Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

onsdag 10. april 2013

Elle-melle, sofaen eller fjellet...??

Av og til kan det vere tungt å berre bestemme seg for å gå ut og bevege seg litt. Det finst så mange unnskyldningar for å la vere. Som i dag for eksempel, så tenkte eg at eg var i grunn litt trøtt... Då er det så seigt å gå på fjellet... Så då kan eg vel heller vere inne, vel? Sige i hop i sofaen med strikketøyet og sjå Ettermiddagen på TV2...? Men, så har det seg nemleg slik at vi held på med skritteljarkonkurranse på jobb nett no, og det er ikkje tvil om at det kan vere ei drahjelp! I alle fall, i staden for å gå sju steg bort til sofaen, så bestemte eg meg for å velje det meir krevjande alternativet: Sauesnyken. Eg treng ikkje i bilen ein gang, for å komme til stien. Det er berre å snøre på seg skoa (og ta på broddar, sidan våren ikkje har fått sleppe fullt til endå...) og trakke avgårde. Det er jo dessutan på hell med dei flotte solskinsdagane, skal vi tru vêrmeldingane, så det er ingen grunn til ikkje å vere ute og nyte solstrålane!

Eg pesar meg avgårde oppover den bratte stien, og sparer med vilje vatnet eg har på ei lita flaske i lomma (takk til Bergans som lagar så store lommer på jakkene at dei rommar ei flaske). Først på toppen lar eg det kalde vatnet sløkke tørsten - sånn delvis i alle fall. For eg skulle ynskje eg hadde dobbelt så mykje med meg. Gradestokken på sida av "postkassen" viser 2 minusgrader, men det er ikkje mykje vind, så det er ikkje kaldt. Ved hjelp av pulsklokka mi kan eg slå fast at eg har brukt 464 kaloriar opp, og skritteljaren seier at eg har gått nesten 6000 steg. Det er noko anna enn å rusle bort til sofaen, gitt :) Og eg skal jo dessuten ned att òg! Eg blar i trimpost-boka for å sjå kor mange turar eg har vore. Hmmm... Trudde eg hadde vore meir enn to gonger før? Men nei, eg kan ikkje lyge på meg meir. Så eg skriv inn namnet mitt for tredje gong denne sesongen, før eg legg i veg i unnabakkane.

Nesten heime att må eg stoppe opp litt. Var det ikkje svarttrosta eg høyrde...? Jo, det var det! Eg har ikkje høyrt ho tidlegare i vår, men kanskje ho har latt seg skremme av kulden? Svarttrosta har den nydelegaste fuglesongen eg veit om! Melodiøse triller som når langt avgårde på kjølege vårkveldar når dagslyset er i ferd med å sleppe taket. Det er eit sikkert vårteikn!

Det er godt å komme i hus og vrenge av seg treningstøyet og ta ein dusj etter ein frisk fjelltur. Og så er det godt å kjenne på at eg ikkje valde sofa-alternativet. Det hadde sannsynlegvis tatt meir tid, og ville ikkje ha gitt meg verken overskot, frisk luft i lungene, eller raude roser i kjakane. Og så hadde det gitt meg berre sju steg i konkurransen...  Og som dei seier i Kvikk Lunsj-reklamen: "Du angrer aldri på en tur". Det er heilt sant - og kanskje litt å tenkje på når ein leitar etter unnskyldningar for ikkje å gå ut! Men no - ja, NO skal eg sette meg i sofaen. Tenne lys, strikke og sjå tv. Det har eg fortent, nemlig :)



tirsdag 2. april 2013

Ein skitur å minnast


Skyfri himmel og puddersnø

Heile påska har i år vore prega av fantastisk vèr, slik også heile vinteren har vore. Eit snøfall 1.påskedag gjorde godt i dei harde skispora og løypene rundt om, og då er det vanskeleg å la skia stå i ro. Saman med Hanne drog eg difor til Høyangerfjella for å nyte puddersnø, sol og blå himmel den siste dagen i påska. Sidan Hanne er oppvaksen i Høyanger, har ho mange skiturar bak seg i fjella der, mens eg sjøl aldri har gått der før. Det skulle vise seg å bli ein fantastisk premiæretur for min del!

Sidan det lei litt utpå ettermiddagen før vi kom oss avgårde, var folk flest på veg heim frå skituren sin, så etter kvart hadde vi nesten "fjellet for oss sjølv". Perfekt løype. Heilt vindstille. Himmelen kunne ikkje ha vore blåare, og sola skapte det herligaste glitter i den lause snøen. Alt var heilt optimalt, med andre ord. Etter seks kilometer var det slutt på den preparerte løypa, og vi gjekk over i brattare terreng. På eit lite berg der sola hadde smelta snøen, sette vi oss for ein matbit og den obligatoriske koppen med kakao, før vi spente på oss skia på nytt, og heldt fram oppover. Eg som ikkje har særleg mykje trening generelt - og i alle fall ikkje på ski, kjende eg tok til å bli litt sliten. Det er hardt å bruke armane så mykje.... Men etter ei kjapp vurdering bestemte vi oss for å gå heilt til Toppenhytta. Klokka var flytta til sommartid, og sola stod høgt på himmelen endå, sjølv om det var seint på ettermiddagen. Ingen av oss hadde det travelt, og med eit så strålande vèr var det jo ingen grunn til å korte ned turen :) 

Vidder og bakkar låg framfor oss. Det hadde ikkje vore problem å bruke to dagar i terrenget der. Uendeleg mange muligheiter til å utfalde seg! Og så kom ho til syne. Toppenhytta. Bitte lita og yndig. Raudmåla vegger i kontrast til kvit snø og knallblå himmel, heilt oppe på toppen av fjellet. 
Toppenhytta - bitte lita og yndig.


Det såg nesten ut som ei dokkestove som har blitt sleppt ned frå eit fly på ein vindfull fjelltopp ein gong. Eit litt ubestemmeleg syn i grunn. Artig, sjarmerande og spesielt. Og ikkje minst innbydande. Etter tre timar med ski på beina var eg sliten, men det var liksom ikkje vanskeleg å gå den siste bakken opp til hytta likevel! Det kjendest nesten som om eg var fem år og vart lokka med sjokolade :)



Vakre Sognefjorden
Utsikta endra seg no. Det var ikkje lenger berre snøkledde fjelltoppar kring oss, men vi kunne også sjå Sognefjorden langt der nede under oss. Fantastisk! Å kunne sitte høgt til fjells i ein lun hyttevegg og berre sjå ut over eit slikt landskap, er som all verdas gull og diamantar! Jammen er vi heldige som kan oppleve slikt!




Takk til Hanne for flott tur og verdifulle minne!