Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

lørdag 26. april 2014

Symphony no.1

Eg vakna tidleg i dag. Altfor tidleg på ein lørdag. Men eg har etter kvart lært at kroppen lar seg ikkje stille inn på helgemodus, så det er berre å godta det slik det er. Men særleg vanskeleg er det no ikkje å stå tidleg opp når sola er i ferd med å stå opp over fjella i øst, og gradestokken i slutten av april viser like mange plussgrader som vi på jamna hadde i fjor sommar.

Eg kler meg like godt i turtøy med det same. Har bestemt meg for å starte dagen med ein fjelltur, så når havregrauten er tatt inn snører eg på meg joggeskoa og legg i veg inn mot Handalsstølen. Etter ein lang nedbørsfri periode er det tørt og fint i stien, med unntak av nokre myrar som sikkert aldri er tørre. Fuglane er vakne for lengst, og kvitrar i trea som har altfor grønt lauv til april å vere. Med 15-20 grader dei siste dagane har naturen eksplodert. Kvitveisen har fått selskap av løvetann, vårkål, bekkeblom og engkarse. Over alt lyser det av gule blomster, som liksom blir ekstra gule når sola skin, mens engkarsen er litt meir diskret med sin duse lillafarge.


Etter trimtur og dusj tek eg ein tur til Dale. Den ferske 14-åringen min har spart pengar til ny sykkel, og er ivrig etter å komme seg avgårde. Det er ein stolt gut som blar opp mange tusen ved disken og trillar ein skinande Merida hybrid ut til bilen etterpå. Vèl heime får eg litt sut for min eigen sykkel, som treng ein dose spray på tannhjul og kjede. Kanskje på tide å sjekke om lårmuskulaturen held til ein tur opp Staurdalssvingane etter gammalt...? Sikkert litt for ambisiøst på første sykkelturen i år...


14-åringen min kjøpte seg ny sykkel i dag,
mens min eigen fekk ein sårt trengande dose
med smøring.
Eg tømmer vaskemaskina. Kletørken har vore upåklageleg dei siste dagane. Fantastisk godt å kunne tørke kle utandørs! Men så ventar solstolen. Det er jo nesten bikinivêr :) Akkurat passeleg temperatur for meg som ikkje trivst når gradestokken kryp over 25 grader i skuggen. Eg kjempar litt med å jamne ut både buff- og solbrilleskille frå påska, men det skal vere usagt om eg lukkast så veldig med det. Kjøkkenet skulle ha vore shina litt, men det får ikkje prioritet før til kvelden. Det gjeld å nyte sola når ein kan, og det er aldeles herleg å berre slappe av i solstolen. Skikkeleg helgefølelse! I ei stikkelsbærbusk surrar humlene dovne frå blomst til blomst, mens ei kjøttmeis mellomlandar i Hagtornen og ser seg litt rådvill ikring. I nebbet har ho tørt gras. Det er vel siste innspurt på snekring av babyseng, tenkjer eg. I sidesynet legg eg merke til ein liten skugge som forsvinn fort under bilen min. Like fort kjem han fram att, og spring på raske labbar ned i vegen. Han stoppar opp og ser rundt seg med årvåke røyskattblikk, før han legg i veg opp att i skogen. Kanskje er jakta på fugleegg allereie i gang...?



Så sig sola meir og meir ned i vest, og det blir kjøleg. Småfuglane stilnar. Det er ikkje mange bilar som køyrer forbi her i Lia i løpet av ein dag. Her er ikkje stort anna "støy" enn fuglesang og elvesus, så når fuglane stilnar blir det plutseleg veldig stille. Men så... Så skjer det noko. I dei høgste tretoppane blir det eit yrande liv. Svarttrostene har kledd seg i kjole og kvitt, og har stemt fiolin, harpe og cello. Ein uendeleg skala av tonar flyt ut over Lia, og det er berre så ubeskriveleg vakkert å høyre på! Det går ikkje an å la vere å berre stå og lytte. Lenge. Det må no vere noko av det mest avstressande som finst! Og midt oppi dette - midt i symfoniorkesteret - bur eg. Snakk om å vere heldig :)