Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

lørdag 6. desember 2014

Ta deg tid!

Første veka i desember er omme. Med berre 18 dagar igjen til julekvelden, er det nok mykje som gjenstår i mange heimar endå. Julebrød, rullepølser, småkaker og lefser. Kjøkkenskapa må vaskast, så klart, og støv og skit ellers i huset må vekk. Du veit det spindelvevet som bevegar seg oppe under taket i ein krok kvar gang du opnar døra? Det du har sett på så lenge, men som du samtidig har forsøkt å oversjå? No kan det faktisk ikkje henge lenger! Og så må dei siste julegåvene handlast. Juletre må ein få tak i, og først når huset er vaska kan ein begynne å pynte.

Mi gamle, kjære mormor var alltid så nøye med at julegardina på kjøkkenet ikkje skulle opp før ho var ferdig å bake til jul. Ei rein gardin skulle ikkje smussast til med mjøl og feitt frå bakinga. Men akkurat det er noko eg ikkje valt å ta med meg, om eg kan seie det slik. For meg er det no halve stasen å kunne bake på eit julepynta kjøkken. Sidan eg flytta inn i "ny" heim for ein månad sidan, kom eg til nyvaska kjøkken, og dermed slapp eg lett unna i år. Men når sant skal seiast, så har eg dei siste åra ikkje vore så grådig nøye på at kjøkkenet absolutt må vere vaska til jul. Jadå - det MÅ vaskast av og til, men er det noko ein må ta seg tid til akkurat i desember? Om bestikket og tallerkenane er reine, så får det vere tilstrekkeleg.

Eg er av den sorten som begynner tidleg med julegåvene, og er dermed også tidleg ferdig. I år var det aller meste klart i midten av november. Eg har ei liste eg noterer på så snart eg kjem på ting eg kan kjøpe, om det så er midt på sommaren, og når det lir utpå hausten supplerer eg etter kvart som dei kanskje sjølve kjem med ynskje. Og sidan eg ikkje er så veldig glad i å springe frå den eine butikken til den andre for å leite etter det eg skal ha tak i, så vel eg ofte den mest behagelege løysinga. Netthandel. Dei siste åra er det jammen mang ei gåve eg har handla på det viset, og det passar meg veldig bra.
Når eg ferdig i god tid er det fint å ta ein tur til Førde ein gang i desember berre for kosen sin del. Mens andre stressar rundt med velfylte posar i begge hendene, så kan eg rusle bedageleg rundt i julepynta butikkar og berre sjå. Kanskje kjøpe litt småtteri som eg i grunn ikkje har bruk for, men som eg likevel "må ha". Ein liten nisse, ei julekule - eller kanskje litt julegodt.

Kjøkkenet har eg i mange år brukt å pynte så og seie ferdig til advent; fordi eg altså finn stemning i å bake med julepynten rundt meg. Stova brukar eg å vente litt lenger med, men tek det gjerne litt gradvis utover i julemånaden. I år vart det annleis. Eg hadde fri i går, og hadde lyst å pynte. Så kvifor skulle eg la det vere då? Eg kosa meg heile fridagen med å putle rundt i stova, mens eg høyrde julesangar. Når ein har flytta inn i ny heim tek det litt tid å finne den "rette plassen" til kvar ting, men eg hadde god tid eg, og kunne berre kose meg :) Det har eg gjort i dag òg forresten. Laga meg ein enkel dekorasjon til spisebordet. Litt mose, konglar, granbar og nokre kuler. Ingenting avansert, men noko eg finn stor glede i å sysle med. Så gjekk eg ein tur på fjellet, og vèl heime tende eg masse stearinlys og laga peparkakedeig. I morgon skal eg kose meg med å bake dei ut. Og er det ikkje det det heile handlar om? Glede og kos? Heile julemånaden har blitt eit mas for dei fleste. Ein skal rekke over meir enn ein maktar, fordi det er så høge forventningar. Vi lar oss påverke av blad og TV som viser perfekte heimar, og som fortel oss alt vi "må" ha og "må" gjere. Ting som strengt tatt tek i frå oss verdiane: Tid med kvarandre. Tid til å gjere ting ein har lyst til, og som ein har glede av. Tid til å nyte julekosen.

Eg kosar meg med å lage enkle dekorasjonar som pyntar opp både ute og inne.


Bakst har det vore dårleg med så langt. Eg har tenkt å bake tjukklefser over helga, og hadde i grunn også tenkt å bake lefsekling i år. Ikkje fordi vi et veldig mykje av det, men fordi eg synest det er ein fin tradisjon å føre vidare. Både mamma og mormor har bakt lefser så lenge eg kan hugse, og eg håpar at jentene mine også ein dag har lyst å lære det av meg. Men akkurat lefseklingen kjem eg nok til å droppe i år.
Sylteflesk skal eg derimot lage. Heimebakt loff med meierismør, sylteflesk og rødbetar er det beste eg kan få til julefrukosten! Og då må det vere heimelaga sylteflesk, og ikkje verken Nordfjord eller Gilde sin variant. Det klarar eg meg godt utan. Julebrød skal eg også få i frysen, og så blir det vel eit par-tre slag med småkaker, alt etter kva eg har lyst til og tid til. Det er ingen grunn til å stresse. Sju slag trur eg aldri eg har laga, og eg ser ingen grunn til å lage det i år heller.

Den nye heimen vår er koseleg pynta no. På ytterdøra heng ein enkel krans eg har laga sjøl, med ein halmring eg tek fram att år etter år og legg på nytt lag av friskt grønt. Det er også slikt som eg verkeleg kosar meg med. Det er så avslappande å gå ut i naturen eller i hagen og finne materiale til å skape noko (gratis er det også!), og endå meir avslappande er det når eg kan rote som eg vil med å klippe opp greiner, ta fram "konglelageret" mitt, leite i øskjene mine etter det eg vil dekorere med, og kanskje lage ei ny sløyfe. Heilt i mi eiga verd. Det er fint, det :)
På kjøkkenet og i stova er det lykter, lysglas og nissar av mange slag, i kombinasjon med furukvistar og vinternakne greiner i potter og vasar (igjen; enkelt og gratis - men fint likevel). Ein amaryllis er i ferd med å sprette, og fleire sviblar sprer ei herleg lukt. For meg er svibel eit "must" i jula, like mykje som pinnekjøt og ribbe.

Det er ruskevêr ute i kveld. Minusgradene og det vesle snødrysset eg stod opp til i dag, er gått over til regn som piskar på rutene. Men det brenn godt i ovnen, og adventsstjerner og stearinlys pyntar opp. Skikkeleg innekos. Så no skal eg slappe av med strikketøyet mitt, og nyte alt det fine eg har rundt meg i heimen min.

Og til alle som aller nådigast har tatt seg tid til å lese dette innlegget mitt: Kos deg og nyt resten av førjulstida! Ingen er tent med at du er sliten når julekvelden kjem, fordi du har brukt dagar og veker på å bake kaker som ingen har lyst på, eller vaska spindelvev som ingen ser i vintermørket.

God jul!