. Dei andre likar ikkje den nye sjokoladen. Desse jordbærbitane var visst ikkje noko særleg. Dermed kan eg ta fram Knutsen og Ludvigsen sin tankegang frå då dei skulle dekke bord til kongen som ikkje kom: Då blir det meir til meg! Jahh! Men den eplekaka... Skal eg smake på den likevel...? Ny form for mental trening. Eg spør meg sjøl om kva som er viktigast for meg no; å framleis gå ned i vekt, eller å ta eit stykke av den kaka berre fordi eg har lyst på meir søtt...? Æh! Eg er på jo på FERIE! Må no leve litt òg! Dessutan har eg jo allereie ete meir sjokolade enn eg skulle. Så eg bestemmer meg for å utsette den mentale treninga...

Om kvelden, etter ein dag på Evjemoen blant tusenvis av skyttarar og tilhøyrande familie, blir det bestemt at alle vi frå Hyllestad skal samlast til felles grilling. Kjekt og sosialt. Alle handlar inn kvar til seg og sin familie. Pølser og brød, kyllingfilèt til meg som skal ete magert, grøn salat og potetsalat. Mental trening. Eg skal ete èin kyllingfilèt, grøn salat og litt potetsalat. Ungane er opptekne med bading og kanopadling, og har ikkje "tid" til å ete så mykje som dei i utgangspunktet trudde. Så kva gjer vi med alle pølsene vi har grilla for mange av? OK, eit par-tre pølser med brød kan vel ikkje bety så mykje til eller frå? Og ein god klatt med potetsalat smakar veldig godt attåt...

Vi er vèl heime att etter turen. Det er tre dagar til eg skal levere rapport til Helena. Uff... Det KAN ikkje vere riktig at eg har gått opp to kilo?? To kilo på fem dagar??!! Snakk om nedtur... Men Helena gir meg oppmuntring. Du skal ikkje samle på nederlaga, skriv ho til meg, på ei blandig av svensk og norsk. Legg dei bak deg, og gå vidare! Jepp, verre er det ikkje. Eg startar på nytt med Prøysens blanke ark og fargestiftar, og det tek forbausande kort tid å få dei to kiloa vekk att.

Målet er nådd før kurset er avslutta. Eg bestemmer meg for å gå ned eit par-tre kg meir enn eg i utgangspunktet hadde tenkt, sidan eg likevel har igjen litt av kurset. Eg er jo så godt i gang. Ting går av seg sjøl no, og eg kjenner kor mykje betre eg har det på alle måtar når eg et sunt og trenar mykje. Og at vekta har gått ned er jo på ein måte "berre" ein tilleggsbonus. Helena anbefalar meg å ta eit "Hald vekta-kurs" når eg er ferdig. Dette for å få rettleiing i korleis eg gradvis skal auke matinntaket mitt etter dietten, for å unngå å legge på meg igjen. Eg bestemmer meg for det, og gler meg til at Helena no skal fylgje meg heilt fram til sommaren.

Høsten går greit. Vekta er stabil, og eg føler meg vèl. Etterkvart blir butikkane julepynta. Eg må kjøpe meg nye kle til julefeiringa, no når eg har minka ein del centimeter både her og der. Så er det på tide å tenkje på å fylle frysen og kakeboksane. Eg set opp ei liste over småkaker eg har lyst å lage. Har funne eit par nye oppskrifter eg har lyst å prøve dette året. Dessutan bestemmer eg meg for å bake både tjukklefser og lefsekling. Det vart ikkje gjort året før. Og loff og julebrød må vi ha. Og sylteflesk, sjølvsagt.

Lukta av nybakte pepperkaker spreier seg i huset. Herlig! Men den mentale treninga gjekk rett i vasken. Det er nemlig ikkje berre ungane som likar pepperkakedeig. Mora òg... Det er jo berre SÅ himmelsk, man...!! Og så må eg jo smake på kakene i tillegg. Men no er magen min vant med sunn mat i ikkje så altfor store mengder. Så no blir det protestar. Eg er rett og slett uvèl. Slik blir det store delar av desember. Og julehelga vert intet unntak. Det blir ganske enkelt for mykje av feil type mat. Det er plutseleg ikkje så kjekt å gå i det nye skjørtet eg har kjøpt meg, med stretch-belte på...

Nytt år. Nye, blanke ark. Eg avtalar med Helena at eg skal gå tilbake til eit dagleg inntak på 1300 kaloriar ein periode. Men den perioden blir lang. Motivasjonen er dårleg. Søtsuget vart vekt til liv i jula. Det ligg der som ein demon og truar meg heile tida. Alt av søt bakst i frysen står i fare for å få eit kort liv, og det gjer også Nugattiboksen i skapet... Og har eg ikkje noko godt, så går det jo an å lage noko godt. Det er berre å gape opp og putte inn! Flott og stabilt vintervèr gir meg mange skiturar der eg forbrenner masse kaloriar. Det blir også ein del fjellturar til fots. I tillegg trenar eg litt styrke, og eg trenar med Friskis & Svettis to kveldar i veka. Enkelte veker har eg svært mange trimpoeng. Men det er ikkje nok... Inntaket er høgre enn forbruket. Det reknestykket er enkelt. Det blir mange rop om hjelp til Helena, som på beste vis prøver å hjelpe meg tilbake på rett kjøl, med gode råd og oppmuntringar basert på kunnskap og erfaring. Og det skulle jo berre mangle. Ho har jo betalt for det. Men eg er SÅ glad for at eg har henne akkurat no, og til slutt klarar ho å hjelpe meg tilbake til målet - endeleg! Men no står jo påska snart for døra...!? Eg skal ikkje fylle kakeboksane mine til påske, neidå, men likevel... Det blir alltid litt ekstra i høgtidene. Eg innser at det kan bli ein ny nedtur. Og ganske riktig; det blir det...

No er det snart tre veker sidan påske. Søtsuget riv og slit i meg heile tida. Eg opnar stadig skapet på kjøkkenet og ser på rosinboksen og Nugattien som står der. Skal - skal ikkje... Øver meg på mental trening. Av og til lukkast eg, men i dei fleste tilfella gjer eg det ikkje... Men eg gir ikkje opp. Eg har endå aldri tenkt at er løpet køyrt, og at eg like godt berre kan halde fram med å ete "feil". Aldri! Eg er "stadig optimist" som Lillebjørn Nilsen syng, og satsar på at eg skal klare å komme tilbake på rett spor. Mange gode vanar er nemlig innarbeidd i løpet av Grete Roede-kurset, og dei vil eg gjerne ta med meg vidare. Og eg veit kor mykje betre eg har det når eg et sunn mat i riktige mengder, og ikkje minst kor mykje meir vèl eg føler meg "utanpå". Eg har framleis mange kilo i minus i forhold til utgangspunktet, men eg veit at no MÅ eg snu, om eg ikkje skal legge på meg meir. Dessutan; det er ikkje lenge til den mykje omtalte BIKINISESONGEN er her! Så ver så snill, du plagsomme søtsug - GÅ din vei!