Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

tirsdag 2. april 2013

Ein skitur å minnast


Skyfri himmel og puddersnø

Heile påska har i år vore prega av fantastisk vèr, slik også heile vinteren har vore. Eit snøfall 1.påskedag gjorde godt i dei harde skispora og løypene rundt om, og då er det vanskeleg å la skia stå i ro. Saman med Hanne drog eg difor til Høyangerfjella for å nyte puddersnø, sol og blå himmel den siste dagen i påska. Sidan Hanne er oppvaksen i Høyanger, har ho mange skiturar bak seg i fjella der, mens eg sjøl aldri har gått der før. Det skulle vise seg å bli ein fantastisk premiæretur for min del!

Sidan det lei litt utpå ettermiddagen før vi kom oss avgårde, var folk flest på veg heim frå skituren sin, så etter kvart hadde vi nesten "fjellet for oss sjølv". Perfekt løype. Heilt vindstille. Himmelen kunne ikkje ha vore blåare, og sola skapte det herligaste glitter i den lause snøen. Alt var heilt optimalt, med andre ord. Etter seks kilometer var det slutt på den preparerte løypa, og vi gjekk over i brattare terreng. På eit lite berg der sola hadde smelta snøen, sette vi oss for ein matbit og den obligatoriske koppen med kakao, før vi spente på oss skia på nytt, og heldt fram oppover. Eg som ikkje har særleg mykje trening generelt - og i alle fall ikkje på ski, kjende eg tok til å bli litt sliten. Det er hardt å bruke armane så mykje.... Men etter ei kjapp vurdering bestemte vi oss for å gå heilt til Toppenhytta. Klokka var flytta til sommartid, og sola stod høgt på himmelen endå, sjølv om det var seint på ettermiddagen. Ingen av oss hadde det travelt, og med eit så strålande vèr var det jo ingen grunn til å korte ned turen :) 

Vidder og bakkar låg framfor oss. Det hadde ikkje vore problem å bruke to dagar i terrenget der. Uendeleg mange muligheiter til å utfalde seg! Og så kom ho til syne. Toppenhytta. Bitte lita og yndig. Raudmåla vegger i kontrast til kvit snø og knallblå himmel, heilt oppe på toppen av fjellet. 
Toppenhytta - bitte lita og yndig.


Det såg nesten ut som ei dokkestove som har blitt sleppt ned frå eit fly på ein vindfull fjelltopp ein gong. Eit litt ubestemmeleg syn i grunn. Artig, sjarmerande og spesielt. Og ikkje minst innbydande. Etter tre timar med ski på beina var eg sliten, men det var liksom ikkje vanskeleg å gå den siste bakken opp til hytta likevel! Det kjendest nesten som om eg var fem år og vart lokka med sjokolade :)



Vakre Sognefjorden
Utsikta endra seg no. Det var ikkje lenger berre snøkledde fjelltoppar kring oss, men vi kunne også sjå Sognefjorden langt der nede under oss. Fantastisk! Å kunne sitte høgt til fjells i ein lun hyttevegg og berre sjå ut over eit slikt landskap, er som all verdas gull og diamantar! Jammen er vi heldige som kan oppleve slikt!




Takk til Hanne for flott tur og verdifulle minne!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar