Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

søndag 8. september 2013

Bratt, langt, hardt - men VAKKERT!

For andre gang hadde eg planlagt fjelltur på Møre. For andre gang var eg særdeles heldig med vêret. Ja, det går ikkje an å vere meir heldig enn eg var i dag, faktisk. Litt skodde og lette skyer låg over Ørsta då eg våkna i dag tidleg, men det tok ikkje lang tid før skydekket sprakk opp og sola kikka fram.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------

Kollega Geir Magne plukkar meg opp, og så susar vi litt ut på "landet" i den vesle limousinen hans. Undervegs i bilen spør Geir Magne om eg går mykje på fjellet til vanleg, og eg seier som sant er, at eg prøver å få til to-fire turar i veka på småtoppane rundt der eg bur. "Åja, såpass", svarar han, og trur sikkert at det er ei usedvanleg sprek dame han skal ha med seg på fjelltur. Når han etter kvart viser meg terrenget han har jakta i, og eg påpeikar at der er det no fryyyyyktelig bratt, så berre bles han og seier at det er no slett ikkje SÅ ille. OK, han skal sikkert berre imponere litt. Eller...? For det VAR virkelig bratt i lia han peika på... Det må no kjennast både på pulsen og i låra å gå i det terrenget der? Eg nektar å tru noko anna.

Så er det på tide å sette kroppen i sving. Gjennom eit lett kratt av fjellbjørk svingar stien seg oppover, og vi går mot ei rekke av spisse tindar. Pause. Må jo puste litt! Prøver å prate samtidig som eg går. Pause. Tindane kjem litt nærare. Ny pause. Skjønnar fort kven av oss to som er den sprekaste. Og her har eg skrytt av kor ofte eg går på fjellet ?! Det er jo nesten flaut. Stakkars fyren har ofra hjortejakta ein heil dag for å gå på fjellet med meg, og så skal han måtte slite med eit slikt turfylgje? Endå ein pause. "Eg trur du skal få gå først", kjem det så. Han skjønnar vel etter kvart at her må eg styre tempoet... Men vi sig no oppover, sakte men sikkert. På ei nettside las eg at Skårasalen er den desidert lettaste å bestige av toppane i Sunnmørsalpane. "Det koster ikke en kalori å gå opp", stod det. Vedkommande som har forfatta den teksten kunne eg tenkt meg å ha nokre alvorsord med. Eg er sikker på at om eg hadde brukt pulsklokka mi i dag, så hadde den vist eit forbruk på minst 2000 kaloriar. Når det står at ein topp er lett å bestige, så forventar eg passande stigning for ei "sprek" dame som meg. Men det er bratt. Det er langt. Det er hardt. Ikkje ein kalori liksom?? "Her var det jammen bratt", prøver eg meg forsiktig med. Geir Magne ler. Bratt??? Og så blir eg fortalt at dei andre toppane her ikring er LANGT brattare. Og eg som har investert i turkart over Sunnmørsalpane då, gitt.... Wasted money! Viss dei andre toppane er endå brattare, så trur eg eg kan selge det turkartet billig...

Stien går over i grov ur. Eit fly durar over oss. Trur vi. Faktum er at det er vatn frå den vesle breflekken på toppen som renn under ura, og lagar ein heilt spesiell dur. Artig! Resten av turen går i steinur. Fortsatt bratt. Fortsatt langt til toppen. Men no er vi i siget. Litt pausar innimellom, så går det fint. Fleire stader, midt i ura, er det små "kjelder" av kaldt og friskt brevatn. Godt for tørste fjellvandrarar. SÅ ser vi vardane! Når målet er i sikte, er det litt lettare å hente fram den siste energien som trengst for å komme seg opp. Etter to og ein halv time får vi lønn for strevet. Det er berre heilt rått å sjå ut over det spektakulære landskapet! Spisse tindar, brear, fjord og steile fjellveggar. Det kan no ikkje finnast noko vakrare å kvile auga på! Sola skin, det er sommartemperatur, og det er vindstille - 1542 meter over havet. Fantastisk! Det går nesten ikkje an å beskrive kor flott det er å oppleve noko slikt.

Ingen av oss har vel eigentleg lyst å ta til på nedturen, men telt har vi jo ikkje med. Ikkje nok proviant heller, så ned att må vi. Må berre ha ein "avstikkar" for å ta nokre ekstra bilde av den uslåelege utsikta først. Praten går ustoppeleg, og det er ikkje så veldig mange tema vi er innom i løpet av dei timane vi trakkar og går. Stort sett dreiar det seg om blendaropning, brennvidde, eksponeringskompensasjon og bildebehandling. Det må jo bli sånn det, når vi går der med kvart vårt kamera - det eine "litt" dyrare enn det andre. Ligg i ura og kryp i lyngen for å få dei rette motiva. Det er sikkert fleire av dei andre turgåarane som lurer på kva vi eigentleg held på med, så eg prøver å "unnskylde" oss for ei forbipasserande dame med at vi er nok litt crazy... Det blir fullt ut akseptert ;) Puh!

Det krev litt balanse å gå ned att gjennom den lange ura. Steinane rullar lett under skoa, og vi må passe oss for ikkje å ramle. Men likevel går det mykje betre enn eg hadde venta. Og fem og ein halv time etter at vi parkerte, er vi nede att ved bilen. Ei flott oppleving rikare! Det var hardt, det var langt, og det var bratt, men eg ville ikkje ha vore det forutan! Og når eg tenkjer etter, så VAR det jo overkommeleg. Kan hende får eg bruk for det turkartet mitt sjøl likevel...? :)