Eg kler meg like godt i turtøy med det same. Har bestemt meg for å starte dagen med ein fjelltur, så når havregrauten er tatt inn snører eg på meg joggeskoa og legg i veg inn mot Handalsstølen. Etter ein lang nedbørsfri periode er det tørt og fint i stien, med unntak av nokre myrar som sikkert aldri er tørre. Fuglane er vakne for lengst, og kvitrar i trea som har altfor grønt lauv til april å vere. Med 15-20 grader dei siste dagane har naturen eksplodert. Kvitveisen har fått selskap av løvetann, vårkål, bekkeblom og engkarse. Over alt lyser det av gule blomster, som liksom blir ekstra gule når sola skin, mens engkarsen er litt meir diskret med sin duse lillafarge.
Etter trimtur og dusj tek eg ein tur til Dale. Den ferske 14-åringen min har spart pengar til ny sykkel, og er ivrig etter å komme seg avgårde. Det er ein stolt gut som blar opp mange tusen ved disken og trillar ein skinande Merida hybrid ut til bilen etterpå. Vèl heime får eg litt sut for min eigen sykkel, som treng ein dose spray på tannhjul og kjede. Kanskje på tide å sjekke om lårmuskulaturen held til ein tur opp Staurdalssvingane etter gammalt...? Sikkert litt for ambisiøst på første sykkelturen i år...
14-åringen min kjøpte seg ny sykkel i dag, mens min eigen fekk ein sårt trengande dose med smøring. |
Så sig sola meir og meir ned i vest, og det blir kjøleg. Småfuglane stilnar. Det er ikkje mange bilar som køyrer forbi her i Lia i løpet av ein dag. Her er ikkje stort anna "støy" enn fuglesang og elvesus, så når fuglane stilnar blir det plutseleg veldig stille. Men så... Så skjer det noko. I dei høgste tretoppane blir det eit yrande liv. Svarttrostene har kledd seg i kjole og kvitt, og har stemt fiolin, harpe og cello. Ein uendeleg skala av tonar flyt ut over Lia, og det er berre så ubeskriveleg vakkert å høyre på! Det går ikkje an å la vere å berre stå og lytte. Lenge. Det må no vere noko av det mest avstressande som finst! Og midt oppi dette - midt i symfoniorkesteret - bur eg. Snakk om å vere heldig :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar