Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

lørdag 13. juli 2013

I Lundefuglens rike

Denne veka var eg i Fosnavåg for første gang. Det vart eit triveleg møte med den vesle kystbyen for min del. Idylliske øyar og sund, små og store fiskebåtar, og eit koseleg sentrum. Eg har høyrt så mykje flott om Runde og alle fuglane der, og i mange år har eg hatt lyst å ta ein tur dit. No fekk eg sjansen. Endeleg!

Etter endt arbeidsdag sette vi kursen lenger ut mot havet, Elisabeth, Aneline og eg. Smale bruer. Svingete vegar. Store steinar og tang langs strandlinja, og gamle, fine hus med koselege hagar og store tuntre. Etter å ha parkert gjekk vi eit stykke langs vegen, og passerte Goksøyr camping. Det vekte brått nokre av barndommens ferieminne i meg. Gjestane der har nemleg ikkje svære campingvogner med prangande fortelt. Det er ikkje om å gjere å vere "kongen av campingplassen". Nei, det er telt som dominerer. Det heile ga ei slags kjensle av nostalgi, og den godluktande rosehekken på begge sider av vegen sette liksom prikken over i'en i så måte. Elisabeth og Aneline kunne fortelje at det er dei same turistane som kjem igjen år etter år, og dei fleste er utanlandske. Det er vel kanskje fuglelivet som lokkar? Eller er det det litt unike miljøet på den vesle plassen, der havet ligg rett i mot og viser sine majestetiske sider?

Det gjekk bratt oppover, og Goksøyr låg etter kvart eit stykke under oss, samtidig som Runde fyr kom til syne ute på eit nes. Det var første mål for turen. Dei siste to-tre åra har eg vore innom mange fyr, og det er litt spesielt, syns eg. Eg ser så levande for meg korleis livet til fyrvaktarfamilien må ha vore, langt attende i tid. Solfylte sommardagar med frisk vind. Sauer som beitar rundt husa. Lyden av ungar som leikar og ler, blandar seg med den evige duren av bylgjene som slår mot berga. Eller det heilt motsette bildet; rasande stormkast og brøl frå havet, som ganske sikkert har medført mange utrivelege stunder, der ein står makteslaus mot voldsomme naturkrefter. Men akkurat denne dagen var det stille og fint på Runde fyr. DNT tilbyr overnatting her, og det var fleire som budde der då vi var innom. Det var koseleg å sjå inn i den gamle stova, der blondegardiner pynta opp rundt vindauga. Steinar og andre "suvenirar" frå fjøra låg i vindaugskarmane, og på bordet stod ei lita fyrlykt til å tenne lys i. Element som høyrer heime ein slik stad.

Runde fyr

Eg ser så levande for meg korleis livet til fyrvaktarfamilien var her, for mange, mange år sidan.
Etter litt energipåfyll på ein benk ved naustet, gjekk vi vidare til neste mål; Rundebranden. Det var bratt opp att frå fyret, men mykje av stien bestod av flotte steintrapper. Her har det vore lagt ned mykje arbeid for å unngå ein sølete og sleip sti i bratthenget!
Eg hadde forventa nakne berg og lyng ute i havgapet, men det var utruleg grønt over alt, med eit lett, kvitt teppe av myrull. Trur aldri eg har sett så mykje myrull på èin og same tur! Vi passerte fuglefjellet, der det også var eit kvitt teppe - av måsar og krykkjer. Tett i tett sat dei på fjellhyllene langt nede under oss. Eg våga meg forsiktig ut på kanten av stupet for å fotografere litt. Heldigvis har eg ikkje høgdeskrekk, for der var det eit stykke ned, ja.....
Grønt og fint, med eit kvitt teppe av myrull.

Allereie før vi starta turen kom temaet opp. Det er jo så in med såkalla naking i dag..... Skulle vi....??? Oppe på Rundebranden, kanskje...? Vi heldt temaet varmt underveis. Tøffe damer kan vel hive av seg på overkroppen og stå med ryggen til på eit bilde, vel! Null problem! Berre vi fann ein plass å sette kameraet på, slik at eg kunne bruke sjølvutløysaren. Eller så måtte vi be nokon andre knipse oss.... På Rundebranden sat to unge jenter og slappa av. Det vart litt kviskring mellom oss. Skulle vi spørre dei...?? Men sjølv for tøffe damer kan motet svikte. Faktisk.

Utsikt frå Rundebranden - riktignok utan lettkledde damer :)
Siste stopp på turen var Lundeura, der den populære Lundefuglen held til. På eit meir eller mindre fast klokkeslett på kvelden, kjem dei i heile flokkar inn att mot land etter å ha vore ut og "fiska". Vi kom nok litt for seint til å få med oss akkurat det, men det var likevel liv i ura. Og her var det ikkje berre masse fuglar, men også mykje folk. Ivrige fotografar stod på rekkje og rad. Dei som i det heile tatt sa noko, var lavmælte for ikkje å forstyrre fuglane. Spesiell stemning. Eg kan vel ikkje sei at eg følte eg passa heilt inn blant dei andre som stod der. Eg har no alltid følt meg som ein pressefotograf når eg kjem med speilreflekskameraet mitt, mens andre nøyer seg med å ta bilde med mobilen. Men denne gangen kjende eg meg nesten dum som stod der med eit "vanleg" speilreflekskamera, når dei andre rundt meg hadde objektiv som var ein halv meter lange! Men så fekk dei nok også langt betre bilde enn meg, for sjølv om fuglane kjem ganske nær, så trengst det nok litt ekstrautstyr for å få eit nærbilde av dei. Lundefuglen er nemleg,
Lundeura med sine ivrige fotografar.
Lundefugl på veg inn i reiret med to små fiskar i nebbet.
til mi overrasking, ein liten fugl. Eg har alltid trudd dei var store, mens dei i realiteten er omtrent på størrelse med ei trost. Eit yndig skaparverk med flotte fargar! Og sjølv om ikkje bilda mine vart nokon suksess, så var det uansett ei oppleving for meg å komme så tett innpå dei. Ja, heile turen vart no ei fin oppleving. Det er noko mektig over det å komme ut mot havet. Eg kjenner meg ekstra fri då. Vinden var så godt som fråverande, og himmelen var delvis blå. Og med to trivelege damer som selskap, så vart det jo komplett! Av og til har ein lov å ha litt flaks. Hadde det regna akkurat denne dagen, så hadde eg ikkje fått oppleve dette. Så heldig eg er!


Takk til Elisabeth og Aneline for ein flott tur! Håpar vi kan gå i lag fleire gangar :)
Triveleg turfylgje!