Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

lørdag 15. juni 2013

Kveldsro


Klokka nærmar seg midnatt. Kveldstrøtt som eg er av type, ville eg normalt ha funne senga på desse tider - sjølv om det er lørdagskveld. Men ikkje denne kvelden. Det er ein heilt sjeldan sommarkveld. Ikkje eit vindpust, ikkje ein knott som plagar. Med eit pledd over meg held eg fint varmen her eg sit, og vinen varmar også litt ;)  Småfuglane stilnar. Høyrer berre nokre forsiktige plystretonar langt vekke. Ja, til og med gauken som har vore så ivrig kvar einaste kveld når eg har gått til sengs, er stille denne kvelden.  Så fint det er å berre sitte ute. Sjå dei rolege flammane på alle stearinlysa eg har rundt meg. Stemningsfullt! Eg kan ganske enkelt ikkje legge meg nett endå. Slike kveldar må ein nyte....

tirsdag 11. juni 2013

Rein idyll





Molteblomster langs stien
I Hyllestad er det ikkje langt mellom fjelltoppane. Eg kan til og med nå fleire av dei utan å måtte sette meg i bilen, her eg bur no. I dag bestemte eg meg for å gå til Litlelivatnet, via Sauesnyken. Eg pakka litt småtteri i ein liten sekk, før eg rusla over haugen til skogsvegen. Herleg å kunne gå i singlet og shorts!

Eg har den uvanen at eg gjerne ser litt på klokka når eg går mot ein fjelltopp, fordi eg konkurrerer litt med meg sjølv. Men i dag bestemte eg meg for at det skulle vere kosetur i finevêret, så eg valde eit behageleg tempo.

Mellom trestammar og blåbærlyng stod molteblomstrane tett i tett langs stien, og lyste opp med sine kvite kronblad. Eg veit uansett kvar eg skal finne "mine" molter, så det er ikkje så nøye om eg avslører at her kan det bli litt å hente på seinsommaren :)  På toppen av Sauesnyken tok eg ein liten pustepause. Sognefjorden låg bokstaveleg talt sjøgrøn under meg. Vakkert! Gradestokken på postkassen viste 17 grader. Perfekt temperatur å gå i!




Vakre Sognefjorden







Perfekt tur-temp!










Litlelivatnet - rein idyll!







Eg heldt fram mot målet mitt, på den tydelege stien som svinga seg innover. Noko rasla i lyngen på den eine sida av meg. Det ante meg at det kunne vere noko eg helst ikkje ville sjå, så eg lot vere å flytte blikket dit, og gjekk berre vidare. Straks etter var eg framme ved Litlelivatnet, som i mine auge ganske enkelt er ei perle! Rein idyll. I den eine vika dannar berget naturlege "trappetrinn", så der var det fint å rigge seg til med sitteunderlag for å sitte godt. Eg vrengde av meg den sveitte toppen, og heiv av sko og sokkar. Stakk beina i vatnet. Hadde trettenåringen min vore med, så hadde han garantert sagt at det "ikkje var kaldt i det heile tatt". Eg hadde no mi personlege meining om akkurat det.

Så tok eg fram lesestoff og eit solvarmt eple frå sekken. Berre stillheit og ro. Fuglesang og lett sus frå ei lita elv. Ein og annan liten fisk spratt og skapte ringar på det stille vatnet. Sola varma herleg. Slike stunder må ein nyte. Eg kunne sitte akkurat så lenge eg sjølv ville. Det var ingenting som hasta.

For variasjonen sin del, bestemte eg meg for å gå ned att ein annan sti enn eg gjekk opp. At eg mista stien heilt, og var fullstendig på bærtur ei lang stund, det treng eg ikkje nemne. Men mine heilårskvite leggar ber i alle fall preg av å ha vore i nærkontakt med ulike typar vegetasjon som fylgje av det. Og då kan eg no avslutningsvis seie, at trass i mine fylte 40, så syns eg såkalla sommarføter er grådig sjarmerande :)