Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

fredag 17. august 2012

Eventyr ved havet


Det er første dagen i august. Ferien min går mot slutten, noko som unekteleg vitnar om at sommaren tikkar mot kjølegare tider. Eg er på Vevlingen, ei øy nordvest for Florø, der havet er nær og trafikkstøyen langt unna. Rolege dagar med sol og siste rest av feriemodus. Men blir det no eigentleg sol? Midt på dagen heng det grå skyer over oss. Berre ein og annan stad kan eg sjå litt blå himmel, i alle fall om eg stirrar ekstra hardt mot skydekket og legg på ein porsjon med innbilling. Men yr.no har meldt at det skal blir klårare utover dagen, og vi klamrar oss til det.

Yr får rett. Skyene lyt pent vike for sola, og langbuksa og gensaren blir erstatta med lettare plagg. Vinden stilnar, og det blir ein riktig fin ettermiddag. Det ligg an til å bli ein flott solnedgang ute i havet, og vi bestemmer oss for at den må vi få med oss på beste vis. Klokka ni på kvelden stig eg om bord i båten i lag med Jostein. Eg er så heldig å ha privat "skipper". På stille sjø tek han meg trygt fram gjennom trange sund mellom holmar og skjer. Utanfor leia må ein vere godt kjend for å kunne gå med båt. Og det er heldigvis Jostein.



Ein måse sit som ein konge på toppen av eit høgt skjer, med blikket vendt ut mot havet. Ein annan siglar over oss, før han går inn for landing på velkjend grunn. Vi nærmar oss Ystevika på vestsida av Store Batalden. Der glir vi roleg inn over flott tareskog, som nesten minner om enorme blomster. Vi går i land, og ruslar over knudrete berg eit stykke, før vi vidare går gjennom lyng og gras opp til den vesle haugen til fyrlykta. Endå er det ei god stund før sola går ned, men det er allereie eit vakkert fotomotiv. Eg har nesten ikkje tid til å nyte av det vi har med oss i sekken. Folk flest nøyer seg kanskje med nokre få foto av ein solnedgang, men eg held utløysarknappen på kameraet varm, og dette er ei slik stund der eg er glad for at filmrullen er ein saga blott. Dét alternativet hadde blitt kostbart...




Det overraskar meg at det ute ved havet er så vindstille at knotten er ivrig. Vi flyttar litt på oss for å prøve å finne ein ørliten trekk, i håp om å sleppe for mykje selskap. Framfor oss endrar fargane seg etterkvart som sola fell lavare. Skyene har vakre formasjonar. Der hav møter himmel ser dei små dottane mest ut som krusedullar av gull, medan skyene høgre oppe dannar lange, ferskenfarga striper. Langt der ute glir eit cruiseskip sakte gjennom solnedgangen, like under den glødande kula. Vel, eg er kanskje ikkje heilt åleine om å ta mange foto denne kvelden likevel? Så kjem den nesten magiske stunda, der sola treffer havflata. Når ho først er kommen så langt, går det liksom så fort. Brått er ho slukt av havet, og det blir straks mørkare. Det er over for denne gang.



Med rundt 25 knop susar vi attende mot Vevlingen i skyminga, og eg gir vinden fritt spelerom til å forme frisyren min. Det finst ikkje ei einaste bølgje å ri på. Bak oss ligg Store Batalden og Litje Batalden heilt svarte der dei stikk opp av sjøen, og skaper stor kontrast til horisonten, som endå er pastellfarga i vest. Framfor oss har himmelen derimot fått ein djup blåfarge. Fullmånen har avløyst sola og kastar eit svakt lys over øyane, og det glitrar av månesølv i sjøen som ligg blank og stille. Eg veit ikkje heilt kva retning eg skal velje å sjå i. Det er så vakkert alt i hop, og eg må få med mest mogeleg.



Det er nesten midnatt når vi legg til ved bryggja. Knotten bit. Himmelen er nesten skyfri, og vi har litt vanskeleg for å tru at det skal bli regn dagen etter, slik dei melder på yr. Men det spelar inga rolle, for akkurat no er eg rusa på ei flott oppleving som eg kan glede meg over sjølv på ein regnvêrsdag. Det heile kjennast nesten litt uverkeleg. Å reise over blikkstille hav frå ein nydeleg solnedgang til stemningsfullt måneskin, er som eit eventyr. Og eg var heldig å få vere eventyrfigur denne gangen...