Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

fredag 30. april 2010

Når Albert Åberg er tremenning

Seks-sju par sko "lyser" mot meg i vindfanget. Dei står ikkje pent på rekke og rad inntil veggen eller skohylla. Nei, dei står liksom sånn tilfeldig spreidde utover golvet. Tre skulesekkar likeså, pluss ein gymbag. "Kan de vennligst rydde i gangen?" ropar eg, ein smule irritert. Jadå, det skal dei. Skal berre gjere ferdig noko på data'n først. På spisebordet i stova ligg ein stabel med kle eg la i hop for fire dagar sidan, og som yngstejenta har fått beskjed om å legge på plass i skapet sitt, MANGE gangar. Ho eldste har omsider tatt sin stabel, men det ligg altså èin igjen. Men ho skal berre ut og stelle hesten først, så skal ho legge kleda på plass. Vel, eg ser framleis den stabelen på spisebordet, eg...

Eg går ned i kjellaren for å sette på ei vaskemaskin. Svingar innom badet som jentene har for seg sjøl der nede, for å ta med meg skittentøyet derifrå. Som så ofte før, så får eg hakeslepp når eg opnar døra.... Eg skal ikkje gå i detaljar, og ikkje hugsar eg kva slags "skal berre" som vart sagt då dei sist fekk beskjed om å rydde der, men det er i alle fall endå ikkje gjort! Men eg tek det ikkje. Dei lyt lære seg å rydde sitt eige rot. Det er ikkje slik her i livet, at alle andre ryddar etter ein. På arbeidsplassen min heng det eit klistremerke med teksten: "RYDD ETTER DEG. DIN MOR ER IKKE MED DEG PÅ JOBB". Målet mitt er at ungane mine skal oppdage at mor faktisk ikkje har verken lyst eller kapasitet til å rydde etter dei over alt, lenge før dei kjem ut i arbeidslivet...

Mine tre håpefulle har kvar sine rom. Relativt store. I alle fall så store at det er litt golvplass igjen når både pc-bord, seng og diverse andre småmøblar er plasserte. Likevel er det omtrent uråd å komme seg til og frå senga. Eg veit ikkje heilt korleis dei fiksar det der kvar kveld og morgon. Kan hende har dei ein slags innebygd GPS som eg ikkje er orientert om? Mor masar igjen: "RYDD rommet ditt!" Jaaadå, men ikkje akkurat no. Eg skal berre....

Sjøl om eg likar å ha det ryddig og skikkelig rundt meg til ei kvar tid, så er det likevel litt opp og ned med husarbeidet her i heimen. Men eg tenkte å gjere litt i dag. Støvsuge, tørke støv, rydde litt (etter alle...) og vaske golv. Det vil sei; eg skal berre svinge heklenåla nokre omgangar først, og så skal eg berre lese eit par kapittel i boka mi:)

PS: Det høver seg ikkje å legge ut relaterte foto til emnet... ;p

fredag 23. april 2010

Du plagsomme søtsug - gå din vei !

I fjor sommar fekk eg ei ny "venninne". Helena heiter ho, og jobbar hos Grete Roede. Etter å ha innsett at eg rett og slett ikkje lenger hadde nok motivasjon til å klare å gå ned i vekt på eiga hand, bestemte eg meg for å prøve eit nettbasert kurs. Gjennom åtte veker skulle Helena hjelpe meg til eit sunnare liv og ei slankare linje. Motivasjonen var på topp. Plutseleg dreia kvardagen seg veldig mykje om kaloriinhald, trimpoeng og kosemerke. Så sant eg var heime og hadde tilgang til kjøkkenvekta mi, så vog eg alt eg putta i munnen, med unntak av grønnsaker. Eg åt igrunn akkurat same maten som før, berre i mindre mengder. For kvardagskosten min har vore heilt normal. Det har berre blitt litt for mykje...  Sjøl om eg i lang tid har bakt grove brød og hatt fokus på å ikkje bruke meir sukker og fett i maten enn nødvendig, så kan ein likevel ikkje hive innpå i store mengder utan at det får sine fylgjer. Til dømes inneheld grovbrød mykje kaloriar, og ein kalori er no ein kalori - anten den kjem frå brød eller anna mat, så her må ein vere obs. Eg fekk meg i alle fall mange a-ha-opplevingar då eg begynte å vege maten. Svært lærerikt på mange måtar! Frukt og grønt har lenge vore ein sjølvsagt ting for meg å ete dagleg, og eg syns det er GODT. Men eg skal ikkje stikke under ein stol, at eg i tillegg også synst at søt mat er veldig godt... Kaker, vafler, gjærbakst, sjokolade, kjeks, is - you name it... Det finst igrunn ikkje ein ting i den kategorien der som ikkje går ned på høgkant hos meg. Og eg har liksom aldri forstått kvifor eg skal nøye meg med eitt eller to kakestykke, viss eg kan ta fem...??? Ja, ikkje før etterpå i alle fall... Men dette skulle altså Helena hjelpe meg med å takle. Mental trening er aktuelt i Grete Roede. Her skal ein på førehand bestemme seg for kor mykje ein skal ta, og halde seg 100% til det. Altså; er eg i selskap og ser at is og eplekake blir sett fram på bordet, så skal eg bestemme meg for at eg skal ta èin klatt med is (helst ikkje så altfor stor), og èitt lite kakestykke. That's it! Jo, eg syns eg var flink med desse kosemerka mine. Kosemerke er eit visst antal kaloriar av nei-mat som ein har "disponibelt" kvar veke. Ja, for ein SKAL jo kose seg. Ein må berre lære seg å begrense den kosen, liksom...

Ting gjekk på skinner. Eg vart endå flinkare til å trimme enn før, og vekta gjekk fortare nedover enn forventa. Buksene vart romslege, og belta måtte strammast. Ein fantastisk følelse!

Så skulle vi vekk nokre dagar. Minstejenta skulle delta på Landsskyttarstemnet på Evje. Eg hadde framfor meg fem dagar utan kjøkkenvekt. Fem dagar! Men Helena heldt optimismen oppe i meg. Dette skulle gå så fint, så! Eg hadde jo dei siste vekene lært meg omtrent kor mykje, og kva, eg kunne ete i løpet av ein dag. På avreisedagen laga eg meg niste. Ein matboks med grovbrød, og masse sunt og fargerikt eg kunne knaske på. For eg skulle ikkje innom ein Statoil-stasjon og kjøpe meg tre ferske rosinbollar for 29 kroner! Nehei! Då vi kom fram til hytta var vi slitne og svoltne. Vi stakk innom butikken og handla litt der, før vi laga oss eit måltid. Ein eller annan i familien - eg veit ikkje kven - putta ein pose med gifler i handlevogna.
Desse små, saftige og litt klissete kanelbollane, veit du, som har "best-før-dato" sånn cirka to år fram i tid. I høgste grad nei-mat for meg, så denne posen skulle eg ikkje lukte på eingang! Men, så skjedde det noko som eg ikkje heilt forstår. Då eg hadde ete kveldsmaten min, så gjekk liksom høgrehanda sånn heilt av seg sjøl bort til posen med desse klissete bollane. Oi, den glei lett ned, gitt...! Og èin til, og endå èin... Men det fanst ingen angreknapp... Gjort var gjort. Eg fekk berre starte med blanke ark og fargestifter til neste dag.

Freia lanserte ein ny sjokolade på desse tider. Melkesjokolade med bitar av jordbær. Når vi neste dag går i butikken for å handle litt småtteri, blir ei sånn stor sjokoladeplate med i posen, i tillegg til ei eplekake og ein Stratos. Mental trening. Eg skal ta berre tre ruter av den nye sjokoladen. Og sånn ferdigkjøpt eplekake er jo ikkje godt ein gang, så den treng eg slett ikkje smake på. Dei andre likar ikkje den nye sjokoladen. Desse jordbærbitane var visst ikkje noko særleg. Dermed kan eg ta fram Knutsen og Ludvigsen sin tankegang frå då dei skulle dekke bord til kongen som ikkje kom: Då blir det meir til meg! Jahh! Men den eplekaka... Skal eg smake på den likevel...? Ny form for mental trening. Eg spør meg sjøl om kva som er viktigast for meg no; å framleis gå ned i vekt, eller å ta eit stykke av den kaka berre fordi eg har lyst på meir søtt...? Æh! Eg er på jo på FERIE! Må no leve litt òg! Dessutan har eg jo allereie ete meir sjokolade enn eg skulle. Så eg bestemmer meg for å utsette den mentale treninga...

Om kvelden, etter ein dag på Evjemoen blant tusenvis av skyttarar og tilhøyrande familie, blir det bestemt at alle vi frå Hyllestad skal samlast til felles grilling. Kjekt og sosialt. Alle handlar inn kvar til seg og sin familie. Pølser og brød, kyllingfilèt til meg som skal ete magert, grøn salat og potetsalat. Mental trening. Eg skal ete èin kyllingfilèt, grøn salat og litt potetsalat. Ungane er opptekne med bading og kanopadling, og har ikkje "tid" til å ete så mykje som dei i utgangspunktet trudde. Så kva gjer vi med alle pølsene vi har grilla for mange av? OK, eit par-tre pølser med brød kan vel ikkje bety så mykje til eller frå? Og ein god klatt med potetsalat smakar veldig godt attåt...

Vi er vèl heime att etter turen. Det er tre dagar til eg skal levere rapport til Helena. Uff... Det KAN ikkje vere riktig at eg har gått opp to kilo?? To kilo på fem dagar??!! Snakk om nedtur... Men Helena gir meg oppmuntring. Du skal ikkje samle på nederlaga, skriv ho til meg, på ei blandig av svensk og norsk. Legg dei bak deg, og gå vidare! Jepp, verre er det ikkje. Eg startar på nytt med Prøysens blanke ark og fargestiftar, og det tek forbausande kort tid å få dei to kiloa vekk att.

Målet er nådd før kurset er avslutta. Eg bestemmer meg for å gå ned eit par-tre kg meir enn eg i utgangspunktet hadde tenkt, sidan eg likevel har igjen litt av kurset. Eg er jo så godt i gang. Ting går av seg sjøl no, og eg kjenner kor mykje betre eg har det på alle måtar når eg et sunt og trenar mykje. Og at vekta har gått ned er jo på ein måte "berre" ein tilleggsbonus. Helena anbefalar meg å ta eit "Hald vekta-kurs" når eg er ferdig. Dette for å få rettleiing i korleis eg gradvis skal auke matinntaket mitt etter dietten, for å unngå å legge på meg igjen. Eg bestemmer meg for det, og gler meg til at Helena no skal fylgje meg heilt fram til sommaren.

Høsten går greit. Vekta er stabil, og eg føler meg vèl. Etterkvart blir butikkane julepynta. Eg må kjøpe meg nye kle til julefeiringa, no når eg har minka ein del centimeter både her og der. Så er det på tide å tenkje på å fylle frysen og kakeboksane. Eg set opp ei liste over småkaker eg har lyst å lage. Har funne eit par nye oppskrifter eg har lyst å prøve dette året. Dessutan bestemmer eg meg for å bake både tjukklefser og lefsekling. Det vart ikkje gjort året før. Og loff og julebrød må vi ha. Og sylteflesk, sjølvsagt.

Lukta av nybakte pepperkaker spreier seg i huset. Herlig! Men den mentale treninga gjekk rett i vasken. Det er nemlig ikkje berre ungane som likar pepperkakedeig. Mora òg... Det er jo berre SÅ himmelsk, man...!! Og så må eg jo smake på kakene i tillegg. Men no er magen min vant med sunn mat i ikkje så altfor store mengder. Så no blir det protestar. Eg er rett og slett uvèl. Slik blir det store delar av desember. Og julehelga vert intet unntak. Det blir ganske enkelt for mykje av feil type mat. Det er plutseleg ikkje så kjekt å gå i det nye skjørtet eg har kjøpt meg, med stretch-belte på...

Nytt år. Nye, blanke ark. Eg avtalar med Helena at eg skal gå tilbake til eit dagleg inntak på 1300 kaloriar ein periode. Men den perioden blir lang. Motivasjonen er dårleg. Søtsuget vart vekt til liv i jula. Det ligg der som ein demon og truar meg heile tida. Alt av søt bakst i frysen står i fare for å få eit kort liv, og det gjer også Nugattiboksen i skapet... Og har eg ikkje noko godt, så går det jo an å lage noko godt. Det er berre å gape opp og putte inn! Flott og stabilt vintervèr gir meg mange skiturar der eg forbrenner masse kaloriar. Det blir også ein del fjellturar til fots. I tillegg trenar eg litt styrke, og eg trenar med Friskis & Svettis to kveldar i veka. Enkelte veker har eg svært mange trimpoeng. Men det er ikkje nok... Inntaket er høgre enn forbruket. Det reknestykket er enkelt. Det blir mange rop om hjelp til Helena, som på beste vis prøver å hjelpe meg tilbake på rett kjøl, med gode råd og oppmuntringar basert på kunnskap og erfaring. Og det skulle jo berre mangle. Ho har jo betalt for det. Men eg er SÅ glad for at eg har henne akkurat no, og til slutt klarar ho å hjelpe meg tilbake til målet - endeleg! Men no står jo påska snart for døra...!? Eg skal ikkje fylle kakeboksane mine til påske, neidå, men likevel... Det blir alltid litt ekstra i høgtidene. Eg innser at det kan bli ein ny nedtur. Og ganske riktig; det blir det...

No er det snart tre veker sidan påske. Søtsuget riv og slit i meg heile tida. Eg opnar stadig skapet på kjøkkenet og ser på rosinboksen og Nugattien som står der. Skal - skal ikkje... Øver meg på mental trening. Av og til lukkast eg, men i dei fleste tilfella gjer eg det ikkje... Men eg gir ikkje opp. Eg har endå aldri tenkt at er løpet køyrt, og at eg like godt berre kan halde fram med å ete "feil". Aldri! Eg er "stadig optimist" som Lillebjørn Nilsen syng, og satsar på at eg skal klare å komme tilbake på rett spor. Mange gode vanar er nemlig innarbeidd i løpet av Grete Roede-kurset, og dei vil eg gjerne ta med meg vidare. Og eg veit kor mykje betre eg har det når eg et sunn mat i riktige mengder, og ikkje minst kor mykje meir vèl eg føler meg "utanpå". Eg har framleis mange kilo i minus i forhold til utgangspunktet, men eg veit at no MÅ eg snu, om eg ikkje skal legge på meg meir. Dessutan; det er ikkje lenge til den mykje omtalte BIKINISESONGEN er her! Så ver så snill, du plagsomme søtsug - GÅ din vei!

lørdag 17. april 2010

Gryteklutar med rett farge

Om nokon ber mannen min beskrive meg med få ord, er det ganske sannsynleg at ordet perfeksjonist vert nemnt... Eg er nemlig ein sådan, i hans auge. Av døme kan nemnast då eg skulle legge skiferheller i ei trapp i hagen. Med lite erfaring på området, såg eg det nødvendig å lage mal til alle hellene som skulle skjerast. Dette var tidkrevjande. Eg ville ha jamn breidde på fugene, og kantane på hellene som stakk utfor trappetrinnet skulle helst flukte med kvarandre så bra som mogeleg. Gubben hadde ansvaret for å styre vinkelsliparen. Stort sett gjekk dette greit, men ikkje alle hellene vart slik eg ville ha dei - fordi strekane ikkje vart fulgt til punkt og prikke under skjeringa (i alle fall meinte no eg at det var det som var grunnen). Fugene ville ikkje få jamn breidde. Altså; her måtte det rissast opp på ei ny helle, og skjerast på nytt - til gubbens store frustrasjon. Men han fann det etterkvart best å ikkje protestere...
Neste del av prosjektet bestod av å legge hellene i sement. Det er ein jobb som krev at ein er nøye. Det er nemlig viktig at hellene har eit visst fall, slik at Vestlandsregnet renn ut av trinnet. Her må altså vater nyttast. Men same kor nøye eg jobba, så var desse hersens boblene i vateren stadig på feil side av streken... OK, det var berre å ta opp igjen den aktuelle hella, legge på meir sement i den enden det vart for lavt, og prøve på nytt. Eg rugga forsiktig hella ned i sementen, slik at ho skulle syge seg fast, og så var det ny kontroll med vateren. Av og til var eg heldig, andre gangar ikkje, og eg måtte prøve endå ein gang... At det litt i bakgrunnen stod ein mannsperson og prøvde å fortelle meg at det var nøye nok no, det tok eg igrunn ingen notis av. Nøyaktig ville eg ha det - punktum! I bakhovudet dukka pappa sine ord opp, frå den gangen eg heldt på å lage utepeisen min, og eg styra på for å få eit mest mogeleg perfekt resultat: "Da e no ikkje noke møbel. Da ska ve litt røft", sa han. No er vel kanskje ikkje han den rette til å uttrykkje akkurat dei orda då, for hagen til foreldra mine trengst ikkje studerast omstendelig, for å sjå at der er ikkje ting gjort tilfeldig... Utallige trapper, murar og plattningar prydar hagen, og etter mine vurderingar er det i alle fall ingenting der som burde ha vore gjort om att. Men; pappa har lang, lang erfaring innan dette feltet, og mitt arbeid verken kan eller skal samanliknast med hans. Likevel skal eg no sei meg einig i at eit hageprosjekt som ein mur eller ein peis, ikkje er noke møbel. Det treng ikkje vere 100% i vater, og vinklane ikkje vere 90 grader. Men samtidig ligg det mange timars arbeid bak eit slikt verk, og sjøl om det kan vere ting som andre slett ikkje legg merke til, så vil i alle fall ikkje eg gå og irritere meg over skjønnheitsfeil... Det er ikkje lett å rette opp att det som ligg i betong...



Men så var det desse trappetrinna då. Til slutt måtte eg berre gi tapt her og der. Hellene var lite samarbeidsvillige, om eg kan sei det slik - eller aller helst ville eg no igrunn skulde på at vateren måtte vere fullstendig feil. Så gubben fekk viljen sin. Prosjektet vart avslutta - utan at frua var 100% fornøgd. Fire av ni trappetrinn går under kategorien "ikkje bestått". Når regnet må vike for tørt vèr, ligg det igjen små, fornøyelige dammar midt i trinna... Argh!! Eg ser det kvar gang eg ser ut det eine kjøkkenglaset mitt, og eg treng vel ikkje legge skjul på at eg irriterer meg over det. Eg har ganske enkelt ikkje gjort ein god nok jobb.



Apropos kjøkkenglaset mitt. Eg skifta til sommargardiner her om dagen. Lyse og lette. Kvite, med mønster i svart, limegrønt og turkis. I den eine glaskarmen står ei blomsterpotte og fire telysglas i matchande fargar. I den andre står høge, kvite lysestakar med turkis kubbelys. Perfekt! Men...., gryteklutane mine??? Dei som heng i andre enden av kjøkkenet, borte ved komfyren...?! Dei matchar jo ikkje! Dei er brune og svarte, fordi vintergardinene mine er brune, og kjøkkenstolane svartmalte. Då vi flytta inn i huset for 13 år sidan, hadde eg rutete gardiner i kremgult og grønt. Gryteklutane fekk same farge. Deretter malte eg veggane gule, og hadde mørk blå gardiner. Gryteklutane vart likeså. Sidan har det blitt ein del gardinskift og endring av veggfarge opp gjennom åra, så den eine kjøkkenskuffa mi har hatt eit bra utval av fargerike gryteklutar... Gjerne to sett av same farge, slik at eg hadde eit byte når det eine paret måtte vaskast. Etterkvart såg eg meg no nødd til å kvitte meg med dei gamle gryteklutane då. Dei som ikkje matcha kunne eg jo ikkje bruke likevel...?!

No har heklenåla fått svinga seg siste kveldane. Framsida på ein ny gryteklut er straks klar. I turkis, svart og kvitt. Nokre kveldar til, så har eg altså eit sett som matchar sommargardinene mine. Først då kan perfeksjonisten seinke skuldrane og slappe av...



















onsdag 14. april 2010

Tre damer og to trapper

Høyanger er kjend for sitt årlege trappeløp. At eg sjøl nokon gang skulle gå i dei trappetrinna, hadde eg vel aldri trudd. Tanken har ikkje streifa meg ein gang. Men med spreke, inspirerande og initiativrike trimvenner kan alt skje... Å gå i snø til låra for å komme opp på Laviksåta, ja - det er no èin ting... Eg hadde no aldri trudd at eg skulle bli med på det heller. Men TRAPPENE? Eg som liksom kjenner det i låra når eg har gått to etasjar opp på Førde Torg...?! Men eg vurderer ikkje eingang å seie nei når eg får spørsmål om å bli med. Ikkje i det heile tatt. Eg ser på det som ei fantastisk spennande utfordring. Klart eg er med!


Eg står opp til knallblå himmel og strålande sol. Men det er berre 1,7 grader, så ulltrøya blir tatt på. Kan hende er det kald vind når vi kjem opp i høgda. Eg møter Hanne og Ann-Elisabeth ein times tid seinare. Turen går så innover langs Sognefjorden, som er ekstra vakker når vèrgudane syner seg frå si beste side denne vårdagen.


Straks vi kjem til Høyanger ser eg trappene langt der inne i dalen. Eg har no vore i Høyanger mange gangar, og den trappa der løpet går, har eg dermed køyrt forbi like mange gangar. Men at det faktisk er endå ei trapp der, det har eg igrunn aldri tenkt over... Det er med litt skrekkblanda fryd eg ser innover. Det ser jo ut som trappa går opp langs ei meir eller mindre loddrett fjellside...? Og DIT skal vi altså opp!


Få minuttar seinare er vi klar. Hanne meinar vi brukar ca ein halv time til toppen. Med friskt mot tek vi det eine trinnet etter det andre - gang etter gang etter gang. Pulsen går fort oppover. Kroppen ikkje fullt så fort... Noko høgt tempo kan vi ikkje halde her, nei! Her og der står det eit merke som seier kor mange trinn vi har gått. Eg innser at det er slitsomt allereie etter tre-fire hundre trinn. Men vi har mange igjen, og opp skal vi! Humøret og innstillinga er på topp:) Nokre få sekundar pause. Må ta meg bittelitt inn igjen. Nett sjå litt på utsikta ned mot Høyanger. Så er det på'an igjen. Trinn for trinn. No skal vi berre nett opp den bratta her, seier Hanne, så flatar det ut. Takk - det blir bra! Men; eg slår fort fast at det er akkurat like bratt her òg. Det er berre det at trinna er bytt ut med ein langsgåande flake. Vel, eg slepp i alle fall å løfte beina like høgt som i trinna, så litt lettare blir det - eit halvt minutt eller så. Nye trinn. Men no nærmar vi oss. Pulsen har heile vegen lege jamt på rundt 170-175. Det blir ganske tett mellom pausane mot slutten. Det er igrunn ikkje låra som er det verste, men pusten. Det er hardt å ha så høg puls over lenger tid. Med andre ord er eg ikkje nok uthaldande. Hanne er plutselig eit godt stykke lenger framme - sprek som "berre juling". Ann-Elisabeth er like bak meg. Der er Hanne på toppen! OK - berre litt til no... Kom igjen! Eg mobiliserer kreftene, og tenkjer at det aller siste stykket skal eg gi litt ekstra. Eg pustar kontrollert, og tek to og to trinn. I det eg er framme viser klokka at eg har brukt 33 minuttar. Pulsen er oppe i 181, og eg er kjempesliten - men det er jo heile poenget:) Og det skulle vel berre mangle òg, etter å ha gått 2400 trappetrinn?! No ventar ein liten pause med litt påfyll. Det er vindstille, og sola skin over snødekte fjell her oppe i høgda. Herlig fred og ro. Men vi må vidare. Vi skal jo gå èi trapp til, hadde vi tenkt! Vi vèl å gå stien ned att. Tørt og fint mellom bjørkestammar, der våryre småfuglar kvitrar.


Så går turen litt utover forbi sentrum, der trappeløpet går av stabelen kvart år. Eg blir nesten mållaus når eg ser kor BRATT det er, og eg har absolutt ingen ambisjonar om å prøve å slå rekorden på vèl 8 minuttar opp... Her er det heilt klart brattare enn i den første trappa, og trinna er høgre. Fordelen er at det er "berre" 1268 trinn. Her er antal trinn godt merka oppover. Det gjer det litt lettare å halde koken. I alle fall når vi har passert halvparten... Det er TUNGT. No går eg igrunn berre på viljen. Må stoppe ofte. Nett kaste blikket ut over fjorden, som speglar fjella og solstrålane. Eg ser berre i ryggen på Hanne, som i mine auge ser ut til å gå leikande lett avgårde ein god del trinn over meg. Ho ropar ned når ho passerer trinn nr 1000. Jadå - no nærmar det seg! Men eg må ha ein 10 sekunds-pause for kvart 50.trinn no... Det same må Ann-Elisabeth. Så eg er i godt selskap, heldigvis:) Eg ser nedover trappa. Ein skal ikkje ha høgdeskrekk her, nei... Ser vegen langt, langt der nede. Ei heller bør ein ha problem med balansen, for å sei det sånn. Det er vanvittig bratt ned, og eg ville ikkje ha rulla nedover her frivillig akkurat... Siste trinna går tungt, men endelig er eg oppe! Det kjennest godt. Veldig godt. Tømmer flaska for vatn, men lovar meg sjøl at når eg kjem ned att til sentrum skal eg kjøpe ei iskald Pepsi Max! Vi har knapt fått igjen pusten før vi begynner å diskutere om vi skal vere med på trappeløpet i juni... Ja, vèl å merke i trimklassen då. Altså har vi ikkje kjempa hardare for å komme opp, enn at det likevel ga lyst til å prøve igjen:)


Vèl fornøgde ruslar vi ned att gjennom byggefeltet mot sentrum. Praten går lett. Og så spørs det då, om føtene går like lett i morgon... ;p





Takk til Hanne og Ann-Elisabeth for ein fantastisk dag! Håpar vi får mange fleire slike:)

mandag 12. april 2010

Livsglede








Det var tungt å stå opp i dag då klokkeradioen begynte å "mase" halv åtte... Men då eg såg SOL og knallblå himmel kvikna eg fort! Allereie før eg hadde ete opp frukosten og fått ungane avgårde til skulebussen, hadde eg bestemt at i dag måtte det bli ein fjelltur. Definitivt! Rydda litt på kjøkkenet, og sette på ei maskin med kle, og før kl var ti var eg på vei ut døra. Trym, min firbeinte turkamerat, fekk vere med. Han skjønte jo kva som skulle skje lenge før eg hadde nevnt ordet "tur" - som forøvrig er eit ord vi må vere forsiktige med å bruke i tide og utide heime hos oss. For han veit kva det betyr, og det kan fort skape falske forhåpningar hos han om vi seier det på feil tidspunkt... Han begynte å logre på halen og svinse glad rundt omkring allereie når han oppfatta at eg skifta kle. Han veit at det i beste fall kan bety at vi skal på fjellet:-) Og då eg tok tak i buret hans for å sette det ut i bilen, så formelig DANSA han rundt meg og bjeffa ivrig, mens det nesten lyste av dei brune augene under dei kvite pelsbustene. Då visste han at han hadde hatt rett i sine antakelsar...

Turen går mot Sauesnyken, 507 m.o.h. Grei start. Skogsveg eit langt stykke, og her var det fantastisk flott fuglesang i dag! Der stien tek av frå skogsvegen blir det meir variert underlag; blaute myrar, farlege røtter ein kan snuble i, steinar og berg. Siste stykket er bratt. Eg kikkar på pulsklokka. 172 slag i minuttet. Det brenn litt i låra no, og eg verker litt i leggmusklane. Men eg går på! 175 i puls. Eg er sliten. Men likevel ikkje verre enn at eg klarar å halde tempoet oppe, og berre fortsette. Trym held trufast fylgje. 177, 178... VELDIG sliten no, men eg går. Tenker med eitt at her var det plutselig veldig lite fuglesang...? Terrenget blir ein anelse slakkare heilt mot slutten, og pulsen går litt ned. Eg er fortsatt sliten, men veit at no er det ikkje langt igjen. Der ser eg toppen - trur eg. Hadde eit øyeblikk gløymt at det er ein liten topp bak der igjen... Orkar eg gi LITT meir dei aller siste metrane...? FRAMME! Herlig! Gradestokken på toppen viser 10,5 grader, men det er kald vind. Pulsen rasar fort nedover, mens eg leitar fram trimpostboka og noterer navn og dato. Eg tek innover meg den storslåtte utsikta. Snøkledde fjelltoppar, snaue berg og blått hav. Fantastisk vakkert! Ei virkelig god belønning for strevet:-) Eg tenkjer på kor heldig eg er som er i stand til å komme meg opp hit. At eg kan bruke beina mine, kjenne kor godt det er å bruke kroppen, kjenne at eg blir sliten - for så å kunne nyte dette synet når eg er vèl framme!
Eg parkerer heime på tunet etter endt tur. I det solvarme bedet langs veggen, summar humlene i vårblomstrane. Den kvite kuleprimulaen min står i full blomst. Nest etter påskeliljene, er det min favoritt om våren.
Vaskemaskina er ferdig. Eg heng plagga på snora mi, og lar dei soltørke. Deretter tek eg fram hagesaksa. Eg har nokre busker som må klippast litt. Samtidig kan eg nyte sola. Men klokka går fort. Snart må eg lage middag til ungane kjem heim frå skulen. Så eg tek ein dusj, får på meg den svarte uniforma mi (sidan eg skal på jobb rett etter middagen), før eg finn fram det som skal bli dagens hovudmåltid. Mens det kokar i grytene ordnar eg nista mi. Ikkje så lenge etter kjem minstemann inn døra. Raud og frisk i kjakane. Svolten etter ein lang skuledag. Då er det godt at mamma har middagen ferdig:-)
Så må eg igjen sette meg i bilen. Jobben ventar. Men eg har ein jobb eg trivast med. Ein jobb det stort sett alltid er kjekt å gå til. I dag er intet unntak. Eg har hatt ein god dag, med gode opplevingar og inntrykk, så eg føler meg frisk og opplagt til vakta mi. Ja, eg føler meg rett og slett livsglad:-)






søndag 11. april 2010

Blogging - det er jo in, det!


Det er blitt så populært med blogging no for tida. Det er visst ikkje måte på kva folk bloggar om, og nokre har jo blitt riktig så kjende for nettopp det. Det er ikkje min ambisjon, men likevel trur eg blogging kan vere noko for meg. Eg er nemlig ei "skriftleg skravlehøne". Det vil sei at eg ganske enkelt likar å skrive. Ja, ikkje nødvendigvis om meg sjøl og mitt, men sånn generelt. Det har vore slik sidan eg var lita jente. Medan andre sukka og stønna når vi fekk i oppgåve å skrive stil på skulen, og hadde problem med å fylle to sider i skriveboka, så kunne eg leikande lett levere ein stil på ti sider, eg... Dette har eg liksom drege med meg gjennom livet. Etter at eg var ferdig med skulegang, hadde eg ganske "heftig" brevkontakt med ei venninne. I starten handskrivne brev - som kunne vere på utallige sider. Seinare, når PC vart eit verkty også i min heim, gjekk eg over til tastaturet. Og sidan eg gjennom jobben min på teksttelefonen etterkvart hadde opparbeidd ei viss hurtigheit på tastaturet, så seier det seg sjølv at kombinasjonen "skriftleg skravlehøne" og tastatur dermed resulterte i MANGE sider, som gjekk avgårde i ein rimelig feit konvolutt til denne venninna mi... Vel, trass i at det vart mykje raskare å skrive brev på tastatur, så vart det heile likevel ein ganske tidkrevjande hobby. Med jobb og ungar, hund, hus og hage, så vart det vel på sett og vis feil ting som av og til vart nedprioritert til fordel for tastaturet. Dessutan fekk eg jo MOBIL etterkvart (det gjekk litt tid før eg såg behovet (?) med den duppeditten...), og SMS-kontakt vart jo i høgste grad aktuelt. Så med bortimot dagleg kontakt på det viset, i tillegg til at e-post også vart nytta, så var det liksom ikkje same behovet for å skrive brev. Dermed vart vi einige om at brevveksling skulle bli eit avslutta kapittel.

Det er nokre år sidan det no. Men skrivekløa har liksom ikkje forsvunne... Den må eg stille, på eitt eller anna vis... Jadå, mail nyttar eg til dels flittig. Dei som får mail frå meg, veit at sjøl om eg igrunn berre skal berette ein liten ting, så er det likevel ikkje gjort på 40 sekund å lese mailen min. Det har liksom så lett for å bli så MANGE ord, av ein eller annan grunn... Og så har vi Facebook. Der er eg også innom dagleg, gjerne fleire gangar om dagen. Men; eg får ikkje stilt skrivekløa der heller. Men så slo ein tanke ned i meg: BLOGG - er det noke for meg, tru? Der kan eg jo skravle om "hummar og kanari", og dei som måtte no ha interesse av det, kan lese det dei måtte ynskje. I tillegg til at eg likar å skrive, har eg jo også interesse for foto. Og ein blogg utan foto er jo kjedeleg, vil eg tru, så då kan eg jo kombinere dei to tinga:-)

Nuvel; blogg er altså oppretta. Kva eg skal skrive om...? Tja, sei det... Fingrane har no ein tendens til å gå av seg sjøl, liksom... Men eit innhald i det eg skriv må eg no nødvendigvis ha. Noko dagleg blogging blir det neppe - med mindre basillen bit meg fullstendig. Og det kan jo hende...? Time will show!

Framhald fylgjer... :-)