Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

mandag 31. mai 2010

X-factor - ikkje for utolmodige sjeler...


Sangfuglen i familien melde seg på X-factor 2010. Riktignok under litt press frå mellom anna ei facebookgruppe, men eg trur ho fann ut at det ville vere litt spennande å prøve òg. Det kom mail om at påmelding var registrert, og invitasjon til å delta på Precast på Forum Scene i Bergen 28.mai. Etter mykje om og men fekk vi no tak i eit hotellrom til meg og henne, så kvelden før bar det innover med bussen.

Kl 09:15 skal ho møte. I det taxien stoppar i lyskrysset like nedanfor Forum, ser vi køa utanfor døra. Oi...! Her blir det venting, skjønnar vi. Men akkurat kor lenge hadde vi inga aning om. Heldigvis...

Køa veks fort. Det er ikkje berre deltakarar som møter opp, men også venner og familie som skal vere viktige støttespelarar ein slik dag. Klokka blir rundt 10, og eg kjenner eg så smått er litt lei - allereie... Kvifor slepp vi ikkje inn...??? Men så skjer det litt. Ei dame frå teamet tek fram ein ropert, og fortel at vi som står i køa skal "gjere litt forskjellig", og dess flinkare vi er, dess fortare slepp vi inn. Jaha...? Skal tru kva det betyr...? Etterkvart blir vi bedt om å rope JAAA og rekke hendene i vèret når ho gir oss eit teikn. Kamerafolka skal filme dette, i samband med at programleiarane Ravi og Guro har sagt eitt eller anna langt der framme. Vi må gjenta dette mange gonger før dei er nøgde. Så skal vi prøve ein litt annan versjon. Og ein tredje. Innimellom skjer det lite. Klokka går. Kameramenn og -kvinner går fram og tilbake. Det same gjer ein heil del svartkledde sjeler, med t-skjorter merka CREW på ryggen. Ravi og Guro går blant oss, og det blir filma ulike "episodar" som eg antek skal nyttast som intro til X-factor Bergen.

Det er kjøleg. Eg la merke til at det viste 12 grader i taxien på vei oppover. Nokre har faktisk på seg vottar, og jammen kunne eg tenkt meg det sjøl, der eg står og hutrar... Men eg er i alle fall glad det ikkje regnar! To timar har gått sidan vi kom. Det blir gjort intervju med tilfeldige deltakarar, og nokre tek fram gitaren og spelar og syng, på oppfordring frå kamerafolka. Greit med litt underhaldning i ventetida :)



Så skjer det ting. Vi får beskjed om at om 6-7 minuttar vil rundt 100 stykke sleppe inn. Deretter vil det gå ca 10 minuttar før dei slepper inn ei pulje på 10 nye. Endeleg! Men; litt seinare kjem alle desse ut att, og blir vist vei til ein annan plass i bygget. Vi som står att ute får snart beskjed om å gå den same veien. No er klokka 12. Vi har altså stått i nesten tre timar utanfor, og i etterkant får eg vite at dette er berre for at kamerateamet skal få nokre sekundar med filmsnuttar som skal nyttast i tv-sendinga... Dei 100 som vart sleppt inn for litt sidan, fekk komme inn berre fordi dei skulle filmast i det dei tilsynelatande storma mot døra som ivrige deltakarar...

Men no skal vi altså få sleppe inn, og ei Nordlandsjente fortel oss at "Nå skal dere inn i noe som ligner en kinosal. Så skal dere registrere dere, så skal dere på Precast, og er dere ferdig". Måten ho seier det på, får det til å høyrest ut som om dette skal vere fort gjort. Vel, så feil kan ein tolke... Klokka blir eitt, og klokka blir to. Innimellom hentar dei to-tre rekker som blir tatt ut i sidelokalet, og nokre kjem inn att etterpå og går opp på scena for ei eller anna slags registrering. Etterkvart finn vi ut at dette er nok dei som har komme vidare til Autiditon. Vi får absolutt ingen informasjon. Dei som sit ved sida av oss spør om vi veit noko meir enn dei, men vi veit nok like lite som alle andre... Her og der høyrer vi folk som øver på sangane sine mens dei ventar i salen, og nokre tek fram gitarane og syng låt etter låt. Ingen tvil om at her er det fleire som er svært dyktige!

Eg syns ting går ekstremt tregt. Det er lite aktivitet ei heil stund, så eg bestemmer meg for å kontakte ei frå teamet for å spørje kva som skjer. "Nei, nå har det stoppa litt opp fordi vi har hatt lunsjpause", er svaret eg får. Eg prøver å ikkje himle for mykje med auga. Lunsjpause? Hallo...?? Kva med litt informasjon til alle som sit og ventar...??? Eg kjenner eg blir provosert, men klarar no å la vere å gi uttrykk for det. Ærleg talt; under eit så stort arrangement kan dei no ikkje berre ta lunsjpause??! Dei må no vel kunne engasjere såpass mange at dei kan avløyse kvarandre, slik at ting går fortast mogeleg. Det er faktisk mange hundre menneske som ventar... Då kan ikkje ting berre stoppe opp, liksom... Eg skal etter planen vere med på eit møte på jobb kl sju om kvelden, og hadde i utgangspunktet håpa at vi skulle rekke bussen heim kl 14:50. Det er jo utelukka, så eg set meg som mål å ta båten kl 16:30 i staden. Etterkvart mistenker eg at det òg kan bli vanskeleg. Men når eg igjen tek kontakt med teamet får eg beskjed om at "det skal vi klare". Eg må berre informere om dette til dei som ropar opp til Precast, etter at Kine er blitt registrert. Eg gjer som eg blir anbefalt, og det blir Kine sin tur etter få minuttar. Ho får snike litt i køa, med andre ord:)
  
Men..., det er kø også utanfor Precast-rommet, så ting går ikkje så fort som eg hadde håpa... Eg er nervøs for ho som skal "i elden", og eg er samtidig stressa fordi eg ser det blir veldig knapt med tid viss vi skal rekke båten. Klokka er 15:40. Eg trakkar fram og tilbake i gangen. Klokka er 15:47. Kjem ho ikkje snart ut att?? Der kjem ho som var før henne i køa. Puh! Då er det Kine sin tur... Tre-fire minuttar før klokka slår fire, ser eg ho i gangen. Ho smiler. Det må no bety at ho har komme vidare til Audition, vel...? Men nei, det har ho ikkje. Nålauget er trangt, og det bør det jo også vere. Konkurransen er knallhard. Men ho har fått gode og konstruktive tilbakemeldingar, med oppfordring om å prøve seg igjen om eit år eller to, når ho har modnast litt. Litt skuffa er vi nok begge to med det same, men ho tek det veldig fint, og er glad for dei positive orda ho har fått med seg. Ho har i alle fall forsøkt, og har på sett og vis blitt ei erfaring rikare:)

Eg ringer Bergen taxi og ber om ein bil straks. Men håpet om å rekke båten svinn veldig fort... Det er rushtrafikk, og det går ikkje mange minuttar før eg innser at vi må bli i Bergen nokre timar til, og ta bussen kl 19:50... Møtet får eg droppe. Ingenting å gjere med det. Eg seinkar endeleg skuldrane, og lar alle stresshormona dunste vekk. Vi bestemmer oss for å ete middag, gå litt i butikkane, og rusle litt rundt i byen i finevèret. Det er praktfull blomstring i parken på denne tida! Bergensarane er flinke på det området! Og kameraet er naturligvis med, så eg sikrar meg nokre foto.

Så set vi oss på bussen. Etter ein halvtimes tid får Kine ein telefon frå eit ukjent nummer. Ho var med på ein quiz for X-factordeltakarane, og det var trekning kl fire. Og gjett kven som vart den heldige vinnaren av ein mobiltelefon til ein verdi av 4.500 kroner!? Jubelen står naturlegvis i taket på bussen:) Jenta er jo ikkje "nedpå". Men mor er søvnig, og tek etterkvart ein snartur innom draumeland. For ein heil dag med venting - ja, det blir ein jammen sliten av...










fredag 21. mai 2010

Balsam for sjela

Dei siste dagane har vore praktfulle. Jammen er eg heldig som har hatt fri i dette flotte vèret! I dag bestemte eg meg for ein litt lengre fjelltur, på ein topp eg aldri har vore på før. Første del av turen går mot Dalsstølane. Trym, hunden min, er med. Eg kastar ganske fort trøya, for det er varmt å gå. Heldigvis tenkte eg så langt før eg for, at eg tok på solkrem... Fuglesangen er rett og slett ubeskriveleg! Det yrar av liv i trea rundt meg.

Vèl framme på Dalsstølane, skriv eg meg inn i boka i den vesle "postkassen" som heng på ein trestamme, før eg traskar vidare. Eg har nemlig tenkt meg litt høgre opp. Veit at det skal vere ein merka sti som går innover mot Langevatnet, og at ein kan gå vidare inn til Robba. Har ikkje tenkt meg langt, og ikkje veit eg kor langt det er inn til Langevatnet heller, men eg kan jo snu akkurat når eg vil. Men stien er dårleg merka... Eg har ikkje gått så langt før eg må stå og speide etter neste merke, og det er vanskeleg å sjå kor stien er trakka. Men terrenget er lett å ta seg fram i, sti eller ei, så her er det berre å sette seg eit mål og gå. Eg bestemmer meg for ein liten fjelltopp, og tenkjer at der skal eg ete nista mi. Det er mange småtoppar i nordøstleg retning, som neppe er ein del av ei turløype, men som likevel lett kan nåast. I dette terrenget kan ein nok gå frå topp til topp i timesvis, slik det ser ut for meg. Eg brukar ikkje så lang tid opp til det første målet mitt, og set meg difor eit nytt mål. No ser eg nemlig eit par merke, og set kursen mot dei. Men så vert det plutseleg slutt på merka igjen, så då får eg berre bruke auga, og sjå kvar det kan vere lettast å ta seg fram.

Så er eg framme på neste topp. Utsikta er upåklageleg. Alden der ute i havet, majestetiske Lihesten, Brosviksåta, og i nord ligg det fleire snøkledde fjelltoppar. I øst ser eg fleire større merkesteinar. Eg kunne nok tenkt meg å vandre lenger innover, men eg har ein avtale seinare på dagen, så eg har ikkje tid. Det får bli ein annan gang. Eg finn meg ein lun plass i enden av ein dam, like ved ei snøfonn. Her tek eg fram nista mi. Sola varmar godt. Det er stille. Heilt stille. Ikkje sus av vinden, ikkje ein fugl som kvitrar eller ei humle som surrar. Ingen bekk som klukkar. Eg kan ikkje eingang høyre hunden puste, der han står tett ved sida av meg. Det slår meg at det må vere utruleg lenge sidan eg har opplevd det stille rundt meg... Uttrykket "balsam for sjela" får meining. Det er vel nesten ikkje mogeleg å ikkje finne ro i kroppen ei slik stund...

Eg kunne godt ha tenkt meg å sitte lenger. Kanskje fått litt farge på kroppen, der ved snøfonna. Men eg må nok vende nasen heimover. Eg vèl kortaste vegen ned att mot stølane. Her går det ikkje an å gå seg vill, og terrenget byr ikkje på problem nesten uansett kvar eg går, så sti er slett ikkje nødvendig her. Trym dreg i bandet og vil i ein annan retning enn meg. Han stoppar opp. Inntek ei våken haldning. Eg skjønnar at han har teften av noko som eg ikkje er i stand til å oppfatte. Og ganske riktig... Akkurat i det eg klarar å lokke han med meg vidare, flaksar ei rype opp frå lyngen og legg på flukt.

Vi går nedover lia i godt tempo. Over mose, berg og tuer. Berre ein og annan plass må vi svinge unna for nokre busker av vier. Vi er over tregrensa, så stort anna vegetasjon er her ikkje. Trym tek seg tid til å snuse litt, så eg blir gåande framfor han. Plutseleg høyrer eg eit plask bak meg. Eg snur meg og ser berre hundebandet som går ned i eit djupt hòl i bakken, skjult av lyng. Hunden ser eg ikkje...! Men like fort bykser han opp att, litt fortumla - stakkaren, og ristar av seg vatnet. Snakk om skummel overraskelse! Det var jo berre flaks at ikkje det var eg som havna nedi det hòlet... Det kunne nok ha enda litt annleis, er eg redd... For å hindre at andre skal "gå i fella", riv eg vekk lyngen, slik at hòlet blir synleg. Så går eg det siste stykket ned att mot stølane. Vinden svalar godt, men innimellom kjenner eg nesten kor varmen slår i mot meg. Etter kaldt og surt vèr i lang tid, har allting med eitt eksplodert i løpet av få dagar med god temperatur. No er det endeleg vår!

Så snart eg kjem ned att til meir vegetasjon, møter fuglesangen meg igjen. Total stillheit på toppen var vidunderleg, men det yrande livet i skogen er også fantastisk! Sjela mi fekk i alle fall ein god dose balsam på turen i dag:)

onsdag 19. mai 2010

"Alle fugler små de er kommet nå tilbake"

Vi har skogen ganske tett innpå huset. Det treng ikkje alltid vere positivt. Mykje lauv samlar seg på tunet om høsten, nokre av trea er så høge at dei skyggar for morgonsola, mose gror på taket og det blir sopp på husveggen. Men èin positiv ting fører det i alle fall med seg: Det blir livleg aktitivet i trea i sommarhalvåret! I grantoppane syng svarttrosta dei vakraste melodiar, både på morgonkvisten og på kveldstid. Det finst vel knapt noko meir fredfullt enn å gå ut på tunet ein kjøleg vårkveld, og berre lytte til svarttrosta - eller "sysvorta" som vi seier. På dagtid er det helst dei ulike meisene sitt orkester som rår mellom greinene. Men det er med fuglane som med oss menneske; dess betre vêr, dess betre humør. Ein regntung dag er det ikkje så mykje fuglesang. Men i dag har sola forgylt landskapet, og då står det Crescendo på notearket til dei små kvitrande skapningane. Volumet stig markant! Av og til må eg berre stoppe opp og nyte det. Ingenting gir meir vårkjensle for meg, enn den intense kvitringa.

Eg har alltid stelt pent med fuglane. I åresvis har eg fòra dei om vintrane. Det er ikkje berre èin 25-kg's sekk med solsikkefrø som går med i løpet av ein sesong... Og i tillegg til frø får dei meisebollar og fuglenøtter. Det er kjekt å fylgje med på kva slags fuglar som finn vegen til matfatet, og eg har lært meg alle sortane. Og når våren kjem, så får eg godt betalt for at eg har hjelpt dei gjennom vinteren!

I min ungdom laga eg ein del fuglekassar. Farfar hjelpte meg å henge dei opp på Norevikane, der han og farmor budde. Dei var begge glad i natur, dyr og fuglar, og tykte det var kjekt at også eg hadde interesse for dette. Kvar vår heldt farfar nøye "rekneskap" med kva slags fuglar som hadde busett seg i den enkelte kasse, og han heldt meg oppdatert på dette. Eg trur han hadde stor glede av å rusle rundt og sjekke om vordande foreldrepar hadde slått seg til ro i mine heimesnekra "leilegheiter". Farfar vart etterkvart ganske tunghøyrt på sine gamle dagar, og oppfatta ikkje lenger den vakre fuglesangen. Det var nok eit sakn for han. Eg har mange gangar prøvd å sette meg inn i korleis det må vere... Tenk å ikkje høyre fuglekvitringa om våren...!?

Eg går ein tur på Postveien i solskinet. Kvitveisar dannar store kvite teppe,og står der og nikkar lett med kronblada sine - der friske, nye grasstrå så smått har begynt å ta plassen for det visne fjorårsgraset. Humlene surrar frå blomst til blomst. Blåbærplantene vitnar om at det kan bli mykje antioksidantar i frysen min i år òg - om dei får riktige forhold framover. Eg har kameraet med meg, og stoppar opp for å ta nokre bilde.
Fuglane akkompagnerer meg under heile turen. Kvardagens mas og plikter kan sleppe taket. Eg kan seinke skuldrane litt. Puste inn frisk luft og kjenne sola varme, samtidig som eg brukar kroppen. Det gir meg påfyll i store dosar. Eg får lada batteria. Jo, jammen er det godt å vere til...

mandag 17. mai 2010

Min 17.mai

Planen er klar: 17.mai kl 07:00 skal eg saman med nokre andre turglade damer vere på toppen av Hesjetinden. Ein fresh start på nasjonaldagen, med andre ord. Champagne og jordbær står på "menyen", og alle skal ha med seg flagg. Eg gler meg!

Men eg melder avbud. Det er regn og surt vêr, så eg gidd ikkje likevel. Men så angrar eg så fælt etterpå. Dei andre har sikkert hatt ein flott tur... Litt seinare på dagen ringer ein tidlegare kollega og gir meg ein ny sjanse. Eg kan gå turen i lag med ein annan gjeng istaden. Slik blir det, men det er no likevel ikkje heilt det same som å vere der tidlig på morgonen då, slik planen i utgangspunktet var...

Ei damestemme seier eitt eller anna. KLOKKERADIOEN! Åh, takk og pris! Så hadde eg altså ikkje meldt avbud likevel:) Eg må flire for meg sjølv av draumen eg har hatt. Eg har nok vore redd for å forsove meg og gå glipp av heile greia, langt der inne i hjernen ein eller annan plass... Klokka er berre 05:45, og denne dagen kunne eg jo faktisk ha sove til halv ni om eg ville, men eg hoppar kjapt ut av senga og får på meg høveleg tøy til ein fjelltur. Eg et ei banan, litt yoghurt og müsli. Når ein skal på fjellet er det no ikkje så nøye med korleis ein ser ut, men eg tek meg likevel tid til å legge litt make-up òg, så eg ikkje har så morgontrøtte auge... Resten av familien søv, så eg prøver å komme meg ut av huset så stille eg kan. I det eg startar bilen kjem det ein sms frå ei av dei andre damene. Dei er framme ved startpunktet, og lurer på om eg er underveis. Eg ber dei starte. Dei treng ikkje vente på meg. Eg har likevel den tida eg treng til å nå toppen før klokka slår sju.

Når eg parkerer, ser eg dei andre eit stykke oppe i stien. Eg går fort, slik eg normalt gjer når eg går i fjellet åleine, men eg reknar likevel ikkje med at eg skal nå dei igjen, sidan dei har fått eit bra forsprang. Men det gjer ingenting, for det er no samlinga på toppen som er sjølve "essensen" på turen. Stien er blaut og gjørmete, så eg bykser frå stein til stein og over myrparti. Eg ser at eg tek innpå dei andre, og etter 15-20 minuttar har eg faktisk nådd dei igjen. Vi når toppen litt før sju. Ei av damene har "tjuvstarta", og har venta på oss ei stund der oppe. Flagget hennar blafrar heftig på toppen av varden.

Det er kald vind og litt regn i lufta, så vi trekker ned til ein litt lunare plass. Champagneflaska kjem opp av sekken, samt to korger med knallraude jordbær. Nede frå Hyllestad smell det kraftig av 17.mai-salutten, som eit "gratulerer med dagen, Norge". Vi kosar oss ei stund, og er einige om at dette må bli ein tradisjon. Og kanskje kan vi få til ein sånn tur på jonsokaftan òg, seint på kveld...? Sjå sola gå ned blant fjord og fjell -  ja, om vi no er så heldige at sola er framme den dagen då...


Så går turen ned att på den vèlbrukte stien. Alle skal kvar til sitt. Ete frukost, ta på bunad eller annan finstas, og gjere seg klar til å feire nasjonaldagen. Hos meg er det framleis ingen andre som har stått opp når eg kjem heim. Eg set dei våte skoa mine i skotørkaren, før eg får på plass balkongflagget. Så ventar dusjen, og deretter litt meir frukost. Litt etter litt våknar resten av gjengen, og no er det på tide å kle seg i dagens antrekk. Halv tolv går turen utover til kommunesenteret. Skyene ser litt "skumle" ut, så vi tek med paraply. Toget tek etterkvart form, med korpset i front. Så bevegar vi oss utover, små og store. Dei minste er uvitande om kva som skjer, der dei ligg i ei vogn, mens dei litt større ungane tykkjer det er stas å småspringe i folkehavet med ein 17.mai-trompet i munnen - eller noko anna som lagar støy. Russen tykkjer også det er stas å lage litt lyd:)

Toget har returnert til startpunktet. Det kjem litt regn no, og paraplyen blir slått opp. Korpset spelar Fedrelandssalmen mens forsamlinga stemmer i med sang - i alle fall nokre... Høgtalaranlegget dei har fått på plass, kan ein som vanleg ikkje skryte av, så talen for dagen får ein ikkje med seg om ein ikkje står rett framfor talarstolen. Så vi samlar saman ungeflokken og køyrer til bygdehuset på Åfjorddalen, der feiringa i bygda går føre seg. Det er ikkje mange sjelene som er komne endå, så vi får kjøpt oss mat før det blir lang kø. Så blir det no litt rusling rundt for å slå av ein prat med bygdefolket. I mellomtida gjer dei klart til å komme i gang med leikar for små og store. Spikarslag, natursti og luftgeværskyting, for å nemne noko. Eg brukar stort sett alltid å prøve meg på naturstien, men eg skal på jobb klokka halv fire, så eg rekk det ikkje. Det blir ei kort 17.mai-feiring på meg i år.

Bunaden blir erstatta med uniform. Eg pakkar nista mi og fyller thermosen med tevatn. Har laga meg pastasalat som eg skal kose meg med på jobb. Vi brukar nesten alltid å vere saman med mamma og pappa på 17.mai om ettermiddagen/kvelden, anten hos oss eller hos dei. Då et vi rømmegraut ved eit bord som er fint pynta med rødt, kvitt og blått. Dette året blir det ikkje slik. Mamma og pappa er på ferie, og eg er altså på jobb. Dei som er igjen heime hos meg skal riktignok ete rømmegraut, og eg får restane når eg kjem heim rundt midnatt. Men; DET blir jo ikkje det same som å sitte samla rundt bordet heile familien. Vel, det er ingenting å gjere med det. Flagg og bjørkekvistar pyntar opp i ein vase, og telysa brenn stille, så LITT koselig er det no på jobb òg då:)

I kveld tenkte eg å sette opp vaktplanen for 2011. Ja, for eg må finne ut om eg har fri på 17.mai neste år. Då skal eg nemlig starte dagen med ein tur på Hesjetinden!

fredag 14. mai 2010

Med kamera i lomma

Eg minnast så godt eitt av dei aller første bilda eg tok. Vi var på ein ferietur, og eg kunne vel vere rundt seks-sju år gammal. Eg fekk låne kameraet til pappa for å fotografere tanta mi. Bildet kan eg endå sjå framfor meg, og eg har det vel i eit album ein eller annan stad. Mellom høge, nakne granstammar måtte ho stille opp med ein bukett røsslyng i handa, og smile pent:) Eg hugsar kor stolt eg var då bildet vart framkalla. At det var uklårt, og at det igrunn var alle trestammane som vart hovudmotivet, det var absolutt ikkje vesentleg for ei jente på den alderen.

Nokre år seinare drog eg til Solund på sykkeltur med klassen min. Pappa var snill å la meg låne kameraet sitt. Det var av den manuelle typen, så både blendaropning og lukkartid måtte stillast inn. Dette var noko eg slett ikkje hadde greie på, så eg hugsar pappa laga ein lapp til meg med forklaring på korleis eg skulle stille inn, alt etter om det var overskya eller sol. Kameraet var på ein måte festa inni ei slags veske, med ein hard front som verna objektivet, og som kunne kneppast av og på. Inni der hadde eg lappen liggande. Og "oppskrifta" til pappa fungerte nok bra, for det vart absolutt fine bilde frå turen:)

På ungdomsskulen hadde eg foto som valfag. I tillegg til å få litt meir generelle kunnskapar om emnet, fekk eg prøve meg på framkalling i mørkerom. Det var spennande! Eg kan endå mane fram den spesielle, litt syrlege lukta av dei ulike væskene vi nytta. Kvar veke såg eg fram til desse foto-timane, der vi fekk prøve og feile. Lærerikt!

Til konfirmasjonen fekk eg mitt eige kamera. Eit heilautomatisk kamera av merket Nikon. Kor mange filmrullar som gjekk igjennom dette, det har eg ganske enkelt inga aning om, men det var mange! Eg fylte det eine albumet etter det andre. Ikkje minst etter at eg vart mamma! Å få alle situasjonar rundt babyen festa til filmrullen, var viktig for meg. Dei første smila, den første grauten, leik og gråt, det første steget som vart tatt - og seinare også alle bursdagar, ferieturar, første skuledag, og sjølvsagt også massevis av kvardagshendingar. Når eg høyrer foreldre seie at dei tek lite foto av ungane sine, så trur eg ikkje dei er klar over kor store verdiar dei går glipp av!
Vel; etter åtte år var det stopp... Det kjære kameraet mitt begynte å jukse, og det rett før eg skulle gifte meg!! Det var med andre ord krise! Nytt kamera måtte kjøpast før bryllupet - det var det ingen tvil om. Eg investerte i speilrefleks. Minolta denne gangen. Fantastisk! Eg tok mange tusen foto med det kameraet, av blanda kvalitet... Berre dei beste fekk plass i album, naturleg nok. Som eg har fått fram i eit tidlegare innlegg, så må eg vel reknast som perfeksjonist. Også når det gjeld album. Kvart einaste foto får plass i kronologisk rekkefylgje, og tekst og dato er ein sjølvsagt ting. På ryggen av albuma står årstalet for innhaldet, slik at det skal vere lett å finne fram foto frå ei bestemt hending. Ingenting er som eit ryddig album, og eg håpar at det i framtida vil vere til stor glede for ungane mine og deira etterkomarar, når eg ikkje lenger finst. Dei skal sleppe å lure på kven som er avbilda, kva årstal bilda vart tatt, eller kva slags situasjon eg har fotografert. Det trur eg er verdifullt!
Før verda vart digital på dette området, så fylgde det alltid med fem-seks strimlar med negativar kvar gang eg fekk framkalla ein film. Også desse måtte det vere orden i, så klart! Så dei vart sett i negativalbum, også i kronologisk rekkefylgje, og med ei nummereret liste som ga full oversikt.

Men etterkvart skjedde det revolusjonerande ting. Digitale kamera gjorde sitt inntog. Men nei, dette skulle eg slett ikkje ha! Eg hadde sett bilda som pappa hadde tatt med sitt digitale kamera, og eg likte dei ikkje. Det gjekk liksom an å sjå at dei var digitale... Og når eg ser dei bilda den dag i dag, så meinar eg framleis det same. Men eg skjønnar jo no at det truleg var kvaliteten på kameraet som sikkert ikkje var den beste. Vel-vel; eg tviheldt i alle fall på mitt gode, gamle speilreflekskamera, eg. Digitalt var heilt uaktuelt! Men smått om senn såg eg jo at det var svært mange fordelar med digitale foto. Det var så mykje ein gjere med bilda. Ja, det fanst jo ingen grenser for redigering og bruksområde! Smart, igrunn... Eg måtte nok innrømme det. Men enn så lenge klarte eg meg med det kameraet eg hadde.

For tre-fire år sidan fekk eg ein liten, hard pakke til jul. Kan du gjette kva som skjulte seg under papiret? Nettopp! Eit digitalt kamera - heilt utan at eg hadde hatt det på ynskjelista ein gang! Det vart mykje knipsing den jula. Måtte prøve ut ting og tang. Berre det at eg kunne sjå bildet med èin gang, var jo ein revolusjon! No slapp eg å ta tre ekstra bilde av same motiv, berre for å vere sikker på at i det minste èitt av dei skulle bli bra, og så vart eg sittande med fire-fem like bilde når eg fekk dei framkalla... For no kunne eg berre slette dei mislukka bilda etterkvart, og ta eit nytt. Supert!

I ettertid har eg også investert i eit digitalt speilreflekskamera, så eg kan velje kamera etter kva situasjon eg treng det i. Det er ikkje alltid så praktisk å drakse på eit stort speilreflekskamera på ein fjelltur f.eks. Då er det greiare å putte det vesle kompaktkameraet i lomma. Dei siste åra er det nok naturen som har vore hovudmotivet mitt. Dette heng delvis saman med at ungane mine har blitt store, og ikkje lenger syns det er like kjekt å bli fotografert av mamma... Men på fjellturar har eg kameraet veldig ofte med meg, og gjerne også på lengre bilturar. Uventa motiv kan brått dukke opp, og det er gjerne det som gir dei beste bilda! Èin ting har eg i alle fall lært, at om eg ikkje har kameraet med, så kan eg vere sikker på at det dukkar opp eit motiv eg gjerne skulle ha fanga i linsa... Betre å ha det med èin gang for mykje, enn èin gang for lite:) Og er det nødvendig, så legg eg meg gjerne strekk ut på våt mark for å få akkurat det bildet eg vil ha. Eit motiv på bakkenivå kan ikkje takast ovanfrå - enkelt og greitt!

135 mm-filmrullen vart altså historie også for meg, sjølv om eg hang litt etter...  Det gamle kameraet mitt har eg ikkje eingang tatt vare på som ein suvenir. Det har ganske enkelt gått i bosset. Eg har nok av "kjekt å ha"-ting frå før, så eg treng slett ikkje samle på ein ting eg aldri meir kjem til å nytte. For no kan eg ikkje eingang hugse korleis det var å ta eit foto utan å kunne sjå resultatet med èin gang... Det hadde eg neppe takla i dag:)

fredag 7. mai 2010

Steinrøys, steinrøys, svelt i hel

Ordet steinrøys er ganske skildrande for der eg har busett meg. Ja, ikkje for grenda eller området i seg sjølv, som ligg fint til ved Espelandsvatnet, men for tomten vår.  For snart 14 år sidan var gravemaskin og borerigg på plass, etter ei tid med planlegging og teikningar.
450 kubikk med stein vart sprengt, og mykje måtte køyrast vekk til folk som trengde litt fyllmasse. Ei spennande tid låg framfor oss, og det var kjekt å fylgje med på utviklinga av det heile. Støyping av plata, grunnmuren som tok form, reisverket som etterkvart kom opp, før innreiing og meir finarbeid kunne ta til. Vi hadde uvurderlig hjelp frå fleire familiemedlemmar, og ganske nøyaktig 10 mnd seinare kunne vi flytte inn i nytt hus. Riktignok med uferdig kjellar, der vaskemaskina stod rett på betonggolvet inntil vidare, og der veggplatene endå mangla. Men dette ordna seg etterkvart...

Med ein liten baby i tillegg til ein treåring, var det ikkje i mine tankar å sette i gang med opparbeiding av hage første sommaren. Det fekk bli med nokre urner på den store altanen. Men etterkvart måtte eg ordne litt rundt husveggane, og sette i gang med å lage bed. Litt provisorisk i starten, så fekk eg heller gjere meir utav det seinare. Etter tre år melde neste baby sin ankomst, og i forkant av barnedåpen tok vi eit skikkeleg skippertak. Med god hjelp fekk vi i stand eit stort "plantefelt" nede ved innkøyrsla vår, og eit bed ved altanen. Jaudå, no vart det liksom litt meir hage rundt oss. I løpet av året vart det også sådd plen på nedsida av huset, så sommaren året etter kunne 1-åringen stabbe rundt på grønt gras. Eit lite plommetre vart "arva" av foreldra mine, og fekk plass i enden av plenen - den einaste staden på heile tomten det var djupt nok... Treet har sidan gitt oss uante kilo med nydelege plommer!

Sakte men sikkert vart det meir grønt rundt huset. Men ikkje utan frustrasjon... No skal det no seiast at vi ikkje har mangla jord på tomten vår, så om dette hadde vore i Anne Knutsdotter si tid, så hadde det kanskje ikkje vore fare for noko "svelt i hel". Men same kvar vi stakk spaden i jorda, så støtte vi mot stein. Eg har ikkje tal på kor mange timar eg har stått med baken i vèret og kjempa for å løyse både små og store steinar opp av jorda, både med hendene og diverse andre reiskap. Det vaks fort ein haug med stein ved sida av meg etterkvart som eg jobba, og kvar skulle vi gjere av alle massane?? Alt vart samla på tunet, i ei steinrøys. Denne vart etterkvart til glede for ein nabo litt lenger ute i veien;) Men han fekk ikkje alt. Ein stor del av steinane i jorda vår synte seg nemlig å vere flotte heller, og desse tok eg naturleg nok vare på. Både grå, naturkvite og brune - i ulike nyansar og størrelsar. Eit par av hellene vi grov opp var rundt 1,5 kvm, og desse var ikkje akkurat lette å handtere... Den tredje som dukka opp av denne dimensjonen, stod på høgkant nede i jorda, og den måtte vi gi oss på. Det var rett og slett umogeleg å få ho laus. Men haugen med heller vaks seg stadig større, etterkvart som store delar av jorda på tomten vår var blitt endevendt. På oppsida av huset fekk vi på plass ein bakkemur, og her kom desse hellene til nytte. Pappa, som har mange års erfaring som murar, viste meg korleis eg skulle bruke hellene til forblending, og deretter fuge. Ingen heksekunst, men tidkrevjande arbeid - særleg med tanke på at muren er rundt 17 meter lang... Det tok meg to somrar å bli heilt ferdig!






I den eine enden av muren hadde eg for lengst bestemt at det skulle opp ein UTEPEIS. Dette "hjørnet" var liksom ikkje brukande til noko anna, og dessutan hadde eg i mange år drøymt om nettopp ein slik peis. Riktignok ville han komme eit stykke i frå sittegruppa på altanen vår, men slik måtte det bli. Det ville nemlig passe perfekt å plassere ein peis delvis oppå det skrå berget!


Eg hugsar ikkje eksakt, men det tok i alle fall to år trur eg, frå eg starta planlegginga, og til peisen stod der. Ting tek tid... I løpet av denne tida dumpa det ein katalog frå Bohus ned i postkassen min, med temaet hagemøblar. Ei eksklusiv sittegruppe var avbilda på ein usedvanleg hyggeleg uteplass, ved sida av ein gigantisk peis. Og nettopp denne peisen ga meg litt idèar til korleis MIN peis skulle sjå ut. Eg ville nemlig ikkje ha ein sånn som "alle andre" har. Ja, ikkje at utepeis er noko ein finn i einkvar hage, men i alle fall; eg skulle ikkje ha ein kjedeleg, firkanta brunost med hòl i midten. Så bildet vart nappa ut av katalogen og tatt godt vare på, og med jamne mellomrom tok eg det fram att for å planlegge - og drøyme... Etterkvart fekk eg tankane ned på papiret, i form av ei ganske detaljert teikning, og ut i frå denne laga eg også arbeidsteikning med nøyaktige mål.

Så kom då endeleg den dagen då vi kunne sette i gang med byggverket. Utolmodig som eg er av natur, så ville eg helst at betongen skulle størkne litt fortare enn det som faktisk var mogeleg...., slik at vi kunne gå i gang med forskaling av neste "etasje". To somrar gjekk det også før peisen var ferdig - støyping det første året, medan forblending og fuging vart gjort sommaren etter. Steinriket i Førde var ekstremt serviceinnstilte. Siste dagen før dei tok ferie, ytte dei alt for å få kutta/knekt skiferhellene etter malane eg møysommeleg hadde laga. På den måten kunne eg bruke min ferie til å få gjort siste finpussen, slik at eg kunne glede meg over ein heilt ferdig utepeis denne sommaren:)










So far, so good. Men fleire prosjekt venta... Ei trapp måtte på plass mellom peisen og muren, og ein mur måtte opp i berget ved sida av peisen...  Begge deler er no på plass (om enn ikkje 100% ferdigstilt), og då melder neste prosjekt seg heilt av seg sjølv - heilt utan at eg har bedt om det... For på begge sider på toppen av trappa må det gjerast noko. Her er det jord som må haldast på plass. Altså; to nye murar må opp... Pr dags dato er eg kommen så langt at eg har spadd vekk nødvendig jord, fått vekk ein mindre fjellknaus som var i vegen (dvs; den jobben er det gubben som har stått for), og spylt berget reint. Forskaling er neste steg!

Det er ganske grønt rundt huset no, 13 år etter at vi flytta inn. Om eg har grøne fingrar skal vere usagt, men det er vel ikkje så fælt mange planter i hagen min som ikkje har vist trivsel - ja, til dels STOR trivsel, bokstaveleg talt... Som bildet frå 2010 viser, er det ikkje lenger nødvendig med bork for å halde ugraset vekke. Plantene dekkar så godt som HEILE bakken, trass i at eg klipper med "hard hand" kvar vår. Det er knapt råd å gå mellom dei når eg skal klippe, så nokre planter har eg flytta på, fordi det vart for tett.
Men planter har blitt flytta på også av andre grunnar. Ting blir ikkje alltid slik eg i utgangspunktet har tenkt meg... Eg anar ikkje kor mange gangar eg har "ommøblert" i beda mine. Kvar vår syns eg at krokusane og påskeliljene kjem opp på feil plass, og altfor lite samla. Det er jo meininga at dei skal stå i gruppe og skape kontrast til primulaene mine!? Så når høsten kjem prøver eg å ordne på dette, og kvar gang trur eg at NO skal det bli "riktig". Men nei... Når vårsola atter skin, så er konklusjonen den same: Det var IKKJE slik det skulle bli! Ny ommøblering...



For eit par år sidan sa eg til ein kollega av meg, at eg såg fram til den dagen eg var ferdig med alle prosjekta i hagen min, og berre kunne luke litt ugras her og der (og sidan eg har bork i dei fleste beda mine, er det ikkje så mange stader eg treng å luke). Han svara at ein blir vel aldri ferdig, men det var eg ikkje heilt einig i. Ikkje før no. Eg har ombestemt meg. No ser eg at over alt er det noko eg skulle ha funne ei betre løysing på, eller som treng å gjerast om på eitt eller anna vis - eller ganske enkelt berre vedlikehaldast. Så èin ting er i alle fall sikkert: No når steinrøysa etterkvart har blitt forvandla til ein hage, så blir eg aldri arbeidslaus...