Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

søndag 29. august 2010

Ein ugløymeleg fjelltur

Planen var å gå på Lifjellet i dag. Vêrmeldingane lova sol. Men skodda låg godt nede i fjellsidene då eg stod opp, og det regna... Vart litt skuffa. Ikkje særleg aktuelt å bestige "kjennemerket" til Hyllestad kommune då. Men her om dagen gjorde vi ein aldri så liten avtale, eg og Hanne, om at regn og ruskevêr ikkje skulle stoppe oss frå å gå på fjellet. Så ein fjelltur ville vi no ha i dag likevel. Etter å ha utveksla nokre sms'ar, vert vi einige om å gå på Leineheia og Solheimskulten.

Eg pakkar litt niste, turgodt og ekstra tøy i sekken. Snører på meg fjellsko og får hundeburet i bilen, mens Trym svinsar rundt meg med logrande hale, og sit utolmodig og ventar på at eg skal opne døra i buret, slik at han kan hoppe inn. Han kjem seg aldri fort nok avgårde når han veit at vi skal på tur... Så hentar vi Hanne og Trixie, og set kursen mot Solheim. Vêret ser slett ikkje ille ut heller. Det har letta fint.

Det er vått i løypa. Veldig vått enkelte plassar. Men med Gore-tex-sko er det ingen problem. Dessutan er det no ikkje uvanleg at vi traskar i skit og søle på desse fjellturane, så det stoppar oss ikkje. Vi passerer vakre Strandosdalen med vatn og fossefall, og går vidare opp forbi Strandosstølane. I "vegkrysset" tek vi til venstre - mot Leineheia. Vi skal tilbake hit etterpå, og ta til høgre mot Solheimskulten. Det er lett og fint terreng innover heia. Hundane spring fornøgde rundt oss. Trixie er nett som ein bomullsdott der ho fèr avgårde på små, lette føter, med ein kvit, bustete hale i høgde med røsslyngen. Sola skin no, og det er perfekt temperatur til å gå i fjellet.

Vi skriv oss inn i boka på Leineheia, 570 m.o.h.  Speidar utover Skilbreia og bort mot Dingsøyrstølen på den andre sida. -Skal vi heller gå dit i stadenfor på Solheimskulten? spør Hanne. Eg syns det er ein god idè. Har aldri vore der før, og det er alltid kjekt å gå i nye trakter. Vi traskar avgårde nedover mot elva og kryssar den. Aiii - der fekk eg vatn oppi den eine skoen i det eg skal bykse frå stein til stein... Ja-ja, det er slikt ein må rekne med! Vi kjem inn i eit litt kronglete felt med ein del vegetasjon. Hmmm... Går det ikkje ein sti her? Eller eit dyretråkk? Men vi tek oss no fram ganske greit likevel, med litt forsiktigheit ned gjennom ei lita ur, og straks etter blir det lettare terreng, der vi stort sett har ein sti å fylgje.

Så kjem stølen til syne. Tre stølshus på rekke og rad. Ein flokk sauer står og lurer fælt på kva vi har der å gjere, midt i matfatet deira. Røsslyngen er eit syn for auga akkurat her, med sin skarpe, rosalilla farge. Også den søte, honningliknande lukta er intens der i solvarmen. Mmmm... Finst det noko finare enn å gå slik i naturen og bruke sansane?

Etter vèl to timars gange og 789 svidde kaloriar, ifylgje pulsklokka mi, kan vi sette oss ned og ta ein god matpause. Vi tek oss litt til rette, og "låner" eit steinbord og ein benk som står utanfor eine stølsbua. Og attåt nista kan vi nyte den ubeskrivelege utsikta. Snakk om perle! Det er nesten vindstille, og sola skin frå lettskya himmel. Framfor oss ligg Skilbreia stor og blå, omkransa av fjelltoppar og vidder. Så heldige dei er, dei som har stølshusa sine på ein slik plass! Her kunne eg godt ha site lenge, ein slik vakker dag som i dag.
Etter ein god kvil tek vi til på returen. Vi traskar tilbake der vi kom i frå. Langs dei små, idylliske vikane i vannkanten. Opp nokre knausar. Gjennom lyng og vier. Mellom lave fjellbjørker. Ein kjent kar står og fiskar ute på ein liten odde. Vi bestemmer oss for å stikke bortom og ta ein prat. Han viser stolt fram ein flott aure. Så har dei nok middag når han kjem ned att på hytta til kona:) Vi må stoppe der og helse på henne òg, seier han. Det vil vi gjerne. Ho er ein gammal kollega av meg, og eg har ikkje sett henne på lang tid.

Praten går livlig medan vi vandrar vidare. Eg har tømt drikkeflaska mi, men fyller ho opp att med friskt og godt fjellvatn i ei lita elv. Det går fort nedover no. Snart ser vi hytta til det eldre ekteparet. Trixie har tatt ein liten omveg, så Hanne må ta ein svipp for å finne igjen den vesle "bomullsdotten" sin, som høyrer litt dårleg på sine gamle dagar. Så eg går mot hytta åleine. Eg ser ingen i det eg opnar grinda og går inn på den vesle, velstelte plenen. Døra står open, så eg ropar inn. Like etter kjem blide Margit ut. "Men ka i alle daga'! E da Jannicke?", utbryt ho overraska. Straks blir vi bedt inn. Vi nøler no litt, våte og skitne som vi er, men ho vil så gjerne vise oss hytta, så vi tek av oss skoa og kikkar inn. Ikkje store plassen, men veldig koseleg! Kaffi takkar vi nei til. Vi har allereie vore lenge vekke no, og må heimover. Det kunne nok ha vore triveleg å sitte der i solveggen og prate litt, men vi skulle jo berre som snarast helse på:)

Så går turen langs det idylliske vatnet i Strandosdalen nok ein gang, på ein frykteleg sølete sti. Gjentekne gangar snakkar vi om kor utrulig flott denne dagen har vore, og kor glad vi er for at vi tok turen bort på Dingsøyrstølen. Hit må vi opp igjen, og kanskje også på ski?!

Ganske nøyaktig fem timar har gått når vi set oss i bilen. Trym brukar ikkje vere så villig til å hoppe inn att i buret for å reise heim, men no nøler han ikkje... Han er nok sliten og trøtt. Vèl heime får han ein dusj. Kvit og lysebrun pels er ikkje så praktisk på gjørmete stiar... I morgon er han nok litt støl, slik han brukar å vere etter lange fjellturar. Og det er kanskje ho mor òg...? Men det gjer ingenting! For eg har nemlig hatt ein ugløymeleg tur denne fantastisk flotte seinsommardagen! Takk Hanne, for at du var med og gjorde dagen så fin:)

torsdag 26. august 2010

Med skapet fullt av pølseskinn

Allereie før sommaren er skikkeleg i gang, kjem katalogane med høstens motekolleksjonar i posten. Ellos, H&M, La Redoute og Sportmann er vel dei som havnar i min kasse. Eg opnar dei nesten aldri når dei kjem. Det er liksom feil tidspunkt. Må bli ferdig med èi årstid før eg begynner å tenkje på den neste. Men; i går sende eg no avgårde ei bestilling på nettet, og så får eg no sjå om det etterkvart blir fleire. Det har ein tendens til å vere slik, at når eg nettopp har bestilt nokre plagg, så kjem det ein tilleggskatalog med eitt eller anna godt rabattilbud, sjølvsagt...

Det er så mangt og mykje eg har lyst på, men eg prøver å vere litt fornuftig, og tenkje igjennom kva eg igrunn har bruk for. Sidan eg har uniform på jobb (veldig praktisk og greit!), og stort sett går i ei treningsbukse eller "kosedress" heime, så er det begrensa kor mykje eg faktisk treng. Men etter fjorårets store fokus på kosthald og kaloriinntak/-forbruk, med eit påfylgjande negativt resultat (om eg kan sei det slik...), så er det ein del i skapet eg ikkje kan bruke lenger. Ja, ikkje berre slikt som vart kjøpt i fjor høst, då eg var på det tynnaste, men også slikt som har tatt opp plass der i eit par-tre år eller så... Tidlause plagg som er for ille å kaste, og som KAN komme til nytte ein gang, sant...? Dei kan no liksom henge der litt til, i håp om at vekta skulle gå ned att...?! Men no trur eg realismen etterkvart må få lov å komme fram i lyset, og så får eg heller stappe den der evinnelige draumen om ein modellkropp (eller i alle fall noko tilnærma det) langt inn i kleskapet mitt. Det er berre å innsjå det ein gang for alle; den draumen er ikkje oppnåeleg for min del. That's just how it is...

Sidan høsten står for døra, så tok eg fram eit par jakker for nokre dagar sidan, slik at eg kunne få litt oversikt over garderoben min. Eg trudde heilt ærleg at eg kunne bruke i alle fall den eine. Favorittjakka mi i fjor høst og vinter. Skuffelsen var difor stor då eg innsåg at eg tok feil. Jaudå, eg fekk ho no på meg, men ho sat ikkje akkurat pent, då... Heller ikkje den andre. Pølseskinn - er det ikkje det det kallast?? Lukka er at eg har to meir eller mindre utvaksne jenter dei var passelege til, og endå større lukke er det jo at jakkene som mora hadde brukt, faktisk fall i smak hos dei. Det må eg jo nesten ta som eit kompliment på at eg er ei svært ungdommeleg mor, eller...? ;) I dag var det ei dongeribukse som måtte prøvast. Æhh - endå eit pølseskinn... Og der er nok fleire. Eg treng ikkje leite så veldig mykje for å finne dei.... Så ei kraftig skaprydding ventar, og eg må nok fornye garderoben ein del. Men eg får sjå det positive i det. Prøve å gløyme at eg må kjøpe plagg i ein størrelse større enn i fjor, og ha fokus på at eg får noko NYTT i skapet:) For det er alltid kjekt!

søndag 15. august 2010

Når tida nesten står stille...

Mine facebookvenner har nok dei siste dagane fått med seg at eg nyt kveldsstundene på altanen, med levande lys og eld i utepeisen. Eg veit ingen finare måte å nyte sommarkveldane på, enn akkurat slik. Dei siste somrane er det etterkvart ganske mange slike kveldar eg har kosa meg med masse levande lys rundt meg, i ulike lykter og glas. Alt i frå heimelaga lykteglas - fylte med gyllen sand frå Algarvekysten (som er mi form for souvenir!), til slike lykter som "alle har". Eg tenner lysa lenge før det er mørkt, men dess meir mørket sig på, dess meir koseleg blir det! Sjølv om sola har gått ned, så har eg alltid terassemarkisa ute. Syns det luner litt, og gjer det meir koseleg med "tak" over.

Så lenge det er lyst, sit eg gjerne med nasen ned i ei bok, men når det blir for mørkt til å lese, så berre sit eg der. Eg berre er. Og slik kan eg sitte lenge, lenge... Å høyre det durar jamnt frå elden som et seg oppover kubbane i peisen, og berre sitte og sjå inn i flammane, det er noko av det mest avslappande som finst... Då seinkar eg verkeleg skuldrane.

No på seinsommaren får eg ein ekstra bonus. Små, fjøyrlette vindpust syter for at den søte angen av kaprifolen min når meg. Mmmm.... -fantastisk! Og når uglene tutar på sin karakteristiske måte, der eg sit og stirrar inn i flammane, kan eg jo nesten fantasere om at eg sit framfor leirbålet ute i skogen ein plass :) Det kjennest som om tida står stille. Berre fred og ro.

Litt før midnatt i går, var dei siste kubbane nesten brent ned. Peisen står eit stykke frå sittegruppa, så eg bestemte meg for å sette meg nærare, slik at eg kunne nyte godt av varmen. Eit sommarminne frå barndommen dukka opp der eg sat og såg inn i glør og og små eldtunger. Eg hugsar så godt ein varm sommarmorgon - ja, ein slik morgon der du tek på deg shortsen med det same du står opp. Mamma stod på kjøkkenet og laga brøddeig, mens kjenningsmelodien til Reiseradioen fylte rommet. Eg gjekk ut på trappa. Der sat eldste bror min og knytte joggeskoa sine. Morgonsola leika i dei lyse krøllane hans. Og nede på holmen skreik måsane. Ingenting spesielt med andre ord, så eg veit ikkje kvifor eg hugsar akkurat dette - men av ein eller annan grunn har det festa seg i minnet mitt, og av ein eller annan grunn tenkte eg på dette i går kveld. Men brått vart eg "vekt" av nokre skarpe, høge skrik frå skogen ovanfor huset, der det elles var heilt, heilt stille på det tidspunktet. Kva slags fugl det var, det anar eg ikkje, men skrika fekk meg i alle fall tilbake til notida.

Litt over midnatt var det berre glør att i peisen. Eg hadde igrunn lyst å hive innpå ein kubbe til, og sitte endå lenger. Bygda sov. Det var heilt stille over alt. Ikkje ein bil ute i riksvegen ein gang. Det var freistande å nyte det litt til. Men eg veit eg våknar tidleg sjølv om eg har site lenge oppe, så for å unngå å bli trøytt er det lurt å komme seg i seng... Så eg blæs ut lysa mine, sveiva inn terassemarkisa og trekte i hus. Og slik som kvar gang eg har fått ein slik sommarkveld, så lurte eg på: Blir det fleire sjansar denne sommaren...??