Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

fredag 21. mai 2010

Balsam for sjela

Dei siste dagane har vore praktfulle. Jammen er eg heldig som har hatt fri i dette flotte vèret! I dag bestemte eg meg for ein litt lengre fjelltur, på ein topp eg aldri har vore på før. Første del av turen går mot Dalsstølane. Trym, hunden min, er med. Eg kastar ganske fort trøya, for det er varmt å gå. Heldigvis tenkte eg så langt før eg for, at eg tok på solkrem... Fuglesangen er rett og slett ubeskriveleg! Det yrar av liv i trea rundt meg.

Vèl framme på Dalsstølane, skriv eg meg inn i boka i den vesle "postkassen" som heng på ein trestamme, før eg traskar vidare. Eg har nemlig tenkt meg litt høgre opp. Veit at det skal vere ein merka sti som går innover mot Langevatnet, og at ein kan gå vidare inn til Robba. Har ikkje tenkt meg langt, og ikkje veit eg kor langt det er inn til Langevatnet heller, men eg kan jo snu akkurat når eg vil. Men stien er dårleg merka... Eg har ikkje gått så langt før eg må stå og speide etter neste merke, og det er vanskeleg å sjå kor stien er trakka. Men terrenget er lett å ta seg fram i, sti eller ei, så her er det berre å sette seg eit mål og gå. Eg bestemmer meg for ein liten fjelltopp, og tenkjer at der skal eg ete nista mi. Det er mange småtoppar i nordøstleg retning, som neppe er ein del av ei turløype, men som likevel lett kan nåast. I dette terrenget kan ein nok gå frå topp til topp i timesvis, slik det ser ut for meg. Eg brukar ikkje så lang tid opp til det første målet mitt, og set meg difor eit nytt mål. No ser eg nemlig eit par merke, og set kursen mot dei. Men så vert det plutseleg slutt på merka igjen, så då får eg berre bruke auga, og sjå kvar det kan vere lettast å ta seg fram.

Så er eg framme på neste topp. Utsikta er upåklageleg. Alden der ute i havet, majestetiske Lihesten, Brosviksåta, og i nord ligg det fleire snøkledde fjelltoppar. I øst ser eg fleire større merkesteinar. Eg kunne nok tenkt meg å vandre lenger innover, men eg har ein avtale seinare på dagen, så eg har ikkje tid. Det får bli ein annan gang. Eg finn meg ein lun plass i enden av ein dam, like ved ei snøfonn. Her tek eg fram nista mi. Sola varmar godt. Det er stille. Heilt stille. Ikkje sus av vinden, ikkje ein fugl som kvitrar eller ei humle som surrar. Ingen bekk som klukkar. Eg kan ikkje eingang høyre hunden puste, der han står tett ved sida av meg. Det slår meg at det må vere utruleg lenge sidan eg har opplevd det stille rundt meg... Uttrykket "balsam for sjela" får meining. Det er vel nesten ikkje mogeleg å ikkje finne ro i kroppen ei slik stund...

Eg kunne godt ha tenkt meg å sitte lenger. Kanskje fått litt farge på kroppen, der ved snøfonna. Men eg må nok vende nasen heimover. Eg vèl kortaste vegen ned att mot stølane. Her går det ikkje an å gå seg vill, og terrenget byr ikkje på problem nesten uansett kvar eg går, så sti er slett ikkje nødvendig her. Trym dreg i bandet og vil i ein annan retning enn meg. Han stoppar opp. Inntek ei våken haldning. Eg skjønnar at han har teften av noko som eg ikkje er i stand til å oppfatte. Og ganske riktig... Akkurat i det eg klarar å lokke han med meg vidare, flaksar ei rype opp frå lyngen og legg på flukt.

Vi går nedover lia i godt tempo. Over mose, berg og tuer. Berre ein og annan plass må vi svinge unna for nokre busker av vier. Vi er over tregrensa, så stort anna vegetasjon er her ikkje. Trym tek seg tid til å snuse litt, så eg blir gåande framfor han. Plutseleg høyrer eg eit plask bak meg. Eg snur meg og ser berre hundebandet som går ned i eit djupt hòl i bakken, skjult av lyng. Hunden ser eg ikkje...! Men like fort bykser han opp att, litt fortumla - stakkaren, og ristar av seg vatnet. Snakk om skummel overraskelse! Det var jo berre flaks at ikkje det var eg som havna nedi det hòlet... Det kunne nok ha enda litt annleis, er eg redd... For å hindre at andre skal "gå i fella", riv eg vekk lyngen, slik at hòlet blir synleg. Så går eg det siste stykket ned att mot stølane. Vinden svalar godt, men innimellom kjenner eg nesten kor varmen slår i mot meg. Etter kaldt og surt vèr i lang tid, har allting med eitt eksplodert i løpet av få dagar med god temperatur. No er det endeleg vår!

Så snart eg kjem ned att til meir vegetasjon, møter fuglesangen meg igjen. Total stillheit på toppen var vidunderleg, men det yrande livet i skogen er også fantastisk! Sjela mi fekk i alle fall ein god dose balsam på turen i dag:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar