Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

søndag 17. juli 2011

Cavtat - ei vakker perle i Kroatia

Eg er ikkje blant dei som har reist mest rundt i verda. Tre gangar før har eg vore i syden. Portugal, Kreta og Santorini var reisemåla då. Men det er mange år sidan eg såg i eit blad at Kroatia skulle vere ein vakker stad å reise til, og lysta til å reise dit har berre blitt større etterkvart. Dei siste par åra har eg fleire gangar vore innom både Apollo og Kroatiaperler sine sider og kikka. Og i år gjorde eg alvor av draumen. Bestemte meg for å reise på eigahand denne gangen, og bestilte difor leilegheit hos Kroatiaperler og fly hos Norwegian - til meg og ungane. I forhold til å reise med t.d. Apollo, så sparte eg mange tusen på det. Og Kroatiaperler har god service og kan hjelpe med det meste, så det var ikkje noko dumt val!

Vi kom fram til Dubrovnik Airport i åttetida om kvelden, etter ein grei flytur. Kroatiaperler hadde bestilt taxi tur/retur for oss, så ved utgangen stod ein taxisjåfør og venta - med navnet mitt på eit ark. Bilturen tok berre nokre minuttar, men eg slo fort fast at landskapet rundt oss var annleis enn det eg har opplevd før på mine sydenturar. Det er nemleg svært grønt og frodig i Kroatia. Både lauvtre og bartre stod tett langs vegen, og då vi tok av i krysset ned mot Cavtat, lyste mengder av knallgul gyvel mot oss i skråningane.
Husverten venta på oss på tunet. Han ynskte oss velkommen, før han kjapt tok tak i koffertane våre og bar dei opp til toppleilegheita i 4.etasje. Undervegs vart vi presenterte for dei to små ungane hans, kona og mora.

Sola hadde gått ned då vi kom, men det var ikkje mørkare enn at vi kunne sjå at utsikta frå den store terrassen var eineståande! Ei milelang havlinje låg framfor oss... Gjennom den veka vi var der, sat eg mang ein gang og berre såg utover mot der himmel og hav møttest, mens svalene stupte på sitt særeigne vis, og liksom skapte litt liv i "bildet". Om kveldane såg vi lysa frå dei svære turistskipa og andre båtar ute på Adriaterhavet, mens stjernene funkla over oss, og sikadene "tikka" på sitt einsformige vis i busker og kratt. Stemningsfullt!

Noko av det aller finaste eg veit med å vere i syden, er morgonane. Å kjenne varmen slå i mot i det eg går ut døra til sol og blå himmel. Å trekkje inn den heilt spesielle og søte lukta som er i dei sørlegare strøka, og høyre småsporvane kvitre ivrig. Det er ganske enkelt berre herleg! Denne gangen var eg heldig å ha ein liten balkong utanfor soverommet, og eg starta kvar einaste dag med å gå ut dit for å sanse og nyte. Derifrå såg eg rett ned på bassenget, der husverten var opptatt med å fjerne rusk og lauv frå badevatnet på morgonkvisten, mens mor hans feia tunet. Å bu hos private var heilt topp! Eg likar ikkje store hotellkompleks med 15 etasjar, 320 rom, butikk, frisør og tre basseng - der ein må vere tidleg ute for å finne seg ei solseng for resten av dagen. Eg har aldri forstått at dei får lov å føre opp slike svære bygg, som på ingen måte passar inn i arkitekturen ellers. Nei, eg vil bu i koselege, små bygningar, der det ikkje er for mykje folk. I så måte var det jo perfekt der vi budde i Cavtat! Fem leilegheiter og eit passe stort basseng, der det var rikeleg av solsenger. Dessutan var det veldig kjekt å komme så tett inn på dagleglivet til husverten og hans familie. På ettermiddagen var gjerne han og ungane å finne i bassenget i lag med gjestane :) Slikt blir mykje meir personleg enn om ein bur på eit hotell, der resepsjonistane er nye for kvar gang ein kjem innom.

Det er alltid spennande å komme til ein ny plass. Cavtat er litt annleis enn der eg har vore før. For det første er det som nemnt veldig grønt og frodig. For det andre er det ikkje strender som dominerer nedanfor sentrum, men ei koseleg havn med ein vakker promenade. Der ligg seglbåtar og luksuriøse yahtar side om side med små fiskebåtar i ein litt annan prisklasse...




















Cavtat er ein liten by, og ein får sett det meste på ein dag om ein vil. Eg vil påstå at det må vere obligatorisk å rusle langs veien som går rundt halvøya. Ein koseleg tur i eit idyllisk område! Dei gylne klippene står i kontrast til den turkise, krystallklare sjøen langs land, og pinjeskogen er tett - noko alle dei store, flotte konglane på bakken vitnar om. Omtrent midt på halvøya, på motsatt side av sentrum, ligg ei koseleg, lita strand. Der er det også oppmurte klipper til solsenger. På oppsida av veien ligg den mest idylliske tavernaen eg nokon gang har vore på. Midt i pinjeskogen, heilt for seg sjøl - eit godt stykke frå sentrum. Dette er ein sånn plass ein kan sitte lenge og berre nyte livet. Pinjene gir svalande skygge, og dei skaper ein idyll med sine meir eller mindre krokete greiner. Det er flott å sjå på båtane som fer forbi heile tida, og som får den blågrøne sjøen til å bryte med kvite bølger - som gir ekstra moro for dei som er på den vesle stranda. På denne tavernaen fekk eg forresten servert den beste tunfisken eg har smakt - grilla i ein stor ovn utandørs.




















Ein kan velje å gå vidare langs veien og heilt rundt halvøya - eventuelt med eit stopp på ein av dei mange benkane der, eller ein kan gå trappene over åsen. Om ein vèl det siste, så kjem ein inn blant dei øverste husa i den gamle bydelen, og ein kan gå eitt av dei mange, idylliske smuga ned att mot sentrum. Det er koseleg med slike smug, syns eg. Der heng greiner av appelsintre og ulike blomster over deg, og snorer med klevask som er strekte mellom husa vitnar om at vi er midt i "tunet" til lokalfolket.





Cavtat sentrum er ikkje stort, men har mange restaurantar som ligg på rekkje og rad. Vi åt både lunsj og middag ute kvar dag, og prøvde ein ny taverna kvar gang - og endå var det ein heil del vi ikkje prøvde. Kroatia ligg nær Italia, og er difor kjende for å ha mykje pasta og pizza, og det var tydeleg på menyane. Men det var sjølvsagt også både fisk og kjøttrettar. Det var relativt rimeleg å ete i Cavtat. Det var ingen problem å få ein lunsj med drikke for 250-300 kuna for oss fire (1 kuna tilsvarar ca 1,10 kroner), og eg trur den dyraste middagen vi hadde kom på 460 kuna.
Det er lite biltrafikk i sentrumsområdet, og det er positivt. Det er ingen gjennomgangstrafikk langs promenaden, men ein og annan bil og scooter køyrer likevel gjennom gata og parkerer. Veien rundt halvøya er bilfri. Berre bilar som skal levere varer til tavernaen i pinjeskogen får køyre der. Det er med andre ord fredeleg.

Butikkane i byen er stort sett fylte av souvenirar, badesko, badeleikar, stråhattar, t-skjorter og diverse anna ein normalt ikkje treng. Det er stort sett det same som går att i alle butikkane, slik det brukar å vere i syden. Men det finst også to-tre gullsmedforretningar og eit lite parfymeri. Solkrem var rimeleg - omtrent halvparten av norsk pris (for dei same merka som vi har her i landet). Ellers hadde dei eit bakeri, eit såkalla "Supermarket" og eit lite torg med frukt og grønsaker. Å ta ein tur innom "House of Icecream" kan anbefalast! Der burde det ikkje vere vanskeleg å finne noko som fell i smak hjå alle - og ikkje minst er det vakkert for auga å sjå alle dei store boksane med iskrem i alle variantar!



Frå Cavtat ser ein nordover til Dubrovnik. Ein dag tok vi turen dit med ein av dei mange båtane som tøffar mellom dei to byane, overfylte med turistar. Det er ikkje snakk om at antal passasjerar skal samsvare med antal flytevestar - om det i det heile tatt finst flytevestar ombord.... Nei, det er berre å fylle opp med så mange ein klarar å få plass til. Turen tok 50 minuttar, men eg trur kanskje eg hadde valt buss ein annan gang - i alle fall den eine veien. Det går liksom litt tregt med den båten, og det er ikkje allverda å sjå på turen heller.

I Dubrovnik er pulsen langt høgre enn i vesle Cavtat. Vi vart møtt av eit yrande folkeliv i havna. Det var igrunn altfor heitt å gå rundt i trange, overfylte bygater, men litt ville vi no ha med oss av byen når vi først hadde tatt turen. Vi hadde ikkje gått lenge før vi måtte sette oss ned og kjøpe litt kaldt drikke. Då oppdaga vi at også prisane var høgre enn i Cavtat (men det var vi igrunn førebudde på). Der kosta ikkje ei lita brusflaske berre 15 kuna, men 23... Bymurane er nesten ein labyrint. Det går trange smug og trapper over alt, og vi "gjekk no berre", og såg kor vi enda... Utanfor bymurane fann vi ein koseleg restaurant med flott utsikt. Der kjøpte vi oss lunsj, og fekk litt etterlengta svalande skygge ei stund. Så vart det litt meir rusling i gatene, før turen gjekk tilbake til Cavtat - der eg heilt klart likte meg mykje betre enn i storbyen:)

Havna i Dubrovnik

Dagen før heimreise fekk ungane vere med på turens høgdepunkt; å køyre tube! For 300 kuna fekk dei 15 minuttar bak båten, og det var såååååå kjekt:) Båtføraren lurte på om ikkje eg òg ville vere med, men eg takka heller ja til å sitte på i båten.... Der fekk eg både filma og tatt masse action-foto, så det var heilt perfekt for min del:) Veldig godt med litt vind i håret var det òg. Hotell Kroatia driv desse vannsportaktivitetane, og leiger også ut vannscooter for dei som er litt tøffare enn meg. Hotellet ligg flott til oppe på ein ås, men er lite synleg frå sentrum. Vi visste faktisk ikkje kor stort det var før vi gjekk opp dit. Det har høg standard, og er nok ikkje ein rimeleg plass å bu. Vakker hage - med nesten litt tropisk preg, flotte terrassar og nydeleg bassengområde. Og romma har utsikt rett ut i Adriaterhavet (akkurat slik vi hadde frå vår leilegheit). På andre sida, nede ved sjøen, har dei altså vannsport, og her kan ein også leige flotte solsenger med handkle, ta eit måltid på tavernaen heilt i sjøkanten, og kjøle seg ned i sjøen med eit bad. Her har ein flott utsikt mot det koselige sentrumsområdet. Vil ein bevege seg litt, er det fantastisk flott å gå grusveien utover mot neset! Her står høge sypressar og blomstrande busker langs veien, og det finst mange benkar å slå seg ned på om ein berre vil sitte og sjå utover bukta og sentrum. Heilt ute på neset går det steintrapper opp til eit lite høgdedrag, og derifrå kan ein halde fram på ein sti mellom trea. Kor langt denne stien går utforska eg ikkje, men kan hende går den opp igjen på åsen til Hotell Kroatia?

Siste kvelden tok vi turen til den nordlege delen av byen. Den ligg litt for seg sjøl eit stykke frå sentrum. På veien passerer ein fleire koselege tavernaer som ligg berre eit lite steinkast frå sjøkanten. Ein passerer også, her som ellers i byen, mange små "tomannsstrender". Bittesmå strender mellom klippene, der pinjetrea heng ut over. Idyllisk! Vèl framme i den nyare bydelen ruslar vi over stranda. Her er nemlig den einaste "skikkelige" stranda i heile Cavtat. Ikkje uendeleg lang akkurat, slik strendene gjerne er i syden, men sånn passe stor etter mitt syn. Stranda består av kvite rullesteinar, og er ikkje veldig behageleg å gå på utan sko - men ein slepp i det minste sand over alt etter eit opphald på ei slik strand:) To store hotell ligg i dette området, og eit par-tre tavernaer ligg på stranda. Vi slo oss ned på ein av dei, og fekk verkeleg nyte solnedgangen mens vi venta på maten. Fantastisk vakkert!




Etter ei veke bar det heim att til kjølege sommar-Norge. Mange gode minne og flotte opplevingar hadde vi med oss. Souvenirar av det tradisjonelle slaget hadde vi derimot ikkje med i bagasjen, men eg har på alle mine turar sørga for å bringe med meg t.d. sand, skjell, steinar og kongler. Det er ekte souvenirar for meg:) Det er kjekt å ta fram dei kjempestore konglane kvar jul, og det er også fint å kunne fylle ei skål med gyllen sand (frå Algarvekysten...), pynte med skjell og steinar, og stikke nedi nokre telys. I dag har eg ståande ein glasvase på bordet, fylt med kvite steinar frå Cavtat. Ei enkel, kunstig grein med orkidè pyntar opp i den:) Slik blir eg minna på den fine turen kvar dag. Og èin ting er eg ganske sikker på, at om dette var første gangen eg var i Cavtat, så trur eg ikkje det var den siste!