Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

mandag 30. desember 2013

Vestlandsk julekortstemning

Det er den nest siste dagen i året, og det er berre å innsjå at den to veker lange juleferien snart er til vegs ende. Det er mange år sidan sist eg hadde fri heile jula, så i år trudde eg jo at ferien skulle kjennast endelaus, når eg no endeleg skulle ha like lenge fri som "alle andre". Der tok eg feil. Den eine dagen har gått fort over i den andre. Men når eg tenkjer nærare etter, så trur eg det er eit GODT teikn at dagane går fort. Det må vel bety at ein trivst og har det bra? Det er nok mange som tykkjer dagane er lange. Altfor lange. Dei som ikkje har familie og venner rundt seg, og som blir sittande med berre seg sjølv som selskap. Dei som er sjuke og gjerne er bundne til senga. For dei kjennast nok timane og dagane uendelege, jul eller ei. Kanskje er det grunn til å tenkje litt på det neste gang ein sukkar over kor fort tida går.

I jula er tradisjonar ekstra viktig. Julepynten skal ha sin faste plass, ein må lage dei same matrettane og småkakene som ein alltid gjer, bestemte sortar blomster må i hus, og familieselskap må haldast som før. Kort sagt: "The same procedure as every year". Men i jula er også vêret viktig. Det må vere julekortstemning, så klart! Grantrea skal vere tunge av snø, og lette snøkrystallar skal virvle i lufta. Juleneket skal ha ein kvit snødott på toppen, og ungane skal boltre seg med ski og akebrett dei har fått til jul. Men ikkje i år då. Nei, ikkje ein gang i Oslo. For nokre dagar sidan såg eg på TV at der må dei bruke rulleski, stakkars, fordi dei ikkje har fått kvit jul. Det er jo aldeles tragisk! Og dei måtte visst gå med støvlar og paraply i bygatene òg. Så trasig då! Dei kan no vel neppe ha hatt mykje julestemning i år, vil eg tru. Her på Vestlandet har det no vêrmessig vore slik det stort sett brukar å vere i jula. Mildt og regn - og ein storm med eit høveleg namn som stikk innom og helsar på her og der.
Friskt med vind og snø som piska i ansiktet! Utsikt var det heller dårleg med i dag...

Eg sette meg eit mål i starten av juleferien: Eg kunne ete godt, men eg skulle vere aktiv. Av og til har ein lov å skryte av seg sjølv, og det skal eg gjere no. Så langt har eg hatt ei god trimøkt på halvparten av feriedagane mine, og det er eg godt nøgd med! Etter frukosten i dag var eg ekstremt rastlaus (eit ikkje heilt ukjent fenomen for meg), og nettopp då er det lurt å vere litt impulsiv og berre bestemme seg for å ta ein trimtur! Det er tyngre å komme seg ut døra når det er litt regn i lufta, enn på ein dag med opphaldsvêr. Men eg har godt og høveleg turtøy, så det finst ingen unnskyldning som er god nok for å sitte inne. På 507 meter over havet var det forresten ikkje regn lenger, men bittesmå snøfnugg som piska i ansiktet i den friske vinden! Eg har no ikkje peiling på frisk bris og stiv kuling og alt det der, så eg kallar ein spade for ein spade. Det var VIND på toppen, enkelt og greit. Såpass mykje at eg streva litt med å krote ned namnet mitt i trimpostboka, og såpass mykje at eg kjende at Microlight-jakka til Bergans i alle fall er vindtett :) Men du verden så friskt å komme seg ut i sånt Vestlandsk julekortstemningsvêr! Og så er det ekstra godt å komme inn att etterpå, våt og småkald. Vrenge av seg, putte ulltøyet rett i maskina og ta ein varm dusj. Rake fram nokre glør i den gamle Jøtulen og hive innpå ein kubbe som sprakar. Tenne nokre levande lys, ta fram eit knippe julekaker å knaske på, og berre vere nøgd med seg sjølv. Den store julestjerna har kasta det meste av blada sine, men sviblane luktar godt, juletreet dryssar ikkje, og nissane smiler stadig like pent i den varme stova mi. Det er no ikkje nøye kva vêr det er ute, for juleferie - det er fint, det!