Iblant er det nødvendig å vere litt impulsiv når det gjeld
fjellturar. Når det blir meldt skyfri himmel både lørdag og søndag, så gjeld
det å ikkje nøle. Då er det håp om å kunne bestige eit nytt mål! Torsdag kveld blir det lagt planar om å gå på Skåla, og lørdag morgon set eg kursen mot Loen,
der eg møter turfølget mitt.
Vi har ein lang tur framfor oss, og startar i roleg tempo.
Stigninga er jamn oppover. Vi møter eit utanlandsk par som eg antek kan vere
rundt 60. Dei fortel at dei starta halv åtte om morgonen, og brukte tre timar
og tre kvarter til toppen. – Jaja, seier eg når vi går vidare. – Då må det vel
vere mulig for oss å komme dit på rundt fire timar.
Det er så smått begynt å høstast i fjellet. Blåbærlyngen har fått ein fin, djup
raudfarge, og ein kan ane eit gult skjer over heia, der sauene beitar på siste
rest av graset. Det durar av fossar og elvar, og vi fyller opp flaskene
våre med friskt fjellvatn for å sløkke tørsten mens vi traskar oppover
på den fine, steinlagde stien. Mange er er ferdige med dagens mål, og kjem i
motsatt retning.

Det går greit opp til rundt 1000 meters høgde. Då blir det merkbart brattare, og siste kneika opp mot Skålavatnet er seig. Eg begynner å bli sliten, og eg veit ikkje om eg kan skulde alt på dårleg dagsform heller. Under ein pause kikkar vi litt nedover stien vi har lagt bak oss, og eg får auge på ein kar som kjem joggande oppover. Ganske sikkert ein av dei som brukar å vere med på motbakkeløpet på Skåla, tenkjer eg. Når han passerer oss spør eg så kjekt om ikkje vi kan få haike til topps. Han ler og fer vidare i eit tempo eg berre kan drøyme om. Men; han har jo ikkje ein 10 kilos sekk på ryggen. Ikkje rart han kan springe opp!
Ved vatnet tek vi ein liten sjokoladepause. No er vi på 1150
meters høgde, og er over tregrensa. Heretter er det ur og Sherpa-trapper. Vi er
så vidt begynt på dei siste 700 høgdemetrane når vi kjem i prat med ein kar som
er på vei ned. – Ja, det blir fullt på toppen i natt. Det blir no i alle fall
minst 40, seier han. Eg kjenner eg blir både overraska og litt umotivert. Vi
har då møtt sikkert 100 menneske, og likevel er det så mange igjen? Eg hadde så klart ikkje forventa at vi skulle få ha
hytta for oss sjøl, men hadde vel håpa på at det ikkje skulle vere stappfullt
heller. Eg har ikkje erfaring med sovesalar og det å sove i lag med mange
andre. Det er noko eg har vore litt ukomfortabel med, utan at eg veit heilt kvifor.
Det kjennest som ein litt «skummel» ting liksom, og eg har bevisst unngått det.
No forstår eg at eg har ikkje noko val.
Men hey! Der kjem han jo ned
igjen, han som for joggande opp for berre ein time sidan?! Jaja; han har jo
fortsatt ikkje sekk då. For oss
som har det, går det jo sjølsagt litt seinare.
Ofte pause. Eg er sliten. Veldig sliten, vil eg påstå, og eg begynner å forstå kvifor ruta er gradert svart… Men utsikta er upåklageleg! Det er eit vakkert syn ned mot fjorden, der eit turistskip glir utover etter eit stopp i Olden. Vi småklyv litt over berg og stein. Kryssar ein flekk med snø her og der.
Eit par er på vei ned igjen, og spør om vi har tenkt å overnatte. – Hyttevakta er heilt fortvila, og veit ikkje korleis han skal finne plass til alle, seier dama, og legg til at også dei hadde tenkt å sove der, men at dei valde å gå ned igjen når det var så fullt. – Det er tomt for dyner og puter, så de får no sove i ein krok i natt, smiler ho, før dei hastar vidare nedover for ikkje å mørkne ute. Det var vel ikkje akkurat det eg hadde lyst å høyre, men vi får ta det som det kjem.
Siste biten består av steintrapper, og på eit stort skilt midt i steinura er det malt: «15-20 min igjen». Eg er usikker på om det gir meg ein siste rest av energi for å nå målet, men det går no oppover i alle fall. Og SÅ kjem dei til syne; Skålatårnet og Skålabu. Endeleg! Eg som var så eplekjekk då vi møtte dei 60-åringane, og trudde vi skulle gå opp på fire timar, kan plusse på 1 ½ time til. Men så hadde jo heller ikkje dei tung sekk då ;)
Det er litt småkaos på Skålabu når vi kjem innom døra. Eg veit nesten ikkje kor eg skal plassere skoa mine. I alle fall ikkje sekken. Men folk trykker seg i hop, og stemninga er det ingenting å seie på! Om det blir litt kø og venting, så får alle ordna seg med mat til slutt.

Sola sig nedover, og det er eit fantastisk fint lys på
toppen. Skålatårnet ser nesten ut som det er bygd av matt gull. I søraust lyser
månen på sitt vis. Folk samlar seg for å oppleve solnedgangen, og kor mange bilde som blir tatt denne
kvelden kan ein vel berre gjette på. Det er så vakkert! Fjellrekkene ligg rundt
oss i ein ring, gradvis meir duse dess lenger vekke dei er, og det er nesten ei
magisk stund å stå der og vente på at den gylne kula skal forsvinne i
horisonten.
Hytteverten har det travelt. Det er rundt 40 sengeplassar
fordelt på tårnet og hytta, men han kan fortelle at no når han har fått full
oversikt, så er vi nitti som skal ha
ein plass å sove! Her får vi altså vere med på å sprenge overnattingsrekorden. Litt kult då :) – Eg skal prøve å finne eitt eller anna de kan ligge på,
seier han, og gjer sitt aller beste for alle. Hadde ikkje han vore der, så hadde det blitt fullstendig kaos. – Det skal vere stille
klokka elleve. For dei som vil ha med seg soloppgangen, så er den ca halv sju,
fortel han, før folk begynner å rigge seg til for natta – der ein måtte finne
ein ledig plass. Det var nok sikkert ikkje tilfeldig at arkitekten av Skålabu
bestemte at det skulle vere ein breid vindaugskarm langs heile veggen. Kan
funke fint som soveplass i ei overfylt hytte, den! Men ekstra madrasser er det
ikkje til alle. Eit par saccosekkar blir trylla fram, to søv utandørs på benken
i gode soveposar, og resten av oss må sove på golvet på teppe og ellers det som
er å oppdrive av kleplagg frå sekkane. Èi ligg på omkledningsrommet, og eit par
søv ute i ei bod. Vi andre trykker oss i hop under borda, hovud mot hovud på
kvar side av ei langsgåande fjøl, og eg gir grei beskjed til han som legg seg oppå bordet, at han får i alle fall la
vere å ramle ned på oss i løpet av natta! Det blir komisk der vi kavar på,
høgt og lågt. Men det blir fort stille, og når månen skin inn i rommet og lagar
trolske skyggar, så tenkjer eg at dette er jo i grunn fantastisk flott! Ho
er heldig, ho som ligg i vindaugskarmen, med panoramautsikt mot eit landskap i måneskin...
Det blir bokstavleg talt ei hard natt. Og søvnlaus. Ikkje
før rundt fem på morgonen sovnar eg ei lita stund, og då drøymer eg fælt om at
kameraet mitt havnar i sjøen, og at alle solnedgangsbilda mine frå kvelden før
går tapt. Mareritt for ein hobbyfotograf! Men når klokka er rundt seks er vi
fleire som er våkne, og som vil få med oss sola som står opp. Eg blir nesten
mållaus når eg reiser meg frå golvet og ser ut glaset. Med ein nydeleg blåfarge
kviler morgonhimmelen ned på dei kvite fjelltoppane. Same kor lite eg har sove,
så er det ikkje vanskeleg å kle seg for å gå ut no. Ut for å nyte! Og i dèt eg
kjem ut ytterdøra og vender blikket mot øst, så kjem det eit impulsivt «oiii»
frå meg. Der flyt grårosa skyer på ei himmelrand av gull…
Det er minusgrader, og steinane glitrar av rim. Eg ruslar
litt østover langs den snødekte ryggen mens eg ventar på sola. Fotograferer
underveis. Så kjem ho over kanten. Forgyller landskapet med sine første, svake
strålar. Akkurat no er det fint å vere heilt åleine. Berre meg og kameraet. Eg
knipsar i massevis, samtidig som eg nyt opplevelsen. Og når eg vender tilbake
til hyttene, så veit eg ikkje heilt kva retning eg skal sjå i. Det er så flott
over alt! Nede i dalane og over fjorden ligg skodda som eit kvitt teppe, og på
himmelen er det pastellar i rosa og blått som går i ein boge heilt rundt, og flyt
i hop med den gylne randa i øst. På 1848 meters høgde har eg fått oppleve både
solnedgang og soloppgang. Det er mektig. Det er stort. Og om det var hardt å komme
seg til topps, så var det veldig godt betalt.
Forresten; det å sove i lag med mange ukjende menneske, det
er faktisk heilt ufarleg, det! :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar