Det begynner å bli ei stund sidan eg registrerte meg på ei
nettside for turglade menneske. Med andre ord ei side for meg og mine
likesinna, om du vil. Der kan ein, alt etter kor mykje energi ein legg i det,
få kontakt med andre som vil gå dei same toppane som ein sjøl, nokon ein kan gå
frå hytte til hytte i lag med, eller avtale ein sykkeltur med. Eller; som eine jenta mi sa: «Mamma, eg
har googla ditta der, og eg fann ut at det e ei dating-side for sånne som deg
som lika å gå i fjellet». Og det er vel ei viss sannheit i det då, for i
likheit med dei fleste andre slike nettverk, så kan sida også nyttast til det.
Under registreringa legg ein inn m.a. alder, kvar i landet
ein bur, og kva slags interesser ein har. Ja, i tillegg til friluftsliv,
naturlegvis. Men det er også eit anna felt som må fyllast ut. Og det er muligens eit felt som har størst
verdi for dei som først og fremst vil nytte sida nettopp til dating. I ein nedtrekksmeny får ein fylgjande val: Slank
– Normal – Veltrent – Noen kilo for mye – Stor. Ikkje eit øyeblikk var eg i
tvil om kva som var den riktige definisjonen på min kropp. Sjøl om eg på siste kroppsanalysen fekk stadfesta at eg
har fått heile 100 gram (Merk deg: HUNDRE gram!) meir muskelmasse etter månadsvis med styrketrening,
så kvalifiserer eg ikkje heilt til å gå under definisjonen «veltrent». Ikkje
nett endå.
![]() |
Etter månadsvis med styrketrening går eg likevel ikkje inn under definisjonen "veltrent". |
Som sagt; det er ei stund sidan eg registrerte meg. Vekta er
vel om lag den same no, som då. Eller… Jah, okey – kanskje er eg eit kilo
tyngre no. Det går litt i surr, egentlig, for underveis har eg lagt på meg tre
kilo, tatt av fire, lagt på meg igjen to - og sånn går nu dagan! Alt etter kor
ofte eg får så innmari lyst til å steike meg vafler etter jobb, kor mange
sjokoladar eg klarar å trykke i meg på tre veker, eller kor ofte eg plutselig
finn ut at NO er det altså på tide å komme inn i eit sunnare spor! Og sjølsagt
er det også avhengig av kor langt det
sporet er. Svært ofte er det berre frå stova og ut på kjøkkenet.
Ein dag eg var innlogga på sida, og såg svart på kvitt at eg
har «Noen kilo for mye», så slo det meg: I forhold til KVA? Eller i forhold til
KVEN? Kven er det eg egentlig skal måle meg med? Kassadama på butikken? Ein
kollega? Vêrdamene på TV2? Når eg opnar postkassen min og finn høstens
Ellos-katalog, så kan eg jo bla litt i den. Eg vil fort sjå at eg har 20 kg
meir på kroppen (som i tillegg er langt dårlegare proporsjonert) enn dei damene
som står og gjer seg til for fotografen. Men treng eg å måle meg mot dei? Set
eg på TV’en og kikkar litt på reklamane, så ser eg det same der. Berre menneske
som kunne valt «Slank» eller «Veltrent» i nedtrekksmenyen. Eg treng ikkje måle
meg mot dei heller. Men eg har likevel ikkje problem med å innrømme at eg
iblant, når eg stig på vekta, tenker at eg kjem no aaaaldri til å bli som vêrdamene på TV2…
Det blir større og større fokus på helse. Og det er BRA! Ein
får ikkje utlevert ein ny kropp om ein vèl å stelle dårleg med den ein har. Vi
har alle eit ansvar for å ta vare på kroppen vår, i forhold til både kosthald og
trening. Ein skal ikkje la det bli ei kvilepute at «vi lever no berre èin gang»,
og bruke det som unnskyldning for å ligge på sofaen - der den einaste treninga
er å strekke handa bort til bordet for å ta ein ny sjokoladebit. Men det må
heller ikkje gå for langt den andre veien. Det må trass alt vere rom for å vere
som ein er, uansett kva definisjon i nedtrekksmenyen som passar! Vi menneske finst
i alle former og fasongar, og det er ingen – absolutt INGEN – som kan seie at
den eine fasongen er meir riktig eller feil i forhold til ein annan. Det er vel
ingenting som er meir riktig enn nettopp det at vi er ulike?
Svært mange av oss har ein lang vei å gå når det gjeld å
godta seg sjøl og den kroppen ein har. Det skin vel gjennom i teksten at også
eg (dessverre) er veldig opptatt av vekt og kropp, og eg kjempar stadig ein
kamp der. Men når det er sagt, så har eg dei siste åra fått eit heilt anna
forhold til kroppen min. Ein mykje større aksept. Og ingen har rett til å seie –
eller meine – at ikkje min kropp er fin nok. Det er eg som er sjefen, nemlig!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar