Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

søndag 29. august 2010

Ein ugløymeleg fjelltur

Planen var å gå på Lifjellet i dag. Vêrmeldingane lova sol. Men skodda låg godt nede i fjellsidene då eg stod opp, og det regna... Vart litt skuffa. Ikkje særleg aktuelt å bestige "kjennemerket" til Hyllestad kommune då. Men her om dagen gjorde vi ein aldri så liten avtale, eg og Hanne, om at regn og ruskevêr ikkje skulle stoppe oss frå å gå på fjellet. Så ein fjelltur ville vi no ha i dag likevel. Etter å ha utveksla nokre sms'ar, vert vi einige om å gå på Leineheia og Solheimskulten.

Eg pakkar litt niste, turgodt og ekstra tøy i sekken. Snører på meg fjellsko og får hundeburet i bilen, mens Trym svinsar rundt meg med logrande hale, og sit utolmodig og ventar på at eg skal opne døra i buret, slik at han kan hoppe inn. Han kjem seg aldri fort nok avgårde når han veit at vi skal på tur... Så hentar vi Hanne og Trixie, og set kursen mot Solheim. Vêret ser slett ikkje ille ut heller. Det har letta fint.

Det er vått i løypa. Veldig vått enkelte plassar. Men med Gore-tex-sko er det ingen problem. Dessutan er det no ikkje uvanleg at vi traskar i skit og søle på desse fjellturane, så det stoppar oss ikkje. Vi passerer vakre Strandosdalen med vatn og fossefall, og går vidare opp forbi Strandosstølane. I "vegkrysset" tek vi til venstre - mot Leineheia. Vi skal tilbake hit etterpå, og ta til høgre mot Solheimskulten. Det er lett og fint terreng innover heia. Hundane spring fornøgde rundt oss. Trixie er nett som ein bomullsdott der ho fèr avgårde på små, lette føter, med ein kvit, bustete hale i høgde med røsslyngen. Sola skin no, og det er perfekt temperatur til å gå i fjellet.

Vi skriv oss inn i boka på Leineheia, 570 m.o.h.  Speidar utover Skilbreia og bort mot Dingsøyrstølen på den andre sida. -Skal vi heller gå dit i stadenfor på Solheimskulten? spør Hanne. Eg syns det er ein god idè. Har aldri vore der før, og det er alltid kjekt å gå i nye trakter. Vi traskar avgårde nedover mot elva og kryssar den. Aiii - der fekk eg vatn oppi den eine skoen i det eg skal bykse frå stein til stein... Ja-ja, det er slikt ein må rekne med! Vi kjem inn i eit litt kronglete felt med ein del vegetasjon. Hmmm... Går det ikkje ein sti her? Eller eit dyretråkk? Men vi tek oss no fram ganske greit likevel, med litt forsiktigheit ned gjennom ei lita ur, og straks etter blir det lettare terreng, der vi stort sett har ein sti å fylgje.

Så kjem stølen til syne. Tre stølshus på rekke og rad. Ein flokk sauer står og lurer fælt på kva vi har der å gjere, midt i matfatet deira. Røsslyngen er eit syn for auga akkurat her, med sin skarpe, rosalilla farge. Også den søte, honningliknande lukta er intens der i solvarmen. Mmmm... Finst det noko finare enn å gå slik i naturen og bruke sansane?

Etter vèl to timars gange og 789 svidde kaloriar, ifylgje pulsklokka mi, kan vi sette oss ned og ta ein god matpause. Vi tek oss litt til rette, og "låner" eit steinbord og ein benk som står utanfor eine stølsbua. Og attåt nista kan vi nyte den ubeskrivelege utsikta. Snakk om perle! Det er nesten vindstille, og sola skin frå lettskya himmel. Framfor oss ligg Skilbreia stor og blå, omkransa av fjelltoppar og vidder. Så heldige dei er, dei som har stølshusa sine på ein slik plass! Her kunne eg godt ha site lenge, ein slik vakker dag som i dag.
Etter ein god kvil tek vi til på returen. Vi traskar tilbake der vi kom i frå. Langs dei små, idylliske vikane i vannkanten. Opp nokre knausar. Gjennom lyng og vier. Mellom lave fjellbjørker. Ein kjent kar står og fiskar ute på ein liten odde. Vi bestemmer oss for å stikke bortom og ta ein prat. Han viser stolt fram ein flott aure. Så har dei nok middag når han kjem ned att på hytta til kona:) Vi må stoppe der og helse på henne òg, seier han. Det vil vi gjerne. Ho er ein gammal kollega av meg, og eg har ikkje sett henne på lang tid.

Praten går livlig medan vi vandrar vidare. Eg har tømt drikkeflaska mi, men fyller ho opp att med friskt og godt fjellvatn i ei lita elv. Det går fort nedover no. Snart ser vi hytta til det eldre ekteparet. Trixie har tatt ein liten omveg, så Hanne må ta ein svipp for å finne igjen den vesle "bomullsdotten" sin, som høyrer litt dårleg på sine gamle dagar. Så eg går mot hytta åleine. Eg ser ingen i det eg opnar grinda og går inn på den vesle, velstelte plenen. Døra står open, så eg ropar inn. Like etter kjem blide Margit ut. "Men ka i alle daga'! E da Jannicke?", utbryt ho overraska. Straks blir vi bedt inn. Vi nøler no litt, våte og skitne som vi er, men ho vil så gjerne vise oss hytta, så vi tek av oss skoa og kikkar inn. Ikkje store plassen, men veldig koseleg! Kaffi takkar vi nei til. Vi har allereie vore lenge vekke no, og må heimover. Det kunne nok ha vore triveleg å sitte der i solveggen og prate litt, men vi skulle jo berre som snarast helse på:)

Så går turen langs det idylliske vatnet i Strandosdalen nok ein gang, på ein frykteleg sølete sti. Gjentekne gangar snakkar vi om kor utrulig flott denne dagen har vore, og kor glad vi er for at vi tok turen bort på Dingsøyrstølen. Hit må vi opp igjen, og kanskje også på ski?!

Ganske nøyaktig fem timar har gått når vi set oss i bilen. Trym brukar ikkje vere så villig til å hoppe inn att i buret for å reise heim, men no nøler han ikkje... Han er nok sliten og trøtt. Vèl heime får han ein dusj. Kvit og lysebrun pels er ikkje så praktisk på gjørmete stiar... I morgon er han nok litt støl, slik han brukar å vere etter lange fjellturar. Og det er kanskje ho mor òg...? Men det gjer ingenting! For eg har nemlig hatt ein ugløymeleg tur denne fantastisk flotte seinsommardagen! Takk Hanne, for at du var med og gjorde dagen så fin:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar