Eg står opp til knallblå himmel og strålande sol. Men det er berre 1,7 grader, så ulltrøya blir tatt på. Kan hende er det kald vind når vi kjem opp i høgda. Eg møter Hanne og Ann-Elisabeth ein times tid seinare. Turen går så innover langs Sognefjorden, som er ekstra vakker når vèrgudane syner seg frå si beste side denne vårdagen.
Få minuttar seinare er vi klar. Hanne meinar vi brukar ca ein halv time til toppen. Med friskt mot tek vi det eine trinnet etter det andre - gang etter gang etter gang. Pulsen går fort oppover. Kroppen ikkje fullt så fort... Noko høgt tempo kan vi ikkje halde her, nei! Her og der står det eit merke som seier kor mange trinn vi har gått. Eg innser at det er slitsomt allereie etter tre-fire hundre trinn. Men vi har mange igjen, og opp skal vi! Humøret og innstillinga er på topp:) Nokre få sekundar pause. Må ta meg bittelitt inn igjen. Nett sjå litt på utsikta ned mot Høyanger. Så er det på'an igjen. Trinn for trinn. No skal vi berre nett opp den bratta her, seier Hanne, så flatar det ut. Takk - det blir bra! Men; eg slår fort fast at det er akkurat like bratt her òg. Det er berre det at trinna er bytt ut med ein langsgåande flake. Vel, eg slepp i alle fall å løfte beina like høgt som i trinna, så litt lettare blir det - eit halvt minutt eller så. Nye trinn. Men no nærmar vi oss. Pulsen har heile vegen lege jamt på rundt 170-175. Det blir ganske tett mellom pausane mot slutten. Det er igrunn ikkje låra som er det verste, men pusten. Det er hardt å ha så høg puls over lenger tid. Med andre ord er eg ikkje nok uthaldande. Hanne er plutselig eit godt stykke lenger framme - sprek som "berre juling". Ann-Elisabeth er like bak meg. Der er Hanne på toppen! OK - berre litt til no... Kom igjen! Eg mobiliserer kreftene, og tenkjer at det aller siste stykket skal eg gi litt ekstra. Eg pustar kontrollert, og tek to og to trinn. I det eg er framme viser klokka at eg har brukt 33 minuttar. Pulsen er oppe i 181, og eg er kjempesliten - men det er jo heile poenget:) Og det skulle vel berre mangle òg, etter å ha gått 2400 trappetrinn?!
Så går turen litt utover forbi sentrum, der trappeløpet går av stabelen kvart år. Eg blir nesten mållaus når eg ser kor BRATT det er, og eg har absolutt ingen ambisjonar om å prøve å slå rekorden på vèl 8 minuttar opp... Her er det heilt klart brattare enn i den første trappa, og trinna er høgre. Fordelen er at det er "berre" 1268 trinn. Her er antal trinn godt merka oppover. Det gjer det litt lettare å halde koken. I alle fall når vi har passert halvparten... Det er TUNGT. No går eg igrunn berre på viljen. Må stoppe ofte. Nett kaste blikket ut over fjorden, som speglar fjella og solstrålane. Eg ser berre i ryggen på Hanne, som i mine auge ser ut til å gå leikande lett avgårde ein god del trinn over meg. Ho ropar ned når ho passerer trinn nr 1000. Jadå - no nærmar det seg! Men eg må ha ein 10 sekunds-pause for kvart 50.trinn no... Det same må Ann-Elisabeth. Så eg er i godt selskap, heldigvis:) Eg ser nedover trappa. Ein skal ikkje ha høgdeskrekk her, nei... Ser vegen langt, langt der nede. Ei heller bør ein ha problem med balansen, for å sei det sånn. Det er vanvittig bratt ned, og eg ville ikkje ha rulla nedover her frivillig akkurat...
Vèl fornøgde ruslar vi ned att gjennom byggefeltet mot sentrum. Praten går lett. Og så spørs det då, om føtene går like lett i morgon... ;p
Takk til Hanne og Ann-Elisabeth for ein fantastisk dag! Håpar vi får mange fleire slike:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar