Når sola er ivrig og
gradestokken stadig går seg heit, kan det vel knapt finnast noko finare enn å
komme seg opp på ein sval topp i Jotunheimen med eineståande utsikt. Fjelltrim er flott både for opplevinga og mosjonen sin del.
Her i Hyllestad har vi plenty av fine toppar å gå på, men av og
til er det kjekt å krysse kommune- eller fylkesgrenser for å bestige ein ny
topp. Eg blir stadig meir bevisst på å leve mens
eg kan, og har bestemt meg for at eg om 20 år ikkje skal angre på alt eg ikkje
gjorde mens eg endå var relativt ung, og mens eg endå «hadde helsa». Det eg har
lyst til skal eg gjere no! Etter å ha sett flotte foto frå Fanaråken, har eg lenge
hatt lyst til å ta turen opp på den toppen. Det vart difor målet for
sommarferien min i år.
Saman med Anita og hennar 12 år gamle son, Andreas, startar
vi frå Turtagrø i nitida om morgonen ein nydeleg julidag. Ein lang tur krev
mykje påfyll av både fast og flytande føde, og når målet er over 2000 m.o.h. må
ein også ha med seg litt varmt tøy. Men det gjer ingenting at sekken veg ligg
på ryggen når naturen rundt ein badar i morgonsol, og innbyr til ugløymelege
opplevingar. På lett sti som etter kvart går over til grusveg, ruslar vi langt
innover dalen, der sauer og kyr beitar på saftig fjellgras. Før vi tek av på
stien som går opp i fjellet, tek vi ein kort pause. I fjellsida litt bortanfor
oss durar ein foss med stor vassføring, der vatnet driv med vinden og blir til
eit slør framom fossen. Den sildrande lyden frå den vesle elva der vi har sett
oss ned, får kraftig konkurranse frå fosseduren.
Så bevegar vi oss meir opp i fjellet. Det er tørt og fint i
stien. Heldigvis er vi høgt over havet. Nede i låglandet er det trykkande varmt,
men her oppe i fjellet er det frisk vind som gir ein perfekt temperatur for
fjellvandrarar. Og dei er det mange av. Dei som har overnatta på Fanaråkhytta,
og som kanskje har fått med seg ein nydeleg soloppgang over Jotunheimen, er på
veg ned att, mens andre er på veg oppover i lag med oss. Og det er alle aldrar.
Frå små ungar til folk godt oppi åra, så her er det fleire generasjonar på tur.
Heile vegen er det nymåla, raude T’ar som leier oss oppover på tydeleg sti, og
fleire stader er det laga trapper der elles hadde vore vanskeleg å ta seg fram
i det relativt bratte terrenget. Den Norske Turistforening har gjort ein god
jobb!

Over oss er det berre nokre lette skyer, så vi kunne vel knapt ha vore meir heldige med vêret. Og med godt vêr blir også utsikta deretter. Eg ville ikkje ha bytt mot noko anna nett no. Det er eit praktfullt skue i alle himmelretningar. I aust er det spisse tindar og bratte fjellsider så langt ein kan sjå. Mektig og spektakulært! I nordleg retning har fjellrekkene mjukare og litt kjedelegare former, men med fleire vatn mellom seg er det likevel flott, norsk natur. Under toppen, ein god del høgdemeter lenger ned, ligg Fanaråkbreen. Der går ein gjeng på rekke og rad i line etter breførar. Dei har nok gått ruta frå Sognefjellshytta, og har same målet som oss. Vi «byter» kamera med eit ektepar frå Stryn, og tek dei obligatoriske skrytebileta av kvarandre. Så går vi inn i hytta for å få oss ein matbit. Hytta er betent av nokre hyggelege DNT-medlemmar som brukar delar av sommarferien sin på fjellglade folk som kjem til topps. Dei dekkar på til oss, og litt seinare blir ei panne med sodd sett på bordet. Til dessert kjøper vi nybakte skillingsbollar. Prisane er stive, men slik blir det gjerne på eit «høgfjellshotell» også av enkel karakter. Mat og råvarer kan ikkje køyrast til døra med rutebil, men må faktisk fraktast med helikopter.
Praten går rundt borda i den vesle stova. På veggen heng eit
par gamle treski, og fleire bokhyller er fylte med lesestoff til dei som vil
tilbringe kvelden og sommarnatta på fjellet. Men det skal ikkje vi. Så etter
ein god pause takkar vi for oss og legg i veg ned att gjennom stein og ur. Eg
stoppar for å ta nokre fleire foto. Det går liksom ikkje an å sjå seg mett på
utsikta. Det er rett og slett fantastisk! Temperaturen stig merkbart etter
kvart som vi kjem lenger og lenger ned, og dei ekstra plagga vi måtte kle på
oss på toppen, kjem fort av igjen. Vi møter ein del folk som er på veg oppover
sjølv om det lir langt på dag. Kanskje skal dei overnatte? Ein gjeng ungdommar
tek oss att på veg nedover, og fer forbi i langt høgre tempo enn det vi har.
Dette er nok gjengen som kom over breen då vi stod på toppen. Så er vi nede att
i dalen blant dei beitande dyra. Bak oss ligg Fanaråken. Eg har nådd målet mitt
for denne gang, og har fått eit fantastisk minne å ta med meg vidare. No er det
berre å planlegge neste mål.