Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

Utsikt frå Skårasalen i Sunnmørsalpane

lørdag 12. oktober 2013

I skattekista

Vi vestlendingar hadde vel lov å klage litt på sommarvêret dette året. Men ser vi året under eitt så langt, så må vi vel kanskje gå i oss sjøl litt, og faktisk nikke litt på hovudet og vedgå at; jaudå - det har ikkje vore så verst. For det første hadde vi ein uvanleg flott vinter, "mot normalt" som Leif Juster sa, med fantastiske skiforhold og sol - nesten samanhengande frå midten av januar til over påske. Slikt har vi veldig lett for å gløyme når sommaren kjem med regn og laber temperatur... I tillegg har vi hatt ein praktfull høst hittil! Eg har ikkje fulgt med på statistikkane, men i september har det vel vore relativt nedbørsfattig vil eg tru. I alle fall hadde vi ein lang godvêrsperiode der eg nesten hadde dårleg samvittigheit om eg ikkje kom meg opp på fjellet dagleg. Vi blir vel ekstra gode på å nyte godvêret når vi først har det, her på Vestlandet. Og etter nokre få dagar med regn no, så vart det atter klårt vêr og sol i gyllent høstlauv. Fantastisk!

Høst ved Litlelivatnet
Heggebøstølen

I dag hadde eg gjort avtale med to kjekke damer om å gå på fjellet. Har nyleg fått vite kvar stien til Heggebøstølen går, og er det noko som er ekstra kjekt med å gå i skog og mark, så er det nettopp det å utforske nye stiar. Turen starta med å gå den "vèltrakka" stien opp til Sauesnyken, før vi rusla innover mot Litlelivatnet. Turfylgjet mitt hadde ikkje vore der før, og det var kjekt å kunne vise dei den vakre perla. Etter eit lite stopp runda vi vatnet, og kikka litt etter stien til Heggebøstølen. Den skulle gå opp på ei lita fjellhylle, var eg blitt fortalt. Dei to andre stola på meg som veivisar, så eg fekk æra av å gå først, og prøvde meg oppover i fjellsida på ein relativt synleg sti. Det vart bom. Vi fann fort ut at der kunne vi ganske enkelt ikkje komme oss opp. I alle fall ikkje utan klatretau og utstyr for vidarekomne, og det hadde eg dessverre ikkje tatt med meg i sekken akkurat denne dagen. Men det var ikkje nødvendig å leite så veldig lenge før vi kom inn på rett spor, og det bar fort opp i lia på tydeleg sti. Det var koseleg å gå i høstlauv som rasla under skoa. Praten gjekk, oktobersola varma faktisk utruleg deilig, og utsikta var praktfull!
Krakelivatnet låg djupblått under klår høsthimmel. Sognefjorden like eins.

Vi rusla innover, og var spente på kvar og når stølshuset ville dukke opp. Det bar over ein liten haug, men nei - ingen støl å sjå der heller. Men vi gjekk ikkje så veldig mykje lenger før vi såg i taket på det raudmåla vesle huset. Der sette vi oss inntil eine veggen, i ly for vinden, og trylla fram det meste frå sekkane våre. Kaffi, sjokolade, kjeks, frukt og brødmat. Alt smakar ekstra godt ute i naturen, etter å ha traska ei stund! Etter ein god pause bar det tilbake same vegen, for å gå vidare ned i Krakelia. Under oss låg Krakelivatnet, djupblått under klår høsthimmel, og ytterst låg Sognefjorden like blå. I lia ned mot vatnet stod lauvtrea gylne, og lyng og tuer rundt oss var også kledde i lune fargar. Vakkert! Det kjennest nesten litt merkeleg å ikkje ha opplevd ein sånn flott plass før no, så nær som han ligg. Endå ein skatt i kista. For èin ting er i alle fall sikkert, uansett kva vêr vi har: Vakre skattar har vi rundt oss i massevis!

1 kommentar:

  1. Harrah's Cherokee Casino - Mapyro
    Harrah's Cherokee Casino - 여주 출장샵 Find Harrah's Cherokee Casino, located in Murphy 여주 출장샵 on Mapyro. The 안산 출장샵 casino 화성 출장샵 is located in 김천 출장마사지 the marina of Murphy, North Carolina.

    SvarSlett