Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

tirsdag 26. februar 2013

Pokalsamling

Dei fleste av oss opplever før eller seinare at ein del ting i livet kanskje ikkje blir heilt slik ein håpa og trudde, eller drøymde om. Med eitt kan alt vere snudd opp-ned, og det vil oftast prege ein i større eller mindre grad, gjerne over litt tid. Energien ser ut til å forsvinne med vinden, kroppen vil ikkje heilt det same som du, og kvardagane kan bli tunge å komme seg igjennom. Slik kjenner eg det no.

Ein mann eg har stor respekt for, sa til meg at no gjeld det å "samle pokalar". Lyspunkta og gledene eg opplever skal settast på hylla og skine. Dei skal takast vare på. Dette har eg lagt meg på minnet. For gleder er det jo mange av. Dei er berre litt vanskelegare å få auge på enn elles...

Vi har hatt ein flott vinter på Vestlandet i år. Sol og fint skiføre. Eg er ikkje blant dei som visstnok skal vere fødde med ski på beina, og etter helst dårlege minne frå skiturar i barndommen, har det blitt slik at eg har gått lite på ski i vaksen alder - noko som kanskje delvis også kan skuldast at vi slett ikkje alltid har så gode vintrar her. Likevel synest eg det er stemningsfullt med blå himmel, Kvikk Lunsj, appelsiner, glitrande puddersnø og alt det som elles høyrer til. Så etter kvart har dette med ski freista meir og meir, og for eit par år sidan fekk eg mitt første par fjellski. Raude og kvite, med det smilande fjeset til Cecilie Skog på. Eg kan vel ikkje akkurat skryte av at eg har brukt dei mykje, men jaudå - eg har no hatt dei på meg nokre gonger dei siste vekene.

Langeland er eit mål for mange når snøen ligg. Det er vel litt flaut å sei at eg faktisk ikkje har vore der sidan eg gjekk på skulen, så no bestemte eg meg for å ta ein skitur etter litt handel i Førde. Riktignok med litt "angst" for det heile. Ja, for eg har jo fjellski, og folk går jo ikkje i preparerte løyper med det, vel?? Men sånt kan eg ikkje bry meg med. Om nokon vil sjå rart på meg, så får det vere deira problem. Det viktigaste er no å bevege seg.

Vinterferien er jo slutt, og folk flest er attende på jobb og skule, så det var ikkje så mange bilar på parkeringsplassen då eg kom dit. Heldigvis. At eg har gått lite på ski, betyr jo sjølvsagt at eg ikkje er særleg flink heller, så eg vil ikkje ha folk rundt meg over alt som ser mine stilfulle fall. Eg bestemte meg for å ikkje ha så store ambisjonar, og valde difor løypa på 5 km. Ville heller legge inn ein Kvikk Lunsj-pause i sola ein stad. Gi meg god tid og nyte turen. Undervegs smugkikka eg litt på dei andre i løypa. Smale langrennski... Fancy skibukser og skijakker... Dei passa liksom litt betre inn enn meg. Men eg konkluderte med at mitt Bergans-tøy heldt mål i massevis, og dessutan hadde eg jo SWIX-trøye! Absolutt ingen grunn til at ikkje eg kunne gå i løypa, med andre ord. Og eigentleg synest eg no det er vèl så kjekt å sjå det smilande fjeset til Cecilie Skog på skia mine, framfor ein kjedeleg Fisher-logo. Så det så!

Eg såg fort at det er "alle sortar" i skisporet. Fireåringar som gjer sitt beste, spreke pensjonistar som ikkje ser ut til å ha gjort anna enn å gå på ski heile livet, mødrer med pulk på slep, og tøffe mannfolk som i mine auge er jamgode med Petter Northug. Eg ser jo ikkje på sport, så eg har jo ikkje peiling.

Jamnt og trutt gjekk eg avgårde. Litt oppover med fiskebein, og litt nedover i relativt slakke bakkar - som ga akkurat passe fart for ei pyse. Storehesten ga ei stund assosiasjonar til Alpane, der han stakk opp spiss og bratt. Og brått låg Gjøsetstølen framfor meg. Noko så vakkert! Eg måtte rett og slett stoppe opp for å berre nyte litt, og i eit glimt såg eg det heile for meg ein fin sommardag, med sola som blenkjer i vatnet, og myrull som nikkar i vinden rundt hytteveggane. Snakk om perle! Eg var sint på meg sjølv som hadde lagt kameraet att i bilen. Dette var jo berre eitt av mange flotte motiv på turen, som eg heilt klart burde ha festa til minnebrikka. Og ikkje har eg moderne mobiltelefon heller, som gir gode foto...
Vèl så kjekt med det smilande fjeset til Cecilie Skog på skia mine, som ein kjedeleg Fisher-logo.

Etter kvart gjekk det opp for meg at i eitt eller anna kryss har eg nok valgt feil, så ruta var ikkje berre fem kilometer, men TRETTEN. Men eg kosa meg stort. Skiføret var bra, sola stod endå høgt på himmelen, gradestokken viste eit par plussgrader, og det var fullstendig vindstille. Riktig påskestemning! Det gjekk bratt oppover ei lang stund, og utsikta var framleis upåklageleg. På nytt stoppa eg opp for å berre sjå og nyte. Langt ute låg Alden i lun februarsol. Men no var eg ganske høgt oppe, og det ante meg at det til slutt ville gå mykje nedover òg... Logisk nok. Den eine nedoverbakken etter den andre låg brått framfor meg, og av og til var farten litt høgre enn det som er komfortabelt for ei pyse, sjølv med bremsing etter alle kunstens reglar. Nokre gonger var det berre så vidt balansen heldt, men eg stod! Ei ung jente for forbi meg - og stoppa med stil midt i ein lang og bratt bakke, for å unngå å komme for nær innpå trakkemaskina som køyrde opp løypa på nytt. OK - det betydde berre èin ting; også eg måtte stoppe midt i den bakken... Og er det noko eg ikkje er god på, så er det nettopp å stoppe... Sjølvsagt klarte eg ikkje å bremse opp bak den unge jenta, men rett framfor, slik at ho fekk sjå mitt klønete forsøk på å stoppe like elegant som ho. Men eg slapp i det minste eit fall, med ski og stavar på kryss og tvers, med påfylgjande kav for å komme seg opp att i loddrett posisjon. Eit pluss til meg :) Og dessutan gjekk det som ein draum å renne ned siste del av løypa, i "nytrakka" snø.

Det var vel ikkje akkurat med veldig stil eg stoppa etter å ha "gått i mål" heller, men ikkje èin einaste gong ramla eg i alle bakkane, og det åleine held jo til pokal! Ein pokal forgylt av sol og glitrande snø.
Den har fått plass på hylla mi.