Det er 5.juledag, og eg har forflytta meg frå Sogn og
Fjordane til Hedmark i løpet av dagen. I fleire månader har eg sett fram til
hovudmålet med turen; nyttårsfeiring i Femundsmarka. Men sidan det er dårleg
med både buss- og togforbindelsar i romjula, så kan eg ikkje velge og vrake i
reisedagar, og dermed blir det tid til eit stopp i Rondane først, der eg skal
få eit gjensyn med DNT-hytta i Bjørnhollia.
I dèt skumringa kjem sigande, spenner vi på oss skia like
nedanfor Gammelgarden. Eg tek hovudlykta på meg, men endå er det såpass lyst at
eg treng ikkje slå ho på. Dessverre er det ingen andre som har gått den same
veien den siste tida, og det betyr at vi må brøyte oss løype i den djupe laussnøen;
åtte kilometer inn til hytta... Men skydekket sprikk meir og meir opp, det er
nesten fullmåne, og små og store snøkledde furutre gir nydeleg julestemning, så
alt ligg til rette for ein fin tur likevel. Men det er unekteleg tungt å gå, og
vi må byte litt på å gå først og brøyte vei.
![]() |
Skydekket sprikk opp, og det blir flott måneskin å gå i! |
Når vi kjem ut av skogen opnar landskapet seg, og det er heilt magisk å gå der med månen som einaste lyskjelde. Lyktene har vi rett og slett ikkje bruk for! Eg er midt inne i maleriet til Harald Sohlberg; «Vinternatt i Rondane». Dei kvite, mektige fjella lyser i måneskinet, stjernene funklar over oss, og snøen glitrar. Eg må stoppe opp fleire gangar og berre nyte. – Tenk om eg hadde hatt med meg kamerastativet. Då kunne eg tatt nattfoto, seier eg drøymande. – Da hadd’ vi aldri kømmi fram, kjem det frå Tynsetingen. Vel, han har jo eit poeng. Det hadde nok blitt mange ekstra pausar då, ja…. Eg må nok berre lagre det eg ser på min eigen «harddisk».
Turen blir lenger og tyngre enn eg er innstilt på, og eg
blir etter kvart både motlaus og lei. Hadde eg vore ti år, så hadde eg sutra
skikkelig no! Men sjøl om det er slitsamt, så er det likevel ein fantastisk
opplevelse å gå kilometer etter kilometer i måneskin, og det er jo nesten
utruleg å kunne gå på rundt 900 meters høgde i vindstille vêr. Etter vèl fire
timar er vi framme i Bjørnhollia, og det er kos å fyre opp i ovnane og få i seg
litt varm mat. Men vi er slitne, så vi finn fort køyene og går til ro.
Neste morgon er det klart vêr, og det er eit nydeleg lys når
det gryr av dag. Eg saknar fortsatt kamerastativet, men eg finn ei løysing. Ein
pinnestol blir sett ut i snøen, og eit par plastbøtter blir stabla oppå der
igjen. Det blir i alle fall såpass greit at eg kan få tatt eit stemningsbilde
av hytta med lang lukkartid J
![]() |
Ved hjelp av ein pinnestol og eit par bøtter, ordnar eg meg "kamerastativ" slik at eg kan ta eit stemningsbilde av hytta :) |
Når vi legg i vei oppover lia er det langt kaldare enn då vi kom kvelden før, men eg er godt kledd, så eg frys ikkje. Det er heilt ubeskriveleg å komme opp på det høgste punktet og sjå det vakre fargespelet som stadig endrar seg framfor oss, etter kvart som vi glir tilbake i spora frå gårsdagen. Snakk om panoramautsikt! Framom den kvite vidda ligg eit mørkt belte av skog, som glir over i snøkledde toppar. I det flotte morgonlyset er nokre av toppane pastellrosa, mens andre er blåaktige, og himmelen kviler nedpå med ein varm, gulrosa farge. Pastellane blir gradvis svakare, inntil dei første solstrålane legg seg som eit lunt teppe over den eine toppen etter den andre. Dagslyset får meir og meir tak, og når vi ei stund seinare kjem ned frå vidda og inn i skogen, er det ikkje lenger lune fargar som rår over landskapet, men klarblå himmel, kvite fjell og snøkledd skog. Eg er ikkje ein del av «Vinternatt i Rondane» lenger. No er eg midt inne i eit julekort.
![]() |
Det er ubeskriveleg vakkert å få oppleve det fantastiske fargespelet på morgonkvisten! |
Det siste stykket ned mot bilen bit kulden godt i kjakane,
og det viser seg å vere heile 27 minusgrader der nede ved elva! No gjeld det å
få god varme i bilen før vi reiser mot neste mål: Svukuriset i Femundsmarka.
Det er mørkt når vi kjem til Elgå, der turen inn til
turisthytta startar. Vi leverer sekkane våre på hotellet, der dei blir henta
med bil. Godt å sleppe den børa! Det
blir endå ein flott skitur i nydeleg måneskin, ei dryg mil inn til Svukuriset.
I tillegg til turisthytta er det fastbuande der, så det er bilvei heilt inn. Men det er bomvei, og den er ikkje open for vanleg biltrafikk, så dermed blir det ei perfekt skiløype innover! Trea kastar trolske
skyggar i måneskinet, og det «syng» i stavane kvar gang dei treffer bakken. Vi
går ganske tause innover, og høyrer berre lyden av ski og stavar. Men sjøl utan
sekk er det langt med ei mil på ski når ein har gått ei lita mil før på dagen,
og den siste biten blir seig. Det er motbakke, om enn ikkje så fryktelig bratt,
men når ein gang på gang rundar ein ny sving, og når toppen av ein ny bakke
utan å sjå det lyset ein håpar skal vere der, så blir det litt tungt. Men så…! Eg høyrer bjeffing, så no er vi
ikkje langt unna! Og ved neste bakketopp kan vi sjå lysa frå spisesalen.
![]() |
Julestemning i tunet på Svukuriset... |
Det er som eit eventyr å komme inn i tunet mellom
hovudhuset, låven og stabburet. Ei lita furu er pynta med lys, og skaper
julestemning der ho står i snøen. Framfor inngangen er det måka ei stripe som
er akkurat breid nok til at den bondeblå døra kan opnast. Ellers ligg snøen eit
godt stykke oppover den raudmalte kledningen. Det lyser lunt frå dei rutete
vindauga, og langs veggen står det mange par
ski og stavar. Eg må berre stå ei stund og «ta inn» stemningen, og alt i hop gir meg ein
ekte gladfølelse! Plutseleg har eg gløymt at det var langt å gå ei mil på ski…
Det er 19 minusgrader, så eg raud og kald i kjakane når eg set meg til bordet i spisesalen. Treretters middag smakar himmelsk akkurat no.
Det er 19 minusgrader, så eg raud og kald i kjakane når eg set meg til bordet i spisesalen. Treretters middag smakar himmelsk akkurat no.
Den siste dagen i året gryr med klart vêr og stjernehimmel. Eg
kosar meg med å fotografere litt rundt på garden i bitande kulde, før eg kler
meg for skitur med Maia og Ronny. Eg er kommen på rette plassen, eg som er pyse
i bratte nedoverbakkar, for her er det slakt og fint terreng! På herleg silkeføre
glir vi innover mot Revlingen, men vi må stadig stoppe opp og berre sjå rundt
oss. Det har skya over, og i nesten alle retningar skaper skyene og lyset
nydelege, intense blåfargar i mange nyansar på både fjell og himmel, og fargane
er med oss under heile turen. Utrulig vakkert!
Når mørket sig på igjen, samlar folk seg i den vesle stova
på loftet etter kvart som dei kjem i hus etter skitur. Det er trangt, men
veldig koseleg! Det er kortstokk og Monopol, strikketøy, gitarspel, prat og
latter. Ni unge frå Tsjekkia er komne til garden i løpet av ettermiddagen, og
det er kjekt å kunne markere overgangen til det nye året i lag med folk frå
andre nasjonar. Dessutan er det noko særeige med det å samlast slik i lag med
andre som er glad i fjell, frisk luft og naturopplevelsar.
Så blir det buffet, der lokale råvarer som fisk og reinsdyr
i ulike variantar fyller dei fleste fata. Blåbæra til desserten har vertskapet,
Leela og Cato, plukka på Svukuriset. Kortreist mat, altså. Det er lun og fin
stemning innomhus, men ute er det sur vind og lett snødrev, og vi må kle oss
godt til fakkeltoget. Faktisk er det vanskeleg å få fyr i faklane på grunn av
vinden, men fakkeltog blir det! Vi går eit stykke nedover veien, før vi bevegar
oss inn i skogen. Og tenk; dei har til og med laga små snølykter som står som glødande vardar innover langs stien! Så
nydeleg! Her tek ikkje vinden, og det er flott å gå mellom furutrea med fakkel
i handa. Cato har tent opp bålet før vi kjem, og vi kan sette oss på
reinsdyrskinn på bakken. Igjen får eg denne følelsen av å vere i eit eventyr…
Det er heilt spesielt. Folk pratar og kosar seg rundt elden, mens klokka tikkar
mot midnatt. – Nei, nå må vi sprette flaskene. Det er bare fem minutter igjen,
seier Leela, og tek fram champagneflasker frå sekken. Plastglas og turkoppar av
ymse slag blir fylt opp, og når klokka slår tolv skålar vi og ynskjer kvarandre
godt nyttår. Det er berre så utruleg godt å vere langt, langt vekke frå
fyrverkeri, smell og brak. Eg har aldri vore glad i fyrverkeri, så å få sitte
på eit reinsdyrskinn rundt eit bål i Femundsmarka og berre sjå inn i dei
knitrande flammane, det gir virkelig rom for ettertanke når ein går over i eit
nytt år. Det er ein opplevelse eg aldri vil gløyme.
![]() |
Rom for ettertanke den siste dagen i året.... |
Men dei varer ikkje evig, dei gode opplevelsane heller.
1.nyttårsdag er det heimreise, og vi pakkar oss ut av det vesle sommarhuset vi
har budd i på nabogarden. Eg betalar og takkar for meg, og forlèt eventyrland.
Eg haikar med Maia sørover igjen, og ser stort sett berre skog på begge sider
av veien – mil etter mil. Eg skjønnar at eg er litt for godt vant med den
varierte naturen på Vestlandet.
Så blir det ein tur med toget, før Widerøe tek meg heim til Sunnfjord. Kvardagen ventar….
Så blir det ein tur med toget, før Widerøe tek meg heim til Sunnfjord. Kvardagen ventar….
Takk til Maia og Ronny for triveleg turfølge J
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar