Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

torsdag 4. januar 2018

I eventyrland


Det er 5.juledag, og eg har forflytta meg frå Sogn og Fjordane til Hedmark i løpet av dagen. I fleire månader har eg sett fram til hovudmålet med turen; nyttårsfeiring i Femundsmarka. Men sidan det er dårleg med både buss- og togforbindelsar i romjula, så kan eg ikkje velge og vrake i reisedagar, og dermed blir det tid til eit stopp i Rondane først, der eg skal få eit gjensyn med DNT-hytta i Bjørnhollia.

I dèt skumringa kjem sigande, spenner vi på oss skia like nedanfor Gammelgarden. Eg tek hovudlykta på meg, men endå er det såpass lyst at eg treng ikkje slå ho på. Dessverre er det ingen andre som har gått den same veien den siste tida, og det betyr at vi må brøyte oss løype i den djupe laussnøen; åtte kilometer inn til hytta... Men skydekket sprikk meir og meir opp, det er nesten fullmåne, og små og store snøkledde furutre gir nydeleg julestemning, så alt ligg til rette for ein fin tur likevel. Men det er unekteleg tungt å gå, og vi må byte litt på å gå først og brøyte vei.
Skydekket sprikk opp, og det blir flott måneskin å gå i!




Når vi kjem ut av skogen opnar landskapet seg, og det er heilt magisk å gå der med månen som einaste lyskjelde. Lyktene har vi rett og slett ikkje bruk for! Eg er midt inne i maleriet til Harald Sohlberg; «Vinternatt i Rondane». Dei kvite, mektige fjella lyser i måneskinet, stjernene funklar over oss, og snøen glitrar. Eg må stoppe opp fleire gangar og berre nyte. – Tenk om eg hadde hatt med meg kamerastativet. Då kunne eg tatt nattfoto, seier eg drøymande. – Da hadd’ vi aldri kømmi fram, kjem det frå Tynsetingen. Vel, han har jo eit poeng. Det hadde nok blitt mange ekstra pausar då, ja…. Eg må nok berre lagre det eg ser på min eigen «harddisk».

Turen blir lenger og tyngre enn eg er innstilt på, og eg blir etter kvart både motlaus og lei. Hadde eg vore ti år, så hadde eg sutra skikkelig no! Men sjøl om det er slitsamt, så er det likevel ein fantastisk opplevelse å gå kilometer etter kilometer i måneskin, og det er jo nesten utruleg å kunne gå på rundt 900 meters høgde i vindstille vêr. Etter vèl fire timar er vi framme i Bjørnhollia, og det er kos å fyre opp i ovnane og få i seg litt varm mat. Men vi er slitne, så vi finn fort køyene og går til ro.

Neste morgon er det klart vêr, og det er eit nydeleg lys når det gryr av dag. Eg saknar fortsatt kamerastativet, men eg finn ei løysing. Ein pinnestol blir sett ut i snøen, og eit par plastbøtter blir stabla oppå der igjen. Det blir i alle fall såpass greit at eg kan få tatt eit stemningsbilde av hytta med lang lukkartid J
Ved hjelp av ein pinnestol og eit par bøtter, ordnar eg meg "kamerastativ" slik at eg kan ta eit stemningsbilde av hytta :)


Når vi legg i vei oppover lia er det langt kaldare enn då vi kom kvelden før, men eg er godt kledd, så eg frys ikkje. Det er heilt ubeskriveleg å komme opp på det høgste punktet og sjå det vakre fargespelet som stadig endrar seg framfor oss, etter kvart som vi glir tilbake i spora frå gårsdagen. Snakk om panoramautsikt! Framom den kvite vidda ligg eit mørkt belte av skog, som glir over i snøkledde toppar. I det flotte morgonlyset er nokre av toppane pastellrosa, mens andre er blåaktige, og himmelen kviler nedpå med ein varm, gulrosa farge. Pastellane blir gradvis svakare, inntil dei første solstrålane legg seg som eit lunt teppe over den eine toppen etter den andre. Dagslyset får meir og meir tak, og når vi ei stund seinare kjem ned frå vidda og inn i skogen, er det ikkje lenger lune fargar som rår over landskapet, men klarblå himmel, kvite fjell og snøkledd skog. Eg er ikkje ein del av «Vinternatt i Rondane» lenger. No er eg midt inne i eit julekort.
Det er ubeskriveleg vakkert å få oppleve det fantastiske fargespelet på morgonkvisten!


Det siste stykket ned mot bilen bit kulden godt i kjakane, og det viser seg å vere heile 27 minusgrader der nede ved elva! No gjeld det å få god varme i bilen før vi reiser mot neste mål: Svukuriset i Femundsmarka.

                                                              --------------------------

Det er mørkt når vi kjem til Elgå, der turen inn til turisthytta startar. Vi leverer sekkane våre på hotellet, der dei blir henta med bil. Godt å sleppe den børa! Det blir endå ein flott skitur i nydeleg måneskin, ei dryg mil inn til Svukuriset. I tillegg til turisthytta er det fastbuande der, så det er bilvei heilt inn. Men det er bomvei, og den er ikkje open for vanleg biltrafikk, så dermed blir det ei perfekt skiløype innover! Trea kastar trolske skyggar i måneskinet, og det «syng» i stavane kvar gang dei treffer bakken. Vi går ganske tause innover, og høyrer berre lyden av ski og stavar. Men sjøl utan sekk er det langt med ei mil på ski når ein har gått ei lita mil før på dagen, og den siste biten blir seig. Det er motbakke, om enn ikkje så fryktelig bratt, men når ein gang på gang rundar ein ny sving, og når toppen av ein ny bakke utan å sjå det lyset ein håpar skal vere der, så blir det litt tungt. Men …! Eg høyrer bjeffing, så no er vi ikkje langt unna! Og ved neste bakketopp kan vi sjå lysa frå spisesalen.

Julestemning i tunet på Svukuriset...

Det er som eit eventyr å komme inn i tunet mellom hovudhuset, låven og stabburet. Ei lita furu er pynta med lys, og skaper julestemning der ho står i snøen. Framfor inngangen er det måka ei stripe som er akkurat breid nok til at den bondeblå døra kan opnast.  Ellers ligg snøen eit godt stykke oppover den raudmalte kledningen. Det lyser lunt frå dei rutete vindauga, og langs veggen står det mange par ski og stavar. Eg må berre stå ei stund og «ta inn» stemningen, og alt i hop gir meg ein ekte gladfølelse! Plutseleg har eg gløymt at det var langt å gå ei mil på ski…
Det er 19 minusgrader, så eg raud og kald i kjakane når eg set meg til bordet i spisesalen. Treretters middag smakar himmelsk akkurat no.



Den siste dagen i året gryr med klart vêr og stjernehimmel. Eg kosar meg med å fotografere litt rundt på garden i bitande kulde, før eg kler meg for skitur med Maia og Ronny. Eg er kommen på rette plassen, eg som er pyse i bratte nedoverbakkar, for her er det slakt og fint terreng! På herleg silkeføre glir vi innover mot Revlingen, men vi må stadig stoppe opp og berre sjå rundt oss. Det har skya over, og i nesten alle retningar skaper skyene og lyset nydelege, intense blåfargar i mange nyansar på både fjell og himmel, og fargane er med oss under heile turen. Utrulig vakkert!


Når mørket sig på igjen, samlar folk seg i den vesle stova på loftet etter kvart som dei kjem i hus etter skitur. Det er trangt, men veldig koseleg! Det er kortstokk og Monopol, strikketøy, gitarspel, prat og latter. Ni unge frå Tsjekkia er komne til garden i løpet av ettermiddagen, og det er kjekt å kunne markere overgangen til det nye året i lag med folk frå andre nasjonar. Dessutan er det noko særeige med det å samlast slik i lag med andre som er glad i fjell, frisk luft og naturopplevelsar.

Så blir det buffet, der lokale råvarer som fisk og reinsdyr i ulike variantar fyller dei fleste fata. Blåbæra til desserten har vertskapet, Leela og Cato, plukka på Svukuriset. Kortreist mat, altså. Det er lun og fin stemning innomhus, men ute er det sur vind og lett snødrev, og vi må kle oss godt til fakkeltoget. Faktisk er det vanskeleg å få fyr i faklane på grunn av vinden, men fakkeltog blir det! Vi går eit stykke nedover veien, før vi bevegar oss inn i skogen. Og tenk; dei har til og med laga små snølykter som står som glødande vardar innover langs stien! Så nydeleg! Her tek ikkje vinden, og det er flott å gå mellom furutrea med fakkel i handa. Cato har tent opp bålet før vi kjem, og vi kan sette oss på reinsdyrskinn på bakken. Igjen får eg denne følelsen av å vere i eit eventyr… Det er heilt spesielt. Folk pratar og kosar seg rundt elden, mens klokka tikkar mot midnatt. – Nei, nå må vi sprette flaskene. Det er bare fem minutter igjen, seier Leela, og tek fram champagneflasker frå sekken. Plastglas og turkoppar av ymse slag blir fylt opp, og når klokka slår tolv skålar vi og ynskjer kvarandre godt nyttår. Det er berre så utruleg godt å vere langt, langt vekke frå fyrverkeri, smell og brak. Eg har aldri vore glad i fyrverkeri, så å få sitte på eit reinsdyrskinn rundt eit bål i Femundsmarka og berre sjå inn i dei knitrande flammane, det gir virkelig rom for ettertanke når ein går over i eit nytt år. Det er ein opplevelse eg aldri vil gløyme.


Rom for ettertanke den siste dagen i året....

Men dei varer ikkje evig, dei gode opplevelsane heller. 1.nyttårsdag er det heimreise, og vi pakkar oss ut av det vesle sommarhuset vi har budd i på nabogarden. Eg betalar og takkar for meg, og forlèt eventyrland. Eg haikar med Maia sørover igjen, og ser stort sett berre skog på begge sider av veien – mil etter mil. Eg skjønnar at eg er litt for godt vant med den varierte naturen på Vestlandet.
Så blir det ein tur med toget, før Widerøe tek meg heim til Sunnfjord. Kvardagen ventar….


Takk til Maia og Ronny for triveleg turfølge J




mandag 25. september 2017

Rusa på livet

Aldri før har eg vore så bevisst på å gjere ting som er positive for meg, som eg er no. Ting eg har lyst til. Ting som gir livskvalitet. Og livskvalitet er i stor grad forbunde med naturopplevelsar og aktivitet for min del. I vår tok eg turleiarkurs i DNT. Det vart ei givande helg i lag med både vaksne og unge. Vidare utfordra eg meg sjøl litt ved å ta klatrekurs, og sidan har det gått slag i slag med fjellturar både i Jotunheimen, Sunnmørsalpane, på Skåla, og no også i Rondane.

Det eg vil dele denne gangen, er opplevelsen i Rondane. Ein opplevelse som begynner allereie på turen over Sognefjellet og gjennom Bøverdalen, med eit fargesprakande landskap eg trur eg aldri har sett maken til. Langs Sognefjorden blir høstfargane aldri så skarpe. Det tek meg lang tid å køyre ned dalen, for eg må jo stadig stoppe for å fotografere! Rundt kvar sving er det eit nytt motiv, og eg må til slutt berre innsjå at eg kan ikkje stoppe alle stader, sjøl om det er hardt for ein hobbyfotograf å køyre forbi.

Vakre Bøverdalen


Eg møter turfølget mitt på Otta. Vi parkerer bilen min på Spranget, og køyrer i lag vidare ned til Kvamsfjellet. Turen startar ved Kvamsnysætrin. Her er det ikkje mykje lauvskog, men like fullt er naturen som ein palett i nydelige, varme tonar! Dvergbjørka vekslar mellom oransje, brunt og rødt, og står side om side med krypeiner i ein frisk grønfarge. Her og der lyser ei tue med skarp raud rypebærlyng, mens lappvieren er i ferd med å skifte frå grågrøn til lysegul drakt. Og mellom alle desse nyansane er bakken dekka av reinlav. Den lyse, gråkvite fargen framhevar alt det andre i rødt, gult og grønt. Av og til går eg ut av stien for å rusle på lavet. «Det er jo nesten som å gå på ei skumgummimadrass», seier eg, og kjenner ei nesten barnsleg glede av å gå på det mjuke, behagelege underlaget. Bak oss ligg Furusjøen, og framfor oss ligg fjellmassivet. Sola får så vidt sleppe til, og eit gyllent drag legg seg på nokre av toppane ei kort stund. Eg blir heilt rusa av alt det vakre rundt meg. Så rusa at eg ikkje lenger kjenner dei 10 kiloa eg ber på ryggen.





Det er begynt å mørkne når vi kjem fram til Eldåbu etter ei mil til fots. På rekkverket utanfor sit det to trivelige karar og drikk vin. Dei presenter seg som Bjørn Harald og Mathias, og virkar glade for selskap. Dei kan fortelle at det er tomt for ved i hytta, og at dei faktisk har putta litt av hoggestabben i ovnen, så før det mørknar heilt må også vi ta vår tørn med å finne litt å fyre med. Bak utedoen ligg det våte kledningsbord under ei trillebår. Det må duge. Det blir som i Farmen med «kampen for tilværelsen». Mat har vi, så den treng vi ikkje kjempe for, men varme må vi faktisk også ha! Med sag og øks får vi ordna finkløyvd ved som brenn godt. Så hentar eg ei bøtte vatn i elva, og brått er mørket over oss. Stearinlysa blir tende mens vi lagar oss litt mat, og våte plagg og sko blir tørka ved ovnen. Så blir det nokre spørsmål frå «Bezzerwizzer» mens eg strikkar i skinet frå stearinlysa. Utrulig koselig!

Neste morgon er dei vakre fargane endra til nyansar i svart, kvitt og grått. Mest kvitt. Det snøar tett, og vi begynner å tenke på om det kan bli problem med å finne stien… Mathias legg ikkje skjul på at han er glad for at vi skal same veien som dei. Ganske frivillig tek dei på seg å koste golvet og ordne opp i hytta, slik at vi kan gå i førevegen og lage spor J

Då vi våkna på Eldåbu var høsfargane brått endra til nyansar i svart/kvitt.

Det går greit det første stykket. Det er ikkje så mange cm snø som har lagt seg. Men det blir fort verre. Det blir til dels vanskeleg sikt, og T-steinane er nedsnøa, så vi må koste snø av det vi trur kan vere merkesteinar for å sjekke at vi faktisk er på rett vei. Etter halvannan time er vi inne på tanken om å snu… Det er 15 km mellom Eldåbu og Bjørnhollia, og held det fram slik som dette, så er det i tøffaste laget. Men vi kjem på at det var jo ikkje ved der vi kom i frå, så det er jo ikkje noko godt alternativ å snu heller. Så vi held fram med å koste snø av steinane på leiting etter T’ar, og håpar Bjørn Harald og Mathias er takknemlige for jobben vi gjer. Snøen er våt og tung, og blir stadig djupare. Halvvegs møter vi fire rypejegrar som fortel oss at i steinbua borte ved vatnet er det ope. Dei kjem derifrå, og det har nyleg vore fyr i ovnen, så der kan vi gå inn om vi vil. Det blir i alle fall vi takknemlige for! Mens vi snakkar med jegrane høyrer vi stemmer bak oss. Gutta boys har tatt oss igjen! Ikkje rart kanskje. Dei har jo hatt gode spor heile veien, dei J


I Vulubua er vi samla igjen, og vi tek oss ein vèl fortjent pause før vi går laus på siste halvdel av turen. Sjøl om snøen ligg, så er det ikkje vanskeleg å sjå at det er eit vakkert landskap vi går gjennom. Vi kryssar veldig mange idylliske elvar, og eg kan jo berre fantasere om kor flott det ville ha vore langs vatnet inne i dalen, om høstfargane ikkje hadde blitt pakka inn i kvitt. Eg er ikkje i tvil om at eg vil gå denne strekninga igjen ved eit seinare høve. No skal vi opp i høgda, og det blir stadig meir snø. Enkelte stader sig vi nedi til låra. Det er sur vind, og vidda vi må passere før vi kan sjå ned til Bjørnhollia virkar uendelig lang når vi er så slitne. Men det nærmar seg no!

Den sjølbetjente hytta i Bjørnhollia. Ein veldig fin plass eg gjerne vil tilbake til!


Det er utrulig godt å komme fram til den sjølbetjente hytta, sju timar etter at vi starta turen. Svette plagg blir bytt ut med tørre, og sjøl det å kunne sige ned på ein hard pinnestol er aldeles fantastisk! Etter litt mat er det yatzy-tid. Det er ein avslappa stemning i hytta. Ingen mobildekning. Heldigvis. Vi tuslar rundt i stillongs og trøye, og mascara og hårvoks er eit ikkje-tema. Det er så deilig….

Vi er våkne i sekstida - både eg, Torhild og Ronny. Mens dei to andre søv litt lenger, gjer vi oss klar til dagens etappe, men heile «familien» rekk å samlast ei stund på kjøkkenet før trioen går. Ja, det kjennest faktisk nesten som ein blir ein slags familie når ein samlast to kveldar på rad, og skal gå same ruta. Det blir eit utrulig fint fellesskap! Etappen til Rondvassbu er på 12 km, men er langt verre enn gårsdagens. Mykje ur gjer det vanskeleg å vite kva som skjuler seg under snøen… Det er fort gjort å kile ein fot mellom to steinar, og same kor forsiktig ein er, så er det mange feller å gå i. Torhild er tilfeldigvis lege, og har alltid med seg masse førstehjelpsutstyr i sekken, men eg tenker med gru på 
kor komplisert det ville blitt om det faktisk skulle skje noke, utan mobildekning… 
Ser no veldig motiverte ut vi, vel? :)


Hyttekos med yatzy og stearinlys!
Det er sur motvind mykje av veien, og bittesmå snøfnugg piskar i fjeset. Eg synest normalt at det er friskt med sånt vêr, men på ein slik tur kan det bli i meste laget. Vi byter litt på å gå først og trakke løype. Det er krevande. «Ein betale fø kver meter her», seier Torhild på sin klingande Stavanger-dialekt. Det er blindeføre, og ein ser ikkje om ein tek eit steg oppover eller nedover. Vi pratar om at det nesten er galskap det vi held på med. «Eg veit ikkje om eg ska snakka så høgt om dette her ettepå», ler Torhild, og tek fram kartet. Etter fire timar er vi halvvegs. Berre halvvegs! Det er hardt å finne motivasjon no, men vi har jo ikkje anna val enn å berre gå. Men som bestilt blir terrenget litt lettare, og det minkar litt på snøen. Tempoet aukar, og den siste halvdelen går vi faktisk på berre to timar! Etter to dagar og 27 km med høge kneløft, er det fantastisk godt å komme ned på grusveien. No er det «berre» fem km å gå til Spranget, der bilen min ventar…




Torsdag ettermiddag er det innsjekk på Rondablikk høgfjellshotell på Kvamsfjellet, der 80-90 turglade har meldt seg på turvenn.no sitt treff. Turfølget mitt reiser kvar sin veg no, men eg finn fort tonen med fire andre som også er komne til hotellet åleine. Stein Erik, Bjørg, Maia og Asgeir blir dermed min nye «familie» som eg har det veldig trivelig i lag med. Vi blir ein fast gjeng til både frukost og middag, og i lag med ein del andre held vi også i hop på ein flott fjelltur. Det er vindstille vêr, god stemning og mykje latter, og her kan eg igjen nyte høstfargane når vi går i timevis på sti og «skumgummimadrasser». Heilt perfekt! Det er så flott å bli kjend med nye menneske der naturen er ramma rundt det heile. Eit fint fellesskap og gode opplevelsar som gir livskvalitet.

I fleire dagar har eg fått oppleve Rondane, og sjøl om snøen kom litt tidlegare og i større mengder enn vi hadde venta, så vart det jo ein opplevelse det også – på sitt vis. Og den totale summen har gitt meg ein ny dose. Eg kjenner meg rett og slett rusa.

Tur til Sukkertoppen med ein herlig gjeng!

mandag 4. september 2017

Svart rute med gull på toppen

Iblant er det nødvendig å vere litt impulsiv når det gjeld fjellturar. Når det blir meldt skyfri himmel både lørdag og søndag, så gjeld det å ikkje nøle. Då er det håp om å kunne bestige eit nytt mål! Torsdag kveld blir det lagt planar om å gå på Skåla, og lørdag morgon set eg kursen mot Loen, der eg møter turfølget mitt.

Vi har ein lang tur framfor oss, og startar i roleg tempo. Stigninga er jamn oppover. Vi møter eit utanlandsk par som eg antek kan vere rundt 60. Dei fortel at dei starta halv åtte om morgonen, og brukte tre timar og tre kvarter til toppen. – Jaja, seier eg når vi går vidare. – Då må det vel vere mulig for oss å komme dit på rundt fire timar.

Det er så smått begynt å høstast i fjellet. Blåbærlyngen har fått ein fin, djup raudfarge, og ein kan ane eit gult skjer over heia, der sauene beitar på siste rest av graset. Det durar av fossar og elvar, og vi fyller opp flaskene våre med friskt fjellvatn for å sløkke tørsten mens vi traskar oppover på den fine, steinlagde stien. Mange er er ferdige med dagens mål, og kjem i motsatt retning.


Det går greit opp til rundt 1000 meters høgde. Då blir det merkbart brattare, og siste kneika opp mot Skålavatnet er seig. Eg begynner å bli sliten, og eg veit ikkje om eg kan skulde alt på dårleg dagsform heller. Under ein pause kikkar vi litt nedover stien vi har lagt bak oss, og eg får auge på ein kar som kjem joggande oppover. Ganske sikkert ein av dei som brukar å vere med på motbakkeløpet på Skåla, tenkjer eg. Når han passerer oss spør eg så kjekt om ikkje vi kan få haike til topps. Han ler og fer vidare i eit tempo eg berre kan drøyme om. Men; han har jo ikkje ein 10 kilos sekk på ryggen. Ikkje rart han kan springe opp!


Ved vatnet tek vi ein liten sjokoladepause. No er vi på 1150 meters høgde, og er over tregrensa. Heretter er det ur og Sherpa-trapper. Vi er så vidt begynt på dei siste 700 høgdemetrane når vi kjem i prat med ein kar som er på vei ned. – Ja, det blir fullt på toppen i natt. Det blir no i alle fall minst 40, seier han. Eg kjenner eg blir både overraska og litt umotivert. Vi har då møtt sikkert 100 menneske, og likevel er det mange igjen? Eg hadde så klart ikkje forventa at vi skulle få ha hytta for oss sjøl, men hadde vel håpa på at det ikkje skulle vere stappfullt heller. Eg har ikkje erfaring med sovesalar og det å sove i lag med mange andre. Det er noko eg har vore litt ukomfortabel med, utan at eg veit heilt kvifor. Det kjennest som ein litt «skummel» ting liksom, og eg har bevisst unngått det. No forstår eg at eg har ikkje noko val.



Men hey! Der kjem han jo ned igjen, han som for joggande opp for berre ein time sidan?! Jaja; han har jo fortsatt ikkje sekk då. For oss som har det, går det jo sjølsagt litt seinare.

Ofte pause. Eg er sliten. Veldig sliten, vil eg påstå, og eg begynner å forstå kvifor ruta er gradert svart…  Men utsikta er upåklageleg! Det er eit vakkert syn ned mot fjorden, der eit turistskip glir utover etter eit stopp i Olden. Vi småklyv litt over berg og stein. Kryssar ein flekk med snø her og der.
Eit par er på vei ned igjen, og spør om vi har tenkt å overnatte. – Hyttevakta er heilt fortvila, og veit ikkje korleis han skal finne plass til alle, seier dama, og legg til at også dei hadde tenkt å sove der, men at dei valde å gå ned igjen når det var så fullt. – Det er tomt for dyner og puter, så de får no sove i ein krok i natt, smiler ho, før dei hastar vidare nedover for ikkje å mørkne ute. Det var vel ikkje akkurat det eg hadde lyst å høyre, men vi får ta det som det kjem.

Siste biten består av steintrapper, og på eit stort skilt midt i steinura er det malt: «15-20 min igjen». Eg er usikker på om det gir meg ein siste rest av energi for å nå målet, men det går no oppover i alle fall. Og SÅ kjem dei til syne; Skålatårnet og Skålabu. Endeleg! Eg som var så eplekjekk då vi møtte dei 60-åringane, og trudde vi skulle gå opp på fire timar, kan plusse på 1 ½ time til. Men så hadde jo heller ikkje dei tung sekk då ;)
Det er litt småkaos på Skålabu når vi kjem innom døra. Eg veit nesten ikkje kor eg skal plassere skoa mine. I alle fall ikkje sekken. Men folk trykker seg i hop, og stemninga er det ingenting å seie på! Om det blir litt kø og venting, så får alle ordna seg med mat til slutt.


Sola sig nedover, og det er eit fantastisk fint lys på toppen. Skålatårnet ser nesten ut som det er bygd av matt gull. I søraust lyser månen på sitt vis. Folk samlar seg for å oppleve solnedgangen, og kor mange bilde som blir tatt denne kvelden kan ein vel berre gjette på. Det er så vakkert! Fjellrekkene ligg rundt oss i ein ring, gradvis meir duse dess lenger vekke dei er, og det er nesten ei magisk stund å stå der og vente på at den gylne kula skal forsvinne i horisonten.


Hytteverten har det travelt. Det er rundt 40 sengeplassar fordelt på tårnet og hytta, men han kan fortelle at no når han har fått full oversikt, så er vi nitti som skal ha ein plass å sove! Her får vi altså vere med på å sprenge overnattingsrekorden. Litt kult då :) – Eg skal prøve å finne eitt eller anna de kan ligge på, seier han, og gjer sitt aller beste for alle. Hadde ikkje han vore der, så hadde det blitt fullstendig kaos. – Det skal vere stille klokka elleve. For dei som vil ha med seg soloppgangen, så er den ca halv sju, fortel han, før folk begynner å rigge seg til for natta – der ein måtte finne ein ledig plass. Det var nok sikkert ikkje tilfeldig at arkitekten av Skålabu bestemte at det skulle vere ein breid vindaugskarm langs heile veggen. Kan funke fint som soveplass i ei overfylt hytte, den! Men ekstra madrasser er det ikkje til alle. Eit par saccosekkar blir trylla fram, to søv utandørs på benken i gode soveposar, og resten av oss må sove på golvet på teppe og ellers det som er å oppdrive av kleplagg frå sekkane. Èi ligg på omkledningsrommet, og eit par søv ute i ei bod. Vi andre trykker oss i hop under borda, hovud mot hovud på kvar side av ei langsgåande fjøl, og eg gir grei beskjed til han som legg seg oppå bordet, at han får i alle fall la vere å ramle ned på oss i løpet av natta! Det blir komisk der vi kavar på, høgt og lågt. Men det blir fort stille, og når månen skin inn i rommet og lagar trolske skyggar, så tenkjer eg at dette er jo i grunn fantastisk flott! Ho er heldig, ho som ligg i vindaugskarmen, med panoramautsikt mot eit landskap i måneskin...

Det blir bokstavleg talt ei hard natt. Og søvnlaus. Ikkje før rundt fem på morgonen sovnar eg ei lita stund, og då drøymer eg fælt om at kameraet mitt havnar i sjøen, og at alle solnedgangsbilda mine frå kvelden før går tapt. Mareritt for ein hobbyfotograf! Men når klokka er rundt seks er vi fleire som er våkne, og som vil få med oss sola som står opp. Eg blir nesten mållaus når eg reiser meg frå golvet og ser ut glaset. Med ein nydeleg blåfarge kviler morgonhimmelen ned på dei kvite fjelltoppane. Same kor lite eg har sove, så er det ikkje vanskeleg å kle seg for å gå ut no. Ut for å nyte! Og i dèt eg kjem ut ytterdøra og vender blikket mot øst, så kjem det eit impulsivt «oiii» frå meg. Der flyt grårosa skyer på ei himmelrand av gull…



Det er minusgrader, og steinane glitrar av rim. Eg ruslar litt østover langs den snødekte ryggen mens eg ventar på sola. Fotograferer underveis. Så kjem ho over kanten. Forgyller landskapet med sine første, svake strålar. Akkurat no er det fint å vere heilt åleine. Berre meg og kameraet. Eg knipsar i massevis, samtidig som eg nyt opplevelsen. Og når eg vender tilbake til hyttene, så veit eg ikkje heilt kva retning eg skal sjå i. Det er så flott over alt! Nede i dalane og over fjorden ligg skodda som eit kvitt teppe, og på himmelen er det pastellar i rosa og blått som går i ein boge heilt rundt, og flyt i hop med den gylne randa i øst. På 1848 meters høgde har eg fått oppleve både solnedgang og soloppgang. Det er mektig. Det er stort. Og om det var hardt å komme seg til topps, så var det veldig godt betalt.


Forresten; det å sove i lag med mange ukjende menneske, det er faktisk heilt ufarleg, det! :) 





mandag 7. august 2017

Sjef over eigen kropp

Det begynner å bli ei stund sidan eg registrerte meg på ei nettside for turglade menneske. Med andre ord ei side for meg og mine likesinna, om du vil. Der kan ein, alt etter kor mykje energi ein legg i det, få kontakt med andre som vil gå dei same toppane som ein sjøl, nokon ein kan gå frå hytte til hytte i lag med, eller avtale ein sykkeltur med. Eller; som eine jenta mi sa: «Mamma, eg har googla ditta der, og eg fann ut at det e ei dating-side for sånne som deg som lika å gå i fjellet». Og det er vel ei viss sannheit i det då, for i likheit med dei fleste andre slike nettverk, så kan sida også nyttast til det.

Under registreringa legg ein inn m.a. alder, kvar i landet ein bur, og kva slags interesser ein har. Ja, i tillegg til friluftsliv, naturlegvis. Men det er også eit anna felt som må fyllast ut. Og det er muligens eit felt som har størst verdi for dei som først og fremst vil nytte sida nettopp til dating. I ein nedtrekksmeny får ein fylgjande val: Slank – Normal – Veltrent – Noen kilo for mye – Stor. Ikkje eit øyeblikk var eg i tvil om kva som var den riktige definisjonen på min kropp. Sjøl om eg på siste kroppsanalysen fekk stadfesta at eg har fått heile 100 gram (Merk deg: HUNDRE gram!)  meir muskelmasse etter månadsvis med styrketrening, så kvalifiserer eg ikkje heilt til å gå under definisjonen «veltrent». Ikkje nett endå.
Etter månadsvis med styrketrening går eg likevel
 ikkje inn under definisjonen "veltrent".


Som sagt; det er ei stund sidan eg registrerte meg. Vekta er vel om lag den same no, som då. Eller… Jah, okey – kanskje er eg eit kilo tyngre no. Det går litt i surr, egentlig, for underveis har eg lagt på meg tre kilo, tatt av fire, lagt på meg igjen to - og sånn går nu dagan! Alt etter kor ofte eg får så innmari lyst til å steike meg vafler etter jobb, kor mange sjokoladar eg klarar å trykke i meg på tre veker, eller kor ofte eg plutselig finn ut at NO er det altså på tide å komme inn i eit sunnare spor! Og sjølsagt er det også avhengig av kor langt det sporet er. Svært ofte er det berre frå stova og ut på kjøkkenet.

Ein dag eg var innlogga på sida, og såg svart på kvitt at eg har «Noen kilo for mye», så slo det meg: I forhold til KVA? Eller i forhold til KVEN? Kven er det eg egentlig skal måle meg med? Kassadama på butikken? Ein kollega? Vêrdamene på TV2? Når eg opnar postkassen min og finn høstens Ellos-katalog, så kan eg jo bla litt i den. Eg vil fort sjå at eg har 20 kg meir på kroppen (som i tillegg er langt dårlegare proporsjonert) enn dei damene som står og gjer seg til for fotografen. Men treng eg å måle meg mot dei? Set eg på TV’en og kikkar litt på reklamane, så ser eg det same der. Berre menneske som kunne valt «Slank» eller «Veltrent» i nedtrekksmenyen. Eg treng ikkje måle meg mot dei heller. Men eg har likevel ikkje problem med å innrømme at eg iblant, når eg stig på vekta, tenker at eg kjem no aaaaldri til å bli som vêrdamene på TV2…

Det blir større og større fokus på helse. Og det er BRA! Ein får ikkje utlevert ein ny kropp om ein vèl å stelle dårleg med den ein har. Vi har alle eit ansvar for å ta vare på kroppen vår, i forhold til både kosthald og trening. Ein skal ikkje la det bli ei kvilepute at «vi lever no berre èin gang», og bruke det som unnskyldning for å ligge på sofaen - der den einaste treninga er å strekke handa bort til bordet for å ta ein ny sjokoladebit. Men det må heller ikkje gå for langt den andre veien. Det må trass alt vere rom for å vere som ein er, uansett kva definisjon i nedtrekksmenyen som passar! Vi menneske finst i alle former og fasongar, og det er ingen – absolutt INGEN – som kan seie at den eine fasongen er meir riktig eller feil i forhold til ein annan. Det er vel ingenting som er meir riktig enn nettopp det at vi er ulike?


Svært mange av oss har ein lang vei å gå når det gjeld å godta seg sjøl og den kroppen ein har. Det skin vel gjennom i teksten at også eg (dessverre) er veldig opptatt av vekt og kropp, og eg kjempar stadig ein kamp der. Men når det er sagt, så har eg dei siste åra fått eit heilt anna forhold til kroppen min. Ein mykje større aksept. Og ingen har rett til å seie – eller meine – at ikkje min kropp er fin nok. Det er eg som er sjefen, nemlig!

onsdag 12. juli 2017

Sure sko, blide fjes - og katastrofetankar

Etter ein fantastisk tur til Fanaråken for tre år sidan, har eg hatt lyst å oppleve meir av Jotunheimen. Området ved Leirvassbu fjellstove har lokka meg veldig, og eg har i månadsvis planlagt å reise dit denne sommaren. Det ordna seg med turfølge òg. Flotte opplevelsar blir som kjent endå betre når ein kan dele dei med andre. Men på kort varsel blir ting endra, og eg står utan turkamerat. Når eg fortel mamma at eg har tenkt å reise åleine, så kjem det som forventa frå henne: «ÅLEINE?? Du kan no ikkje gå åleine?!». Mamma er den beste katastrofetenkaren eg kjenner. Men for meg er det uaktuelt å sitte heime det meste av ferien, berre fordi eg manglar nokon å gå i fjellet med. Livet skal levast, så eg reiser som planlagt. Og om det siste eg gjer er å ramle utfor ein skrent, så kan det vel ikkje vere ein betre plass å ende sine dagar på enn nettopp i fjellet, der eg trivst så godt.


Området rundt Leirvassbu fjellstove har lokka meg lenge.


Over Sognefjellet ligg skodda tett. Men innover Leirdalen ser det lettare ut, og fjella ruvar høge framfor meg. Eg køyrer gjennom eit nydeleg stykke Norge, der elva Leira svingar seg nedover dalen, med eit belte av rullesteinar på kvar side. Undervegs munnar ho ut i eit fossefall her og der. Mellom mørkegrøn dvergbjørk og grågrøn lappvier, går kyr og sauer på leiting etter saftig gras. Det er langt innover, og akkurat i det eg tenker at eg snart må vere framme, kjem fjellstova til syne. Fjelltoppane er det derimot ikkje så lett å sjå lenger. Skodda ligg heilt ned til Leirvatnet…


Mange par sko var det første som møtte meg :)

Det første som møter meg når eg skyv opp den rosemalte døra inn til resepsjonen, er mange par fjellsko og joggesko langs veggen. For meg som er førstegangsturist på ei fjellstove, så blir eg litt overraska. Men det er eit syn som gjer meg glad, og som får meg til å smile. Eg får assosiasjonar til då ungane var små og hadde barneselskap, og gangen var full av sko. Men bevares for ein grei praksis å ta av seg skitne fjellsko rett innanfor døra! Eg får nøkkel til rom 218, som til liks med alle dei andre romma har fått namn etter ein topp i området. Som sagt; eg er førstegangsturist på ein slik stad, så eg veit ikkje heilt kva eg kan forvente når eg går inn i rommet. Standarden er enkel. Veldig enkel. Men når det er sagt, så hadde eg faktisk rekna med ei trasig skumgummimadrass å ligge på. Eg blir difor positivt overraska over ei god rammemadrass. Eg må smile igjen når eg ser at det i dusjen er èin krane for kaldt vatn, og èin for varmt. Men med god seng og varmt vatn, så har eg alt eg treng J




Alle romma hadde namn etter ein topp i området

Søndag står eg opp til opphaldsvêr med blå himmel her og der, men dei tunge skyene er i fleirtal, og skodda ligg og truar litt på toppane. Eg skal opp på Kyrkja, 2032 moh, som er eit populært mål på Leirvassbu. Populært er det også denne dagen, så sjøl om eg går åleine har eg folk rundt meg i fjellet.

Det blir etter kvart surt og kaldt, og eg er glad eg har tatt på meg den lette boblejakka mi. Hanskane må opp av lomma, og hetta må på. I det eg skal begynne på den bratte ryggen mot toppen, kjem skodda for fullt. No ser eg ikkje lenger ned att til fjellstova, men det er likevel ikkje så tett at det er vanskeleg sikt å gå i. Og sidan det er fleire enn meg «i løypa», så vèl eg å halde fram mot målet. Eg tek meg oppover i ura, stein for stein. Venstre kne masar stadig om at det blir Ibux til kvelden og natta, men eg gidd ikkje å høyre på det nett no. Ei lett snøbyge kjem inn mot toppen, og bittesmå snøfnugg piskar meg i fjeset. Det siste stykket opp må ein klyve litt. Det er jammen godt at ikkje katastrofetenkaren veit kva eg heldt på med i skodda!


Fjellfie er obligatorisk, sjøl i skodda!


Det er overraskande lite vind på toppen, så i mitt eige selskap et eg nista mi der (sjøl om det dessverre ikkje er utsikt å nyte samtidig), før eg returnerer. Eg er alltid forsiktig når eg går i fjellet, og når ein går åleine er det ekstra god grunn til det. Endå større grunn til forsiktigheit er det når ein går i ur. Der må ein tenke litt over kvar ein set skoa. Det blir litt som å køyre bil; eit lite uoppmerksamt øyeblikk, og du kan vere ille ute. Ein stein som vippar litt, kan vere nok. Så eg brukar like lang tid ned som opp.

Dei våte plagga mine får seg ein tur innom snora på tørkerommet; også ei ny erfaring for ein førstegangs fjellstoveturist. Rommet har ein ganske karakteristisk odør som eg ikkje ynskjer å beskrive nærare, men det er heilt OK å få stadfesta at det ikkje er berre mine fjellsko som er sure J Etter ein god dusj er det middag i spisesalen. Folk kjem i joggesko og slippers, ulltrøyer og Fjällräven-bukser. Det er så befriande uhøgtideleg. Og sjøl om ingen fekk oppleve storslått utsikt frå toppane i dag, så er det berre smilande fjes rundt borda. Tur er tur. Fjellfolk er herlige! Og kokken har absolutt gjort seg flid med maten. Etter fleire timar i fjellet er det fantastisk å bli servert eit treretters måltid som virkelig tilfredsstiller smaksløkane!  

Yr.no har drista seg til å legge ut ei kvit godvêrssky og sol for mandagen, og ein kvar fjellvandrar klamrar seg jo til håpet om at dei ikkje kan melde feil kvar gang. Frå klokka 12 og utover skal det bli bra. «God tur», seier den unge jenta i resepsjonen når eg har skrive meg inn i sikkerheitsboka og tek sekken på ryggen. I området rundt Leirvassbu er det ikkje mobildekning, og det er difor ei tryggheit å skrive i boka kvar ein går. Mobilen er med i lomma berre for å ta obligatoriske «fjellfies» og viktig dokumentasjon på kvar ein har vore, som naturlegvis må publiserast på Facebook eller Instagram etter endt tur. Dagens mål er Stetinden, 2020 moh. Eg veit at det er ein del snø å gå i på denne turen, men eg ser ikkje så mørkt på det. I motsetning til dagen før, så møter eg ikkje eit menneske. Mellom snøflekkane er det fint terreng å gå i eit langt stykke, før det etter kvart blir meir ur. Men plutseleg ser eg ikkje ein einaste varde lenger. Ikkje ein raud T. Eg tek fram kartet, og kjem fram til at eg sikkert har gått for langt vestover. Skulle ha svinga mot nord for lengst. Men eg kjem meg på rett kurs, og oppover går det! Og sola? Ho vinn stadig oftare over skylaget!

Det er eit mektig syn som møter meg når eg kjem opp på fortoppen. På vestsida er det ein nesten loddrett fjellvegg bort mot Stetinden, og det er mange hundre meter rett ned. Dette er altså det såkalla «luftige partiet» som er omtalt i turbeskrivelsen, men som ifølge jenta i resepsjonen ikkje er så ille som det ser ut til. Eg tenker no mitt om det, der eg står ca ein meter frå stupet og fotograferer den rå naturen eg har rundt meg, mens eg liksom høyrer mamma si småhysteriske stemme: «Ikkje gå så langt ut på kanten!». Eg ser to skikkelsar som er på vei ned ura frå toppen, og det er sjølsagt fristande å fullføre som planlagt når eg er så nær målet. Men i det vinden tek eit godt tak i meg blir avgjersla tatt. Det kjennest som galskap å skulle gå over bandet og opp ura (og ikkje minst ned att) – heilt åleine. Eg snur. Og det er ikkje eit nederlag i det heile tatt.

Det er heilt rått å komme opp til fortoppen og sjå den ville naturen rundt meg. T.v. ligg Storebjørn, 2222 moh. 

Det luftige bandet mellom fortoppen og Stetinden fristar ikkje åleine. Eg nøyer meg med å snu på 1985 moh :)


Utsikt mot søraust.


Eg tek ein litt annan vei ned att. Ser det har gått folk før meg i snøen, så eg går i deira spor. Her er terrenget oversiktleg heilt ned, og byr ikkje på overraskingar, så det er berre å skli på skoa nedover. Det slår meg at det var nok her eg skulle gått opp, i staden for å følge merka vestover. Kvar det var meininga at dei skulle ende, anar eg ikkje. Hadde eg studert kartet meir nøye, og i tillegg hatt ein turkamerat å diskutere og peike med, så hadde eg nok unngått omveien. Men pytt; tur er tur!

Snø går over til berr mark. Eg bestemmer meg for å gå eit stykke inn i Gravdalen før eg går tilbake til Leirvassbu, og set kursen beint ned mot grusveien. Ein fugl som eg antek må vere Steinskvett, flyg stressa rundt meg. Han heng litt stille i lufta iblant, mens han kvitrar voldsomt, og er tydeleg interessert i å bli kvitt meg.

Eg legg meg langflat i lav og lyng for å fotografere alt det vakre rundt meg.


Eg ruslar over bergnabbar og lyng. Kryssar klukkande bekkar og små elvar. Motiva står i kø, og eg legg meg fleire gangar langflat i det mjuke, gule lavet for å fotografere. Aldri før har eg sett så gult lav! Både kjende og ukjende blomster blir festa til minnebrikka, der dei står små og beskjedne omringa av mektige fjell. Det er berre så utruleg vakkert. Og det er ingenting som gir meg meir ro enn å rusle i sånt terreng med kameraet i hendene. Eg kosar meg. Ingenting hastar. Eg nyt naturen, og akkurat no er det faktisk berre herleg å vere heilt åleine.

Vakkert i Gravdalen! Kyrkja til venstre i bildet.


Når eg er tilbake på fjellstova har eg vore på tur i sju timar. Dagen kunne ikkje ha vore betre! No ventar ein god middag og litt avslapping i peisestova, før det er på tide å legge seg for siste natta. Men det viktigaste først: Eg stoppar i resepsjonen, der det er god wi-fi-dekning. Ein tekst-snap må over fjella og heim til katastrofetenkaren. Eg kom meg jo ned att i live - denne gangen òg J






tirsdag 6. oktober 2015

Innertiar


Det er no helst litt varierande kor mykje ein kan stole på yr.no. I dag fekk dei ein innertiar. Sist veke fekk eg spørsmål om eg kunne flytte fri-fredagen min til ein annan dag denne veka. Eg valde dagen i dag. Innertiar! Å ha fri på ein skyfri dag er jo heilt perfekt. Eg hadde bestemt meg for at om vêrmeldingane stemde, så skulle eg rusle opp på Dalsheia, og vidare innover til Langevatnet – ein stad eg berre tidlegare har snakka om å gå til, men aldri gjort.
Like før kl ti kjem det melding frå min gode sambuar: «Kommer heim kl 12 æ». Eg smiler både innvendig og utvendig. Han visste jo om mine turplanar, og no får eg selskap! Like etter kikkar sola over kanten av fjellet, og gradestokken kryp etter kvart litt oppover. Dei fire vèlfylte klesnorene under verandaen får selskap av nokre plagg til, og er det noko eg blir i godt humør av, så er det å sjå fargerike plagg blafre forsiktig i sola.

Vi pakkar kvar vår vesle sekk, og legg i veg oppover bratta. Ei liten hoggorm har også bestemt seg for å nyte den solrike oktoberdagen, men buktar seg fort avgarde ut av stien når vi kjem. Nokre troster skvaldrar på sitt særeigne vis, og flaksar opp frå krattet rundt oss, der dei har vore på leiting etter høstens siste bær. På Dalsstølane skriv vi oss inn i boka, og går vidare innover heia. Ikkje ei einaste lita sky er å sjå på himmelen. Naturen er som eit fabelaktig fargekart - dominert av gyllengult, med små detaljar av rødt og grønt. Sola gir ein glød til det heile, og eg har vanskeleg for å sjå meg mett på fargespelet vi bevegar oss gjennom. Det er berre så utruleg flott!  


Ved Langevatnet tek vi ein pause i høstsola, og lyttar til den behagelege lyden frå ein bekk i nærheita. Vi tek fram litt godsaker frå sekkane, og kosar oss. Ein fin naturopplevelse blir berre endå finare når ein er to. Fargekartet har fått endå ein dominant farge. Det store blå vatnet står i djup kontrast til dei lave, krokete bjørkene med sine gule lauv.
Så ruslar vi heimover, og eg prøver å ta inn mest mogeleg av det praktfulle høstlandskapet. Vèl heime nyt vi sola den siste timen på verandaen før ho forsvinn bak åsen. Middagen får heller vente litt. Eg tek inn klevasken, som luktar friskt og godt. Det er for meg ei kvardagsglede. Ei kvardagsglede er det også å kjenne lukta av nybakt brød som no spreier seg i huset. Og når det nærmar seg leggetid no, så kan eg slå fast: Dagen har vore ein innertiar.

lørdag 6. desember 2014

Ta deg tid!

Første veka i desember er omme. Med berre 18 dagar igjen til julekvelden, er det nok mykje som gjenstår i mange heimar endå. Julebrød, rullepølser, småkaker og lefser. Kjøkkenskapa må vaskast, så klart, og støv og skit ellers i huset må vekk. Du veit det spindelvevet som bevegar seg oppe under taket i ein krok kvar gang du opnar døra? Det du har sett på så lenge, men som du samtidig har forsøkt å oversjå? No kan det faktisk ikkje henge lenger! Og så må dei siste julegåvene handlast. Juletre må ein få tak i, og først når huset er vaska kan ein begynne å pynte.

Mi gamle, kjære mormor var alltid så nøye med at julegardina på kjøkkenet ikkje skulle opp før ho var ferdig å bake til jul. Ei rein gardin skulle ikkje smussast til med mjøl og feitt frå bakinga. Men akkurat det er noko eg ikkje valt å ta med meg, om eg kan seie det slik. For meg er det no halve stasen å kunne bake på eit julepynta kjøkken. Sidan eg flytta inn i "ny" heim for ein månad sidan, kom eg til nyvaska kjøkken, og dermed slapp eg lett unna i år. Men når sant skal seiast, så har eg dei siste åra ikkje vore så grådig nøye på at kjøkkenet absolutt må vere vaska til jul. Jadå - det MÅ vaskast av og til, men er det noko ein må ta seg tid til akkurat i desember? Om bestikket og tallerkenane er reine, så får det vere tilstrekkeleg.

Eg er av den sorten som begynner tidleg med julegåvene, og er dermed også tidleg ferdig. I år var det aller meste klart i midten av november. Eg har ei liste eg noterer på så snart eg kjem på ting eg kan kjøpe, om det så er midt på sommaren, og når det lir utpå hausten supplerer eg etter kvart som dei kanskje sjølve kjem med ynskje. Og sidan eg ikkje er så veldig glad i å springe frå den eine butikken til den andre for å leite etter det eg skal ha tak i, så vel eg ofte den mest behagelege løysinga. Netthandel. Dei siste åra er det jammen mang ei gåve eg har handla på det viset, og det passar meg veldig bra.
Når eg ferdig i god tid er det fint å ta ein tur til Førde ein gang i desember berre for kosen sin del. Mens andre stressar rundt med velfylte posar i begge hendene, så kan eg rusle bedageleg rundt i julepynta butikkar og berre sjå. Kanskje kjøpe litt småtteri som eg i grunn ikkje har bruk for, men som eg likevel "må ha". Ein liten nisse, ei julekule - eller kanskje litt julegodt.

Kjøkkenet har eg i mange år brukt å pynte så og seie ferdig til advent; fordi eg altså finn stemning i å bake med julepynten rundt meg. Stova brukar eg å vente litt lenger med, men tek det gjerne litt gradvis utover i julemånaden. I år vart det annleis. Eg hadde fri i går, og hadde lyst å pynte. Så kvifor skulle eg la det vere då? Eg kosa meg heile fridagen med å putle rundt i stova, mens eg høyrde julesangar. Når ein har flytta inn i ny heim tek det litt tid å finne den "rette plassen" til kvar ting, men eg hadde god tid eg, og kunne berre kose meg :) Det har eg gjort i dag òg forresten. Laga meg ein enkel dekorasjon til spisebordet. Litt mose, konglar, granbar og nokre kuler. Ingenting avansert, men noko eg finn stor glede i å sysle med. Så gjekk eg ein tur på fjellet, og vèl heime tende eg masse stearinlys og laga peparkakedeig. I morgon skal eg kose meg med å bake dei ut. Og er det ikkje det det heile handlar om? Glede og kos? Heile julemånaden har blitt eit mas for dei fleste. Ein skal rekke over meir enn ein maktar, fordi det er så høge forventningar. Vi lar oss påverke av blad og TV som viser perfekte heimar, og som fortel oss alt vi "må" ha og "må" gjere. Ting som strengt tatt tek i frå oss verdiane: Tid med kvarandre. Tid til å gjere ting ein har lyst til, og som ein har glede av. Tid til å nyte julekosen.

Eg kosar meg med å lage enkle dekorasjonar som pyntar opp både ute og inne.


Bakst har det vore dårleg med så langt. Eg har tenkt å bake tjukklefser over helga, og hadde i grunn også tenkt å bake lefsekling i år. Ikkje fordi vi et veldig mykje av det, men fordi eg synest det er ein fin tradisjon å føre vidare. Både mamma og mormor har bakt lefser så lenge eg kan hugse, og eg håpar at jentene mine også ein dag har lyst å lære det av meg. Men akkurat lefseklingen kjem eg nok til å droppe i år.
Sylteflesk skal eg derimot lage. Heimebakt loff med meierismør, sylteflesk og rødbetar er det beste eg kan få til julefrukosten! Og då må det vere heimelaga sylteflesk, og ikkje verken Nordfjord eller Gilde sin variant. Det klarar eg meg godt utan. Julebrød skal eg også få i frysen, og så blir det vel eit par-tre slag med småkaker, alt etter kva eg har lyst til og tid til. Det er ingen grunn til å stresse. Sju slag trur eg aldri eg har laga, og eg ser ingen grunn til å lage det i år heller.

Den nye heimen vår er koseleg pynta no. På ytterdøra heng ein enkel krans eg har laga sjøl, med ein halmring eg tek fram att år etter år og legg på nytt lag av friskt grønt. Det er også slikt som eg verkeleg kosar meg med. Det er så avslappande å gå ut i naturen eller i hagen og finne materiale til å skape noko (gratis er det også!), og endå meir avslappande er det når eg kan rote som eg vil med å klippe opp greiner, ta fram "konglelageret" mitt, leite i øskjene mine etter det eg vil dekorere med, og kanskje lage ei ny sløyfe. Heilt i mi eiga verd. Det er fint, det :)
På kjøkkenet og i stova er det lykter, lysglas og nissar av mange slag, i kombinasjon med furukvistar og vinternakne greiner i potter og vasar (igjen; enkelt og gratis - men fint likevel). Ein amaryllis er i ferd med å sprette, og fleire sviblar sprer ei herleg lukt. For meg er svibel eit "must" i jula, like mykje som pinnekjøt og ribbe.

Det er ruskevêr ute i kveld. Minusgradene og det vesle snødrysset eg stod opp til i dag, er gått over til regn som piskar på rutene. Men det brenn godt i ovnen, og adventsstjerner og stearinlys pyntar opp. Skikkeleg innekos. Så no skal eg slappe av med strikketøyet mitt, og nyte alt det fine eg har rundt meg i heimen min.

Og til alle som aller nådigast har tatt seg tid til å lese dette innlegget mitt: Kos deg og nyt resten av førjulstida! Ingen er tent med at du er sliten når julekvelden kjem, fordi du har brukt dagar og veker på å bake kaker som ingen har lyst på, eller vaska spindelvev som ingen ser i vintermørket.

God jul!