Etter ein fantastisk tur til Fanaråken for tre år sidan, har
eg hatt lyst å oppleve meir av Jotunheimen. Området ved Leirvassbu fjellstove
har lokka meg veldig, og eg har i månadsvis planlagt å reise dit denne sommaren.
Det ordna seg med turfølge òg. Flotte opplevelsar blir som kjent endå betre når
ein kan dele dei med andre. Men på kort varsel blir ting endra, og eg står utan
turkamerat. Når eg fortel mamma at eg har tenkt å reise åleine, så kjem det som
forventa frå henne: «ÅLEINE?? Du kan no ikkje gå åleine?!». Mamma er den
beste
katastrofetenkaren eg kjenner. Men for meg er det uaktuelt å sitte heime det
meste av ferien, berre fordi eg manglar nokon å gå i fjellet med. Livet skal
levast, så eg reiser som planlagt. Og om det siste eg gjer er å ramle utfor ein
skrent, så kan det vel ikkje vere ein betre plass å ende sine dagar på enn
nettopp i fjellet, der eg trivst så godt.
 |
Området rundt Leirvassbu fjellstove har lokka meg lenge.
|
Over Sognefjellet ligg skodda tett. Men innover Leirdalen ser det lettare ut, og fjella ruvar
høge framfor meg. Eg køyrer gjennom eit nydeleg stykke Norge, der elva Leira svingar seg nedover dalen, med eit belte av rullesteinar på kvar
side. Undervegs munnar ho ut i eit fossefall her og der. Mellom mørkegrøn
dvergbjørk og grågrøn lappvier, går kyr og sauer på leiting etter saftig gras. Det
er langt innover, og akkurat i det eg tenker at eg snart må vere framme, kjem
fjellstova til syne. Fjelltoppane er det derimot ikkje så lett å sjå lenger. Skodda ligg heilt ned til Leirvatnet…
 |
Mange par sko var det første som møtte meg :)
|
Det første som møter meg når eg skyv opp den rosemalte døra inn til resepsjonen, er mange par fjellsko og joggesko langs veggen. For meg som er førstegangsturist på ei fjellstove, så blir eg litt overraska. Men det er eit syn som gjer meg glad, og som får meg til å smile. Eg får assosiasjonar til då ungane var små og hadde barneselskap, og gangen var full av sko. Men bevares for ein grei praksis å ta av seg skitne fjellsko rett innanfor døra! Eg får nøkkel til rom 218, som til liks med alle dei andre romma har fått namn etter ein topp i området. Som sagt; eg er førstegangsturist på ein slik stad, så eg veit ikkje heilt kva eg kan forvente når eg går inn i rommet. Standarden er enkel.
Veldig enkel. Men når det er sagt, så hadde eg faktisk rekna med ei trasig skumgummimadrass å ligge på. Eg blir difor positivt overraska over ei god rammemadrass. Eg må smile igjen når eg ser at det i dusjen er èin krane for kaldt vatn, og èin for varmt. Men med god seng og varmt vatn, så har eg alt eg treng
J
 |
Alle romma hadde namn etter ein topp i området
|
Søndag står eg opp til opphaldsvêr med blå himmel her og der, men dei tunge skyene er i fleirtal, og skodda ligg og
truar litt på toppane. Eg skal opp på Kyrkja, 2032
moh, som er eit populært mål på Leirvassbu. Populært er det også denne dagen,
så sjøl om eg går åleine har eg folk rundt meg i fjellet.
Det blir etter kvart
surt og kaldt, og eg er glad eg har tatt på meg den lette boblejakka mi. Hanskane må opp av lomma, og hetta må på. I det eg skal begynne på den bratte ryggen
mot toppen, kjem skodda for fullt. No ser eg ikkje lenger ned att til
fjellstova, men det er likevel ikkje så tett at det er vanskeleg sikt å gå i.
Og sidan det er fleire enn meg «i løypa», så vèl eg å halde fram mot målet. Eg
tek meg oppover i ura, stein for stein. Venstre kne masar stadig om at det blir
Ibux til kvelden og natta, men eg gidd ikkje å høyre på det nett no. Ei lett
snøbyge kjem inn mot toppen, og bittesmå snøfnugg piskar meg i fjeset. Det
siste stykket opp må ein klyve litt. Det er jammen godt at ikkje katastrofetenkaren veit kva eg heldt på med i skodda!
 |
Fjellfie er obligatorisk, sjøl i skodda!
|
Det er overraskande lite vind på toppen, så i mitt eige
selskap et eg nista mi der (sjøl om det dessverre ikkje er utsikt å nyte
samtidig), før eg returnerer. Eg er alltid forsiktig når eg går i fjellet, og
når ein går åleine er det ekstra god grunn til det. Endå større grunn til
forsiktigheit er det når ein går i ur. Der må ein tenke litt over kvar ein set
skoa. Det blir litt som å køyre bil; eit lite uoppmerksamt øyeblikk, og du kan
vere ille ute. Ein stein som vippar litt, kan vere nok. Så eg brukar like lang
tid ned som opp.
Dei våte plagga mine får seg ein tur innom snora på
tørkerommet; også ei ny erfaring for ein førstegangs fjellstoveturist. Rommet
har ein ganske karakteristisk odør som eg ikkje ynskjer å beskrive nærare, men
det er heilt OK å få stadfesta at det ikkje er berre mine fjellsko som er sure J
Etter ein god dusj er det middag i spisesalen. Folk kjem i joggesko og
slippers, ulltrøyer og Fjällräven-bukser. Det er så befriande uhøgtideleg. Og
sjøl om ingen fekk oppleve storslått utsikt frå toppane i dag, så er det berre
smilande fjes rundt borda. Tur er tur. Fjellfolk er herlige! Og kokken har
absolutt gjort seg flid med maten. Etter fleire timar i fjellet er det fantastisk
å bli servert eit treretters måltid som virkelig tilfredsstiller smaksløkane!
Yr.no har drista seg til å legge ut ei kvit godvêrssky og
sol for mandagen, og ein kvar fjellvandrar klamrar seg jo til håpet om at dei
ikkje kan melde feil kvar gang. Frå klokka
12 og utover skal det bli bra. «God tur», seier den unge jenta i resepsjonen
når eg har skrive meg inn i sikkerheitsboka og tek sekken på ryggen. I området
rundt Leirvassbu er det ikkje mobildekning, og det er difor ei tryggheit å
skrive i boka kvar ein går. Mobilen er med i lomma berre for å ta obligatoriske
«fjellfies» og viktig dokumentasjon på kvar ein har vore, som naturlegvis må
publiserast på Facebook eller Instagram etter endt tur. Dagens mål er Stetinden,
2020 moh. Eg veit at det er ein del snø å gå i på denne turen, men eg ser ikkje
så mørkt på det. I motsetning til dagen før, så møter eg ikkje eit menneske.
Mellom snøflekkane er det fint terreng å gå i eit langt stykke, før det etter
kvart blir meir ur. Men plutseleg ser eg ikkje ein einaste varde lenger. Ikkje
ein raud T. Eg tek fram kartet, og kjem fram til at eg sikkert har gått for
langt vestover. Skulle ha svinga mot nord for lengst. Men eg kjem meg på rett
kurs, og oppover går det! Og sola? Ho vinn stadig oftare over skylaget!
Det er eit mektig syn som møter meg når eg kjem opp på
fortoppen. På vestsida er det ein nesten loddrett fjellvegg bort mot Stetinden, og det
er mange hundre meter rett ned. Dette er altså det såkalla «luftige partiet»
som er omtalt i turbeskrivelsen, men som ifølge jenta i resepsjonen ikkje er så
ille som det ser ut til. Eg tenker no mitt om det, der eg står ca ein meter frå
stupet og fotograferer den rå naturen eg har rundt meg, mens eg liksom høyrer
mamma si småhysteriske stemme: «Ikkje gå så langt ut på kanten!». Eg ser to
skikkelsar som er på vei ned ura frå toppen, og det er sjølsagt fristande å
fullføre som planlagt når eg er så nær målet. Men i det vinden tek eit godt tak
i meg blir avgjersla tatt. Det kjennest som galskap å skulle gå over bandet og
opp ura (og ikkje minst ned att) – heilt åleine. Eg snur. Og det er ikkje eit
nederlag i det heile tatt.
 |
Det er heilt rått å komme opp til fortoppen og sjå den ville naturen rundt meg. T.v. ligg Storebjørn, 2222 moh.
|
 |
Det luftige bandet mellom fortoppen og Stetinden fristar ikkje åleine. Eg nøyer meg med å snu på 1985 moh :)
|
 |
Utsikt mot søraust.
|
Eg tek ein litt annan vei ned att. Ser det har gått folk før
meg i snøen, så eg går i deira spor. Her er terrenget oversiktleg heilt ned, og
byr ikkje på overraskingar, så det er berre å skli på skoa nedover. Det slår
meg at det var nok her eg skulle gått opp, i staden for å følge merka vestover.
Kvar det var meininga at dei skulle ende, anar eg ikkje. Hadde eg studert
kartet meir nøye, og i tillegg hatt ein turkamerat å diskutere og peike med, så
hadde eg nok unngått omveien. Men pytt; tur er tur!
Snø går over til berr mark. Eg bestemmer meg for å gå eit
stykke inn i Gravdalen før eg går tilbake til Leirvassbu, og set kursen beint
ned mot grusveien. Ein fugl som eg antek må vere Steinskvett, flyg stressa
rundt meg. Han heng litt stille i lufta iblant, mens han kvitrar voldsomt, og
er tydeleg interessert i å bli kvitt meg.
 |
Eg legg meg langflat i lav og lyng for å fotografere alt det vakre rundt meg.
|
Eg ruslar over bergnabbar og lyng.
Kryssar klukkande bekkar og små elvar. Motiva står i kø, og eg legg meg fleire
gangar langflat i det mjuke, gule lavet for å fotografere. Aldri før har eg
sett så gult lav! Både kjende og ukjende blomster blir festa til minnebrikka,
der dei står små og beskjedne omringa av mektige fjell. Det er berre så utruleg
vakkert. Og det er ingenting som gir meg meir ro enn å rusle i sånt terreng med
kameraet i hendene. Eg kosar meg. Ingenting hastar. Eg nyt naturen, og akkurat
no er det faktisk berre herleg å vere heilt åleine.
 |
Vakkert i Gravdalen! Kyrkja til venstre i bildet.
|
Når eg er tilbake på fjellstova har eg vore på tur i sju
timar. Dagen kunne ikkje ha vore betre! No ventar ein god middag og litt
avslapping i peisestova, før det er på tide å legge seg for siste natta. Men
det viktigaste først: Eg stoppar i resepsjonen, der det er god wi-fi-dekning.
Ein tekst-snap må over fjella og heim til katastrofetenkaren. Eg kom meg jo ned
att i live - denne gangen òg
J