Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

lørdag 6. desember 2014

Ta deg tid!

Første veka i desember er omme. Med berre 18 dagar igjen til julekvelden, er det nok mykje som gjenstår i mange heimar endå. Julebrød, rullepølser, småkaker og lefser. Kjøkkenskapa må vaskast, så klart, og støv og skit ellers i huset må vekk. Du veit det spindelvevet som bevegar seg oppe under taket i ein krok kvar gang du opnar døra? Det du har sett på så lenge, men som du samtidig har forsøkt å oversjå? No kan det faktisk ikkje henge lenger! Og så må dei siste julegåvene handlast. Juletre må ein få tak i, og først når huset er vaska kan ein begynne å pynte.

Mi gamle, kjære mormor var alltid så nøye med at julegardina på kjøkkenet ikkje skulle opp før ho var ferdig å bake til jul. Ei rein gardin skulle ikkje smussast til med mjøl og feitt frå bakinga. Men akkurat det er noko eg ikkje valt å ta med meg, om eg kan seie det slik. For meg er det no halve stasen å kunne bake på eit julepynta kjøkken. Sidan eg flytta inn i "ny" heim for ein månad sidan, kom eg til nyvaska kjøkken, og dermed slapp eg lett unna i år. Men når sant skal seiast, så har eg dei siste åra ikkje vore så grådig nøye på at kjøkkenet absolutt må vere vaska til jul. Jadå - det MÅ vaskast av og til, men er det noko ein må ta seg tid til akkurat i desember? Om bestikket og tallerkenane er reine, så får det vere tilstrekkeleg.

Eg er av den sorten som begynner tidleg med julegåvene, og er dermed også tidleg ferdig. I år var det aller meste klart i midten av november. Eg har ei liste eg noterer på så snart eg kjem på ting eg kan kjøpe, om det så er midt på sommaren, og når det lir utpå hausten supplerer eg etter kvart som dei kanskje sjølve kjem med ynskje. Og sidan eg ikkje er så veldig glad i å springe frå den eine butikken til den andre for å leite etter det eg skal ha tak i, så vel eg ofte den mest behagelege løysinga. Netthandel. Dei siste åra er det jammen mang ei gåve eg har handla på det viset, og det passar meg veldig bra.
Når eg ferdig i god tid er det fint å ta ein tur til Førde ein gang i desember berre for kosen sin del. Mens andre stressar rundt med velfylte posar i begge hendene, så kan eg rusle bedageleg rundt i julepynta butikkar og berre sjå. Kanskje kjøpe litt småtteri som eg i grunn ikkje har bruk for, men som eg likevel "må ha". Ein liten nisse, ei julekule - eller kanskje litt julegodt.

Kjøkkenet har eg i mange år brukt å pynte så og seie ferdig til advent; fordi eg altså finn stemning i å bake med julepynten rundt meg. Stova brukar eg å vente litt lenger med, men tek det gjerne litt gradvis utover i julemånaden. I år vart det annleis. Eg hadde fri i går, og hadde lyst å pynte. Så kvifor skulle eg la det vere då? Eg kosa meg heile fridagen med å putle rundt i stova, mens eg høyrde julesangar. Når ein har flytta inn i ny heim tek det litt tid å finne den "rette plassen" til kvar ting, men eg hadde god tid eg, og kunne berre kose meg :) Det har eg gjort i dag òg forresten. Laga meg ein enkel dekorasjon til spisebordet. Litt mose, konglar, granbar og nokre kuler. Ingenting avansert, men noko eg finn stor glede i å sysle med. Så gjekk eg ein tur på fjellet, og vèl heime tende eg masse stearinlys og laga peparkakedeig. I morgon skal eg kose meg med å bake dei ut. Og er det ikkje det det heile handlar om? Glede og kos? Heile julemånaden har blitt eit mas for dei fleste. Ein skal rekke over meir enn ein maktar, fordi det er så høge forventningar. Vi lar oss påverke av blad og TV som viser perfekte heimar, og som fortel oss alt vi "må" ha og "må" gjere. Ting som strengt tatt tek i frå oss verdiane: Tid med kvarandre. Tid til å gjere ting ein har lyst til, og som ein har glede av. Tid til å nyte julekosen.

Eg kosar meg med å lage enkle dekorasjonar som pyntar opp både ute og inne.


Bakst har det vore dårleg med så langt. Eg har tenkt å bake tjukklefser over helga, og hadde i grunn også tenkt å bake lefsekling i år. Ikkje fordi vi et veldig mykje av det, men fordi eg synest det er ein fin tradisjon å føre vidare. Både mamma og mormor har bakt lefser så lenge eg kan hugse, og eg håpar at jentene mine også ein dag har lyst å lære det av meg. Men akkurat lefseklingen kjem eg nok til å droppe i år.
Sylteflesk skal eg derimot lage. Heimebakt loff med meierismør, sylteflesk og rødbetar er det beste eg kan få til julefrukosten! Og då må det vere heimelaga sylteflesk, og ikkje verken Nordfjord eller Gilde sin variant. Det klarar eg meg godt utan. Julebrød skal eg også få i frysen, og så blir det vel eit par-tre slag med småkaker, alt etter kva eg har lyst til og tid til. Det er ingen grunn til å stresse. Sju slag trur eg aldri eg har laga, og eg ser ingen grunn til å lage det i år heller.

Den nye heimen vår er koseleg pynta no. På ytterdøra heng ein enkel krans eg har laga sjøl, med ein halmring eg tek fram att år etter år og legg på nytt lag av friskt grønt. Det er også slikt som eg verkeleg kosar meg med. Det er så avslappande å gå ut i naturen eller i hagen og finne materiale til å skape noko (gratis er det også!), og endå meir avslappande er det når eg kan rote som eg vil med å klippe opp greiner, ta fram "konglelageret" mitt, leite i øskjene mine etter det eg vil dekorere med, og kanskje lage ei ny sløyfe. Heilt i mi eiga verd. Det er fint, det :)
På kjøkkenet og i stova er det lykter, lysglas og nissar av mange slag, i kombinasjon med furukvistar og vinternakne greiner i potter og vasar (igjen; enkelt og gratis - men fint likevel). Ein amaryllis er i ferd med å sprette, og fleire sviblar sprer ei herleg lukt. For meg er svibel eit "must" i jula, like mykje som pinnekjøt og ribbe.

Det er ruskevêr ute i kveld. Minusgradene og det vesle snødrysset eg stod opp til i dag, er gått over til regn som piskar på rutene. Men det brenn godt i ovnen, og adventsstjerner og stearinlys pyntar opp. Skikkeleg innekos. Så no skal eg slappe av med strikketøyet mitt, og nyte alt det fine eg har rundt meg i heimen min.

Og til alle som aller nådigast har tatt seg tid til å lese dette innlegget mitt: Kos deg og nyt resten av førjulstida! Ingen er tent med at du er sliten når julekvelden kjem, fordi du har brukt dagar og veker på å bake kaker som ingen har lyst på, eller vaska spindelvev som ingen ser i vintermørket.

God jul!

mandag 11. august 2014

JA! Trening gjer meg glad :)

Det var tungt å stå opp 06:15 i dag. Var litt trøtt på jobb, og hadde lett dunking i panna då eg kom heim. Faktisk var eg såpass sliten at eg vurderte å sove middag, og det er ikkje ofte. Så eg måtte gå eit par runder med meg sjøl, sidan eg var bestemt på fjelltur i dag. Skulle eg gå, eller skulle eg kvile? Det begynte å drype litt etter at eg hadde fått i meg middagen. Litt mørke skyer. Eg brukar normalt ikkje å bry meg med det, men etter ein fantastisk flott vår og sommar er eg (og sikkert fleire med meg) blitt litt for godt vant. Det er liksom litt tyngre å komme seg ut i stien når det regnar. Ei grei unnskyldning for heller å sove middag, med andre ord. Men eg tok tak i meg sjøl, og tenkte på Yngvar Andersen si oppfordring: "Berre gjer da!". Og når det regnar, så har eg heldigvis eit veldig greit alternativ: Trimrommet på jobb - der eg kan trene heilt gratis til og med :) Dermed var det avgjort. Det fekk bli innetrening i dag, sjøl om det allereie var slutta å regne før eg hadde bestemt meg for det. Men sidan det er litt tungt å komme seg opp på favorittoppen min, så fann eg ut at eg kanskje ikkje hadde heilt rette dagen til å gå der uansett.



Eg åla meg inn i min Rönisch Anti-Shake tights, som ifylgje reklamen skal gi "knallfin rumpe", samt halde inne både her og der - og det er jo presis slik vi damene vil ha det! Og til knallfin rumpe måtte eg også ha knallrosa topp, og vips, så følte eg meg allereie mange hakk kvikkare enn då eg kom heim frå jobb. Heilt klar for ei treningsøkt! Vatn på flaska. Innesko. Headset. Go!

Det var fleire enn meg som hadde bestemt seg for å trene inne i dag. Fire-fem polske karar hadde allereie installert seg, og sjøl med god gjennomtrekk var det ganske tung luft i lokalet. Musikken dei hadde på anlegget var ikkje heilt min smak, og volumet var slik at det ikkje hadde hensikt å ta på headset for å høyre min eigen musikk. Men shit - det er uansett litt kjekt å sleppe å vere heilt åleine når ein trenar, så akkurat det klarar eg å svelge. For tida har eg litt dilla på intervalltrening på tredemølle, og sjøl om eg hadde bestemt meg for å heller velge sykkelen i dag, for å skåne kne og leggar litt, så tok eg "heilomvending" då eg kom inn. Det måtte berre bli mølla! At karen på nabomølla var nokre hakk sprekare enn meg, og heile tida auka tempoet, brydde eg meg ikkje om. Eg har funne ut at det er lurt å gjennomføre i eit tempo eg veit eg klarar. Ein skal bli sliten av intervalltrening, men samtidig er meistringsfølelsen viktig for vidare motivasjon, så eg ser ingen grunn til å presse meg så hardt at eg må hoppe av i tredje intervall. Så ja - eg gjennomførte i dag òg :) Feels good!

Stort sett alltid etter både fjellturar og økter på trimrommet, har eg gjort det til ein vane å trene litt styrke når eg kjem heim. Corebar-stanga blir flittig brukt. Og for dei som ikkje veit kva corebar er, så kan eg sei at nei; det er absolutt ikkje ei sånn stang som går frå golv til tak :) Corebar er kort og godt ei stang som kan nyttast til både styrke- og kondisjonstrening. Så då er det fram med den limegrøne matta mi, og på med Spotify og treningsmusikken min! Då eg var ferdig i dag, måtte eg nesten styre meg litt for ikkje å begynne å hoppe og sprette litt til dei friske låtane, men heller komme meg i dusjen. Er det ikkje merkeleg korleis ei treningsøkt totalt kan endre energinivået? Frå å sitte i sofaen, tung i toppen, og nesten leite litt etter unnskyldningar, til å plutseleg ha lyst til å bevege seg endå meir? Det er rett og slett så godt! Og eg kan nok finne mange positive ord om trening og fjellturar, men det er i grunn nok med eitt: Livskvalitet!

fredag 25. juli 2014

Frå T til T mot Fanaråken



Når sola er ivrig og gradestokken stadig går seg heit, kan det vel knapt finnast noko finare enn å komme seg opp på ein sval topp i Jotunheimen med eineståande utsikt. Fjelltrim er flott både for opplevinga og mosjonen sin del. Her i Hyllestad har vi plenty av fine toppar å gå på, men av og til er det kjekt å krysse kommune- eller fylkesgrenser for å bestige ein ny topp.  Eg blir stadig meir bevisst på å leve mens eg kan, og har bestemt meg for at eg om 20 år ikkje skal angre på alt eg ikkje gjorde mens eg endå var relativt ung, og mens eg endå «hadde helsa». Det eg har lyst til skal eg gjere no! Etter å ha sett flotte foto frå Fanaråken, har eg lenge hatt lyst til å ta turen opp på den toppen. Det vart difor målet for sommarferien min i år.

Saman med Anita og hennar 12 år gamle son, Andreas, startar vi frå Turtagrø i nitida om morgonen ein nydeleg julidag. Ein lang tur krev mykje påfyll av både fast og flytande føde, og når målet er over 2000 m.o.h. må ein også ha med seg litt varmt tøy. Men det gjer ingenting at sekken veg ligg på ryggen når naturen rundt ein badar i morgonsol, og innbyr til ugløymelege opplevingar. På lett sti som etter kvart går over til grusveg, ruslar vi langt innover dalen, der sauer og kyr beitar på saftig fjellgras. Før vi tek av på stien som går opp i fjellet, tek vi ein kort pause. I fjellsida litt bortanfor oss durar ein foss med stor vassføring, der vatnet driv med vinden og blir til eit slør framom fossen. Den sildrande lyden frå den vesle elva der vi har sett oss ned, får kraftig konkurranse frå fosseduren.

Så bevegar vi oss meir opp i fjellet. Det er tørt og fint i stien. Heldigvis er vi høgt over havet. Nede i låglandet er det trykkande varmt, men her oppe i fjellet er det frisk vind som gir ein perfekt temperatur for fjellvandrarar. Og dei er det mange av. Dei som har overnatta på Fanaråkhytta, og som kanskje har fått med seg ein nydeleg soloppgang over Jotunheimen, er på veg ned att, mens andre er på veg oppover i lag med oss. Og det er alle aldrar. Frå små ungar til folk godt oppi åra, så her er det fleire generasjonar på tur. Heile vegen er det nymåla, raude T’ar som leier oss oppover på tydeleg sti, og fleire stader er det laga trapper der elles hadde vore vanskeleg å ta seg fram i det relativt bratte terrenget. Den Norske Turistforening har gjort ein god jobb!

Rundt oss dannar mengder av sølvvier ein fin kontrast til mørkare lyng, gras og krypeiner. Blåklokker står over alt og nikkar i vinden. Men vegetasjonen er sårbar der det går mykje folk, og eit par stader står det skilt som minner oss på at vi må følgje den stien som allereie er trakka. Godt oppe i fjellsida har vi flott utsikt ned att mot dalen vi gjekk innover, og vi kan også sjå eit lite glimt av Lustrafjorden langt der framme. I fjellet på motsatt side av oss ligg ein liten bre, der fleire skavlar ser ut som dei kan rase ned når som helst. No kan vi også sjå at fossen nede i dalen har sitt utspring frå eit lite vatn i botnen av denne vesle breen. Og aldri før har eg sett så grønt brevatn! Også her kjem kontrasten tydeleg fram, mot dei andre vatna med sin djupblå farge som ligg like ved.
Stien blir meir og meir steinete, og enkelte stader er det vel meir ur enn sti. Det er tydeleg at vi no er høgt til fjells. Vi har framfor oss eit bratt og langt parti, der dei som går øverst oppe ser ganske små ut for oss. Det må no vel vere toppen vi ser no? Vi antek at når vi kjem opp dit, så ligg hytta litt innpå flata. Andreas går eit stykke framfor oss damene, og han er ivrig på å komme til topps no. Men så kjem det eit litt oppgitt «Åneiii» frå han, og vi skjønnar at det var nok ikkje toppen likevel. Uansett; det er ikkje tvil om at målet må vere nær, og det er ei langt mindre «steinrøys» som ligg framfor oss no, enn den vi nettopp har lagt bak oss, så det kjennest på ingen måte umotiverande å gå dei neste høgdemetrane. Og plutseleg kjem ho til syne; Fanaråkhytta. Landets høgstliggande overnattingshytte på 2068 m.o.h.


Over oss er det berre nokre lette skyer, så vi kunne vel knapt ha vore meir heldige med vêret. Og med godt vêr blir også utsikta deretter. Eg ville ikkje ha bytt mot noko anna nett no. Det er eit praktfullt skue i alle himmelretningar. I aust er det spisse tindar og bratte fjellsider så langt ein kan sjå. Mektig og spektakulært! I nordleg retning har fjellrekkene mjukare og litt kjedelegare former, men med fleire vatn mellom seg er det likevel flott, norsk natur. Under toppen, ein god del høgdemeter lenger ned, ligg Fanaråkbreen. Der går ein gjeng på rekke og rad i line etter breførar. Dei har nok gått ruta frå Sognefjellshytta, og har same målet som oss. Vi «byter» kamera med eit ektepar frå Stryn, og tek dei obligatoriske skrytebileta av kvarandre. Så går vi inn i hytta for å få oss ein matbit. Hytta er betent av nokre hyggelege DNT-medlemmar som brukar delar av sommarferien sin på fjellglade folk som kjem til topps. Dei dekkar på til oss, og litt seinare blir ei panne med sodd sett på bordet. Til dessert kjøper vi nybakte skillingsbollar. Prisane er stive, men slik blir det gjerne på eit «høgfjellshotell» også av enkel karakter. Mat og råvarer kan ikkje køyrast til døra med rutebil, men må faktisk fraktast med helikopter.



Praten går rundt borda i den vesle stova. På veggen heng eit par gamle treski, og fleire bokhyller er fylte med lesestoff til dei som vil tilbringe kvelden og sommarnatta på fjellet. Men det skal ikkje vi. Så etter ein god pause takkar vi for oss og legg i veg ned att gjennom stein og ur. Eg stoppar for å ta nokre fleire foto. Det går liksom ikkje an å sjå seg mett på utsikta. Det er rett og slett fantastisk! Temperaturen stig merkbart etter kvart som vi kjem lenger og lenger ned, og dei ekstra plagga vi måtte kle på oss på toppen, kjem fort av igjen. Vi møter ein del folk som er på veg oppover sjølv om det lir langt på dag. Kanskje skal dei overnatte? Ein gjeng ungdommar tek oss att på veg nedover, og fer forbi i langt høgre tempo enn det vi har. Dette er nok gjengen som kom over breen då vi stod på toppen. Så er vi nede att i dalen blant dei beitande dyra. Bak oss ligg Fanaråken. Eg har nådd målet mitt for denne gang, og har fått eit fantastisk minne å ta med meg vidare. No er det berre å planlegge neste mål.
 

 

 

søndag 4. mai 2014

Lyden av stillheit

Med regn i sikte ut i veka, kan ein nesten ikkje la vere å nytte ein solskinssøndag til fjelltur. Og då gjerne ein lengre tur. I dag bestemte eg meg for å ta turen til Laviksåta via Handalsstølen, og vidare til Sauesnyken. Veldig greit å kunne ende opp omtrent ved startpunktet, så det er ein fin rundtur for meg som bur i Handalen :)

På Handalsstølen går eg no både titt og ofte, men vidare til Laviksåta er heller sjeldan. Det er seigt å komme seg opp den lange, bratte fjellsida opp mot varden, og i dag var eg tung i skrotten og støl i låra etter joggetur i går. Det vart mange pausar, med andre ord... Men vèl oppe fekk eg no som vanleg betalt for strevet i form av flott utsikt!

Noko av det finaste terrenget eg veit om her, er stykket mellom Laviksåta og Sauesnyken. Det er herleg å berre rusle avgårde på berg og lette stiar, og det er utruleg mange fine perler undervegs! Dammar og små vatn skaper idyll, og fjell og fjord ligg i bakgrunnen. Endå ligg det litt snø her og der, og i kombinasjon med sol er jo det ein ettertrakta ting når det gjeld å få (eller halde ved like) brunfarge :) Så litt utanfor stien fann eg ein lun plass der eg kunne ta fram sitteunderlaget mitt, og berre strekke hals og ansikt mot solstrålane. Stillheita var fantastisk! Enkelt sagt; ikkje ein lyd å høyre. Ikkje ein gang frå naturen rundt meg. Berre fred og ro. Terapi! Og eg kunne sitte akkurat så lenge eg ville. Det var ingen heime som venta på meg. Ingen som lurte på når tid middagen var klar. Det kan no kjennast både leit og godt, men i ein slik samanheng er det i alle fall positivt.

Kameraet er ofte med meg på tur. I alle fall på litt lengre turar, og særleg på ein solskinsdag. Når eg går åleine kan eg ta dei omvegane eg vil for å leite etter motiv. Eg kan stoppe akkurat der det passar meg, og somle så lenge eg vil. Det er vel knapt noko som får meg til å slappe meir av enn når eg går sånn og ruslar og jaktar litt på blinkskot. Eg rett og slett kosar meg! Kan hende blir ikkje bilda slik eg trudde eller håpa når eg ser dei på pc'en etter endt tur, men så har eg i alle fall hatt gleda med å knipse :) I dag enda eg med eitt godt bilde, og med fleire timars trakking, sol, frisk luft og stillheit i tillegg, så treng eg ikkje meir for å kunne sei at eg har hatt ein god dag!
Vakre skyformasjonar på himmelen vart saman med denne vesle dammen det finaste motivet mitt i dag :) Den tynne ishinna på vatnet vitnar om kalde netter...

lørdag 26. april 2014

Symphony no.1

Eg vakna tidleg i dag. Altfor tidleg på ein lørdag. Men eg har etter kvart lært at kroppen lar seg ikkje stille inn på helgemodus, så det er berre å godta det slik det er. Men særleg vanskeleg er det no ikkje å stå tidleg opp når sola er i ferd med å stå opp over fjella i øst, og gradestokken i slutten av april viser like mange plussgrader som vi på jamna hadde i fjor sommar.

Eg kler meg like godt i turtøy med det same. Har bestemt meg for å starte dagen med ein fjelltur, så når havregrauten er tatt inn snører eg på meg joggeskoa og legg i veg inn mot Handalsstølen. Etter ein lang nedbørsfri periode er det tørt og fint i stien, med unntak av nokre myrar som sikkert aldri er tørre. Fuglane er vakne for lengst, og kvitrar i trea som har altfor grønt lauv til april å vere. Med 15-20 grader dei siste dagane har naturen eksplodert. Kvitveisen har fått selskap av løvetann, vårkål, bekkeblom og engkarse. Over alt lyser det av gule blomster, som liksom blir ekstra gule når sola skin, mens engkarsen er litt meir diskret med sin duse lillafarge.


Etter trimtur og dusj tek eg ein tur til Dale. Den ferske 14-åringen min har spart pengar til ny sykkel, og er ivrig etter å komme seg avgårde. Det er ein stolt gut som blar opp mange tusen ved disken og trillar ein skinande Merida hybrid ut til bilen etterpå. Vèl heime får eg litt sut for min eigen sykkel, som treng ein dose spray på tannhjul og kjede. Kanskje på tide å sjekke om lårmuskulaturen held til ein tur opp Staurdalssvingane etter gammalt...? Sikkert litt for ambisiøst på første sykkelturen i år...


14-åringen min kjøpte seg ny sykkel i dag,
mens min eigen fekk ein sårt trengande dose
med smøring.
Eg tømmer vaskemaskina. Kletørken har vore upåklageleg dei siste dagane. Fantastisk godt å kunne tørke kle utandørs! Men så ventar solstolen. Det er jo nesten bikinivêr :) Akkurat passeleg temperatur for meg som ikkje trivst når gradestokken kryp over 25 grader i skuggen. Eg kjempar litt med å jamne ut både buff- og solbrilleskille frå påska, men det skal vere usagt om eg lukkast så veldig med det. Kjøkkenet skulle ha vore shina litt, men det får ikkje prioritet før til kvelden. Det gjeld å nyte sola når ein kan, og det er aldeles herleg å berre slappe av i solstolen. Skikkeleg helgefølelse! I ei stikkelsbærbusk surrar humlene dovne frå blomst til blomst, mens ei kjøttmeis mellomlandar i Hagtornen og ser seg litt rådvill ikring. I nebbet har ho tørt gras. Det er vel siste innspurt på snekring av babyseng, tenkjer eg. I sidesynet legg eg merke til ein liten skugge som forsvinn fort under bilen min. Like fort kjem han fram att, og spring på raske labbar ned i vegen. Han stoppar opp og ser rundt seg med årvåke røyskattblikk, før han legg i veg opp att i skogen. Kanskje er jakta på fugleegg allereie i gang...?



Så sig sola meir og meir ned i vest, og det blir kjøleg. Småfuglane stilnar. Det er ikkje mange bilar som køyrer forbi her i Lia i løpet av ein dag. Her er ikkje stort anna "støy" enn fuglesang og elvesus, så når fuglane stilnar blir det plutseleg veldig stille. Men så... Så skjer det noko. I dei høgste tretoppane blir det eit yrande liv. Svarttrostene har kledd seg i kjole og kvitt, og har stemt fiolin, harpe og cello. Ein uendeleg skala av tonar flyt ut over Lia, og det er berre så ubeskriveleg vakkert å høyre på! Det går ikkje an å la vere å berre stå og lytte. Lenge. Det må no vere noko av det mest avstressande som finst! Og midt oppi dette - midt i symfoniorkesteret - bur eg. Snakk om å vere heldig :)