Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

tirsdag 1. juni 2010

Du skal ikkje sova burt sumarnatta

På denne årstida er det igrunn greit å jobbe nattevakt. Særleg om vèret er fint, slik som no. Det blir ikkje skikkelig mørkt. Berre nesten, ei kort stund sånn over midnatt ein gang.

Fuglane syng heile tida. Trudde faktisk at dei brukte å ha ein "pause" høgste natt, men den kan ikkje vere lang...?
Det er berre 6 grader, så det er kjøleg. Lufta er fylt av nydeleg dunst frå hegg - og det er noko av det beste eg veit! Over Tveit heng ein stor, gyllengul måne, som spreier ei vakker lysstripe på sjøflata. I sør er det "blåtime", der himmel, fjell og sjø går ton i ton. I nordøst er himmelen lys, lys blå, og er klar til å la sola sleppe fram om nokre timar, denne første dagen i den første sommarmånaden.

Nei, ein skal ikkje "sova burt sumarnatta", men sjølv om eg må sove litt på dagtid etter å ha jobba nattevakt, så søv eg berre nokre få timar, og dermed får eg nyte nesten heile døgnet, eg:)

1 kommentar:

  1. Eg har eit ynskjeinnlegg her på bloggen på mandag :) Kan ikkje du skrive om den dagen eg vart født? Har eigentleg ikkje høyrt so masse om korleis det var. :)

    SvarSlett